François Duprat – ein tjodlynd tenkjar

Den marxistiske teoretikaren Friedrich Engels poengterte i si tid at «filosofane hev til dessar einast freista forstå verdi, no gjeld det um å endra henne». Kor som er, teorien til Karl Marx var ufullstendig og fyrst og fremst eit analyseverkty til å forstå samfundet, vilde nok dei fleste ha sagt i dag. «Utan ein revolusjonær teori finst det ingi revolusjon rørsla», hevda Lenin. Han komplementerte marxismen med di han utvikla sin eigen teori for korleis marxistane skulde koma til makti og verta i stand til å halda på henne. Vegen gjekk um eit kaderparti for ein velskula elite, med aktivitetsplikt og streng disiplin. Kva so med nasjonalismen? Nasjonalismen hev frå gamalt av vorte rekna som eit konservativt prosjekt, men i dag er det lite att å konservera og snart alt å byggja upp att. Å setja eit nasjonalt program på dagsetelen i vår tid er helder ikkje so reint lite revolusjonært. Men finst det nokon tilsvarande revolusjonær teori på den “andre sida”?

Francois Duprat var ein mann som freista teoretisera det han kalla for ein revolusjonær nasjonalisme. Han var ein av dei leidande i Ordre Nouveau tidlegt på 70-talet og vart seinare ein sentral ideolog innanfor Front National under Jean Marie Le Pen. Han var framleis ein ung og talentfull mann då han i 1978 vart drepen av ei bilbomba. Kven som stod attum vart aldri uppklåra.

Det tjodlynde franske tidskriftet Synthese Nationale kom nylegt med ein ny skriftserie, “Les cahiers d’histoire du nationalisme”. Den andre utgjevingi i denne serien er tileigna Francois Duprat. Det inneheld både Duprat sitt nasjonalrevolusjonære manifest og ei rad andre grunnleggjande idelogiske tekster. Det er soleides eit godt høve til å verta kjend med Duprat og ideane hans.

François Duprat vart drepen i eit bilbombeattentat, berre 37 år gamal.

François Duprat vart drepen i eit bilbombeattentat, berre 37 år gamal.

Det gjeld å byggja bastionar

Nasjonalistane freistar samla nasjonen, det er ein ideologi for heile folket. Likevel er det uråd å koma til makti utan at ein faktisk hev støttepunkt, både sosiologisk og geografisk. Duprat slo fast at ein lyt finna gruppor i samfundet som ein retter seg serskilt inn mot – og stader i landet der ein kann byggja seg ein bastion.

Det er vandslegt å finna gruppor i samfundet i dag som er positive til den europeiske nasjonalismen, og å freista etablera seg i eit fiendslegt kringvære er vandslegt. Det ein lyt freista på er å finna gruppor som er nøytrale til saki, og påverka desse. Sjølvstendig næringsdrivande handverkarar og kjøpmenner er ei sovori gruppa, meinte Duprat.

Parti og rørsla

Duprat gjorde eit skilje millom massepartiet og rørsla. Rørsla skal vera for eliten, medan partiet skal vera for massane. Helder ikkje dette er so reint ulikt taktikken åt kommunistane som heldt seg med ei kaderrørsla for seg sjølve medan dei samstundes etablerte frontorganisasjonar som kunde samla breidare kring einskildsaker. Jamfør sjølve namnet «Front National».

Teori og praksis

Duprat tok fyre seg vekselverknaden millom politisk aktivisme og politisk skulering – ein treng båe, for det heng i hop, meinte han.

Det er berre nokre fåe som er interesserte i politisk teori, det store fleirtalet kjem fyrst til å slutta upp um radikale endringar når dei hev fenge ryggen mot veggen. Ein sovori stoda hev me ikkje i dag, og i millomtidi er det viktugt å leggja grunnlaget med god skulering.

Men: Ei rørsla som berre legg fokuset på å skulera og samla “kadrar” vil måtte enda som ei liti sekt. For det er ikkje slik det fungerar i røyndi. Ein kann tenkja at fyrst skal ein samla dei rette folki og so kann ein gjera noko, men det er snarare slik at når ein gjer noko fær ein det momentumet ein treng til å byggja upp eit apparat.

Duprat drog ein analogi til tidlegare høgreradikale gruppor som ikkje hadde vunne fram. På midten av sekstitalet hadde ein gruppor som dreiv ein sterk aktivisme, men utan å ta seg bryet med å få folk til å studera og skulera seg. Resultatet var berre at aktivistane etter ei tid gjekk leide og gav seg. So fekk ein andre gruppor seinare, som vektla skulering og kaderbyggjing, men der aktivismen vart lagd fullstendig på hylla. Når mai 1968 endeleg kom, med folkeleg uppreist og liv og røra i gatone, so var desse meir upptekne av å lesa i bøker enn å gjera noko…

Folk som ikkje gjer noko fær helder ikkje den røyndomssansen som trengst: Ein endar med å sjølv verta manipulert, både av media og av andre. Ein er nøydd å vera aktiv.

Det er som med ein som driv med kampsport: Ein må i ringen og gå rettelege kampar, um ein skal sjå kva slags metodar og teknikkar som fungerar i ein retteleg situasjon.

Innvandringskritikk

Front National var dei fyrste som verkelegt sette innvandringskritikken på dagsetelen. Fram til då hadde nasjonale parti vore meir upptekne av andre saker, som kampen mot kommunismen. Med innvandringskritikken fekk dei ei ny sak å spela på som gjekk rett inn i kvardagen åt vanlege folk. Masseinnvandringi er rett nok berre ei symptom på at noko er gale i samfundet, men det er på symptomi ein uppdagar sjukdomen, og her hev nasjonale parti ei sak som ingen andre enn dei sjølve vågar eller vil ta tak i.

Sluttord

Francois Duprat vart politisk brysam for mange. Ei bilbomba avslutta det politiske engasjementet hans. Jean-Marie Le Pen fortalde i eit intervju med avisa “Minute” at når han ser attende på 40 års politisk liv, so er Francois Duprat han hev dei sterkaste minni frå (“Entretien avec Jean-Marie Le Pen”, Minute, 4. oktober 2012).

Front National er i dag eit parti som maktar vinna meir enn 25 prosent av røystene ved val, og dei er vel det næraste ein i våre dagar kann koma ein slags sosialdemokratisk nasjonalisme – med ein politikk som spelar både på innvandringskritikk og vern um velferdsstaten. Korleis Duprat hadde stelt seg til dette vegvalet kann ein berre undrast på. Arbeidet hans vert kor som er ståande for dei som ynskjer å setja seg inn i ein nasjonal teori og praksis som både var og er meir enn berre nostalgi for eit samfund som snart er burte for godt.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!