Ingen spontan applaus for asylmottaket

Innlegget vart prenta i dei tvo lokalavisone Strilen (15.12.2015) og Nordhordland (16.12.2015).

I Strilen sin reportasje frå «informasjonsmøtet» um det varsla asylmottaket i Lindås, so kann ein fredag 11. desember 2015 få lesa fylgjande:

«Det var mykje som blei applaudert under møtet, men ein av dei mest spontane og hjartelege klappsalvane kom då prosten i Åsane, Øystein Skauge, tok ordet. Han oppmoda om å leggja fordommane til side og ikkje dømma folk på førehand.»

Denne framstellingi er langt undan røyndomen, og det kann alle sjå som sjølve var til stades på møtet. Det var ingen spontan applaus for Skauge. Tvert imot, det var Skauge sjølv som uppmoda folk til å applaudera at Lindås skulde få asylmottak, men han fekk under halve salen med seg på dette.

Skjermbilæte frå Strilen sin reportasje um "informasjonsmøtet" i Lindås.

Skjermbilæte frå Strilen sin reportasje um «informasjonsmøtet» i Lindås.

Prost Øystein Skauge tok ordet som replikk til ein kommentar frå salen um at det ikkje hadde vore nokon politisk prosess kring etableringi av asylmottaket – men eit reint diktat frå UDI.

Prosten slo fast at, ja, det hadde ikkje vore noko politisk vedtak, difor skulde han ha dei frammøtte med seg på å vedtaka mottaket ved akklamasjon.

Det fekk han under halve salen med på. Dei fleste som sat i salen vart ikkje med på å klappa.

Det vart på dette tidspunktet tydelegt at slett ikkje alle dei frammøtte delte entusiasmen for mottaket.

Dagen etter heiter det at heile salen spontant braut ut i spontan applaus for prosten…

"Applauderte for asylmottak", heiter det i Strilen sin reportasje frå "informasjonsmøtet". At det berre var eit mindretal av dei frammøtte som applauderte vert ikkje nemnt med eit ord.

«Applauderte for asylmottak», heiter det i Strilen sin reportasje frå «informasjonsmøtet». At det berre var eit mindretal av dei frammøtte som applauderte vert ikkje nemnt med eit ord.

Eg vil tru dei fleste avislesarane tykkjer at Strilen bør halda dei informerte um det som faktisk skjedde på møtet – framfor å driva med kampanjejournalistikk.

Olav Torheim

PS. Strilen-redaktør Stig Erik Elliott hev i ettertid hevda at «[i]ngen av dei me har snakka me har fått med seg noko «proste-oppmoding» om å komma med applaus». Dette segjer han i ein diskusjon i kommentarfeltet til Strilen sin eigen artikkel, den 11. desember 2015. Dagen etter bryt prost Øystein Skage sjølv inn i ordskiftet og segjer at «[d]et er korrekt at eg oppfordra salen til å vise støtte til ordføraren ved å gje henne applaus då Olav Torheim anklaga henne for å vere moraliserande, og at han deretter retorisk spurde om vi verkeleg ville ha asylsøkjarane blant oss. Eg sa noko slik som at «Ja, det vil vi! Vis det ved å gje applaus til ordføraren.» Mange gav applaus. Kor mange var uråd for meg å vurdere.»