BFOB: Metallmusikkfestival i Finland

Den finske metallmusikkfestivalen “Back Flames of Blasphemy” hev det siste tiåret samla mykje av undergrunnen innanfor svartmetallmusikken. Gjetordet um festivalen hev jamvel nådd fram til Målmannen-redaksjonen, og sidan det frettest at festivalen dette året skulde vera den aller siste i sitt slag, so nytta me høvet til å møta fram. Det kom me ikkje til å trega på.

Festivalen tok til på kvelden, fredag den 13. (!) november. Det fyrste som slo oss då me kom inn på festival-lokalet var at publikum såg ut til å vera i snitt ti år eldre enn som pla vera normalt på sovorne festivalar. Det tok ikkje lang tid fyre me skyna at dette var ein festival for dei som hadde vore inne i musikken ei tid. Det eine kjende andletet frå musikkscenen etter det andre dukka upp. Det er ikkje som i Noreg, at mange artistar einast vil ut for å “lufta seg” når dei sjølve skal stå på scenen. Tvert imot so var det likt til at “flestalle” frå eit visst kringvære innanfor svartmetallen hadde nytta høvet til å møta fram og råka likesinna.

Fredagskvelden var dei ei rad ulike gruppor som stod på scenen. Det mest interessante bandet, frå vår sida sett, var det tyske Mayhemic Truth, som spelar ein slags Bathory-liknande, melodisk svartmetall. Dette er ei gruppa som var aktiv midt på 90-talet, og der medlemene seinare hev vore aktive i gruppa Morrigan. No er dei atter ein gong attende under namnet Mayhemic Truth, og med det fekk konsertpublikumet eit attersyn med låtmaterialet frå dei gode, gamle dagane.

Av andre gruppor som kunde nemnast frå fredagsprogrammet, so hev ein gruppa Xibalba frå Mexico, som er ein slags indiansk metallmusikk. Er det nokon som kler corpsepaint, so er det vel nett indianarar, og trommeslagarane hadde jamvel teke på seg ein hovdingkrans med fjører!

Svartmetall utan kompromiss: Satanic Warmaster opna konserten laurdagskvelden.

Laurdagen var det Satanic Warmaster som opna festivalkvelden. Dei køyrde i gang med klassikaren “The Vampiric Tyrant”, og deretter kom dei hine melodiane frå “Karelian Satanist Madness” som perlor på ei snor – inkludert den umtykte og illgjetne “My Dreams of 8”. Stemningi var med andre ord på kokepunktet alt etter at det fyrste bandet hadde spela, og det var vanskelegt for dei etterfylgjande gruppone å toppa det.

Kruna på verket var då ved midnattstid, då norske Mysticum entra scenen: Tri skikkelege norske karar, veltrente og med nystrigla, kortklypt hår. For dei som ikkje kjenner til Mysticum, so kann ein fortelja at det er ei av dei eldste norske svartmetallgruppone. Serskilt for denne gruppa er at dei både lagar og spelar inn musikken sin på data, so det er ein slags “svart” synthesizermusikk der serskilt trummemaskinen gjev musikken ein slags maskin-aktig klang. Som kompensasjon for vantande trummeslagar hadde dei tri norske karane og fenomenalt ljos-show, der bilæte frå ymse slags militærparadar komplementerte det maskin-aktige ljodbilætet.

Mysticum frå Noreg avslutta festivalen ved midnatt laurdagskvelden.

Festivalen vart sparka i gang den same fredagskvelden som islamistiske terroristar gjekk til aksjon i Paris med massemord på hundradtals menneske. Jamvel um dette ikkje direkte sette sitt preg på festivalen i Finland, so kunde ein notera seg at mang ein festivaldeltakar hadde valt å møta fram på laurdagen med t-skjortor som tydelegt markerte ståstaden deira. Det er verdt å merka seg at ein ikkje fekk den same angsbiterske reaksjonen frå arrangørane som det ein normalt vilde ha fenge i til dømes Tyskland. I Finland hev det aldri vorte upplese og vedteke at svartmetall skal vera politisk korrekt, og godt er no det!

O. Torheim og M. Leo

Reportasjen stod på prent i Målmannen nr 3 2015.