Eit satirisk spark til dei som kjenner seg råka

Kringkastingsrådet hevdar i ei fersk fråsegn at NRK sine satireprogram hev ei vinstrevriden slagsida. Dei bed ikkje NRK um å slutta med vinstreorientert satire, men for jamvekti si skuld so uppmodar dei rikskringkastaren um å byggja upp tilsvarande satiremiljø med ståstad på høgresida. Skal me endelegt få uppliva litt «høgreorientert» humor no?

Ikkje uventa protesterar redaksjonen i Radikal Portal (RP på Facebook, 26. november 2015 – skribentane deira er forresten ikkje er serskilt godt kjende for sjølvironi eller retorisk styng). “God satire sparker oppover”, protesterar dei, og impliserar soleides at høgreorientert satire berre kann sparka nedetter.

Narr oss ikkje til å le, hadde me so nær sagt: Den radikale vinstresida hev sidan 60- og 70-talet gjort ein “marsj gjenom institusjonane” som hev ført dei inn i topp stillingar både innanfor media, næringsliv og utdaningsinstitusjonar. Dei er komne inn i posisjonar som me andre berre kann drøyma um. Um Sigurd Allern, Paul Bjerke, Hilde Haugsgjerd og andre gamle AKP’arar som hev klatra til topps skal driva med humor på kostnad av andre, so er det soleides ikkje so mange andre stader å sparka enn nett nedetter! Men treng det um å vera slik for oss andre?

I feministisk transgender-tankegang, til dømes, so finn ein mykje mat for god satire.

«I feministisk transgender-tankegang, til dømes, so finn ein mykje mat for god satire.»

Og kven hev sagt at god humor alltid må vera på kostnad av andre menneske eller andre gruppor i samfundet? Det kann vel snarare vera humor på kostnad av ein stødt meir inkonsistent vinstreliberal ideologi – ein ideologi som hev flutt seg lengre og lengre burt frå det marxistiske og materialistiske utgangspunktet sitt. I feministisk transgender-tankegang, til dømes, so finn ein mykje mat for god satire. Kor låttvekkjande er til dømes ikkje tanken på at kjønn er ein sosial konstruksjon – og samstundes er ein fødd homse?

Målmannen er fyrst og fremst kjend for saklege og poengterte nålestikk som gjeng rett i hjarta på alle politisk korrekte, anten dei skulde vera dvaske marknadsliberalarar eller sosialdemokratar som hev teke for mykje av Møllersens tran. Soleides er satire heilt klårt eit felt som me framleis hev til gode å byggja upp kompetanse på. Me vonar difor at lesarane ber yver med at me i fyrste umgang ikkje kann svara med so mykje anna enn rå sarkasme andsynes hårsåre vinstreliberale som er vortne redde for å verta til lått og løgje. Men me vonar å koma attende med fleire friske spark i framtidi. Anten dei skulde koma ovanfrå eller nedanfrå, so vonar me i alle fall at dei kjem til å råka ein stad der det kjennest!

O. Torheim