Folkemøtet 10. desember: Lindås-bygdi kløyvd i asylspursmålet

Torsdag 10. desember var det tid for “folkemøte” um det varsla asylmottaket for mindreårige asylsøkjarar i Lindås. På folkemøtet stelte både ordførar, lensmann og UDI upp. Asylbrannen for ei vika sidan hev gjort asylspursmålet til ei “brennheit” sak i Nordhordland, og både Strilen, Avisa Nordhordland, Bergens Tidende, NRK og TV2 var til stades for å dekkja saki. Og so Målmannen då…

Det var ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes, som opna møtet. Ho kunde fortelja dei mange frammøtte at det ikkje var eit folkemøte dei var komne til – men snarare eit “informasjonsmøte” der folk kunde få lov til å stella spursmål. UDI hadde gjort vedtak um asylmottak i Lindås, og dette vedtaket stod fast. Noreg var forplikta ut frå internasjonale konvensjonar til å taka imot asylsøkjarar, og me hadde alle ei moralsk plikt til å hjelpa menneske i naud. Ordføraren poengterte samstundes at det var viktig at alle fekk koma til ords med den uroi dei kanskje kjende på, og ingen spursmål var illegitime.

Det var mannsterkt uppmøte på det varsla folkemøtet - som synte seg å vera eit reint "informasjonsmøte".

Det var mannsterkt uppmøte på det varsla folkemøtet – som synte seg å vera eit reint «informasjonsmøte».

Lensmannen og UDI hev ordet

Deretter gav ho ordet til lensmannen i Lindås, Kjell-Idar Vangberg, som orienterte um etterforskingi i saki med asylbrannen ved Lune Huler. Lensmannen fortalde etterpå litt um dei arbeidsuppgåvone som politiet hadde i kommunen.

Etter at lensmannen hadde vitra um stoda, vart det opna for spursmål frå salen. Det fyrste spursmålet kom frå ein mann som undrast på um nordhordlandspolitiet kom til å få tilført ekstra ressursar for å kunna fylgja upp det varsla asylmottaket. Dette avkrefta lensmannen tvert. Samstundes poengterte lensmannen at det etter hans syn vart rangt fokus dersom ein skulde byrja med å krevja meir ressursar. Ein alltid kan argumentera for at det trengst meir ressursar. Ein må helder sjå kva ein kann gjera ut or dei ressursane ein alt hev tilgang til, hevda han.

Det kom deretter spursmål frå salen um politiet hadde gjort nokor risikovurdering i samband med at det skulde etablerast eit asylmottak. Til dette svara Vangberg at dei gjer jobben sin som politi og kann ikkje spekulera i kva som kann koma til å henda – same kva folk måtte meina om det.

Dette svaret var publikum openbert ikkje nøgde med. Ei mor fortalde at ho var redd for tryggleiken åt borni sine, og ho vilde vita um politiet hadde tenkt yver konsekvensane som mottaket kom til å få. Og ein mann tok ordet og spurde um politiet hadde noko råd å gje dei frammøtte: Sidan politiet ikkje kom til å verta tilførde ekstra ressursar, kva slags råd ynskte politiet å gje folk som budde i nærleiken av mottaket? Kunde ein halda fram å liva på same måten som fyrr, eller burde ein til dømes åtvara unge gjentor mot å gå ute åleine um kveldane?

Her vart det synt heilt handfast til ei sak frå Alta, der tvo 16 år gamle asylsøkjarar frå Afghanistan hadde freista å forgripa seg på ei 12 år gamal gjenta. Dei mindreårige asylsøkjarane som skal innkvarterast på mottaket i Lindås er i all hovudsak frå Afghanistan, og so godt som alle er gutar. Um ikkje det var nok, so hev styresmaktene sin reaksjon mot dei tvo yvergriparane i Alta vore at dei skal flytjast til eit nytt mottak. Kunde det vera nett dei tvo yvergriparane som hamna i Lindås? Hadde ein kontroll på kva slags folk som kom til bygdi?

Dette vilde ikkje lensmannen svara på. Han vilde ikkje spekulera i ting som enno ikkje hadde skjedd, han vilde berre gjera jobben sin. Lensmannen poengterte vidare at politiet ikkje berre var til for oss som bur i Noreg – det er like mykje til for alle som kjem til Noreg!

Dei neste til å informera var Sissel Mehammer og Miriam Steinstø Haugen frå UDI. Dei byrja med å fortelja um asylstoda i Europa, og dei synte fram ei rad bilæte av kvinnor og born i naud – og dette jamvel um 80 prosent av asylsøkjarane som kjem til Europa er unge karar. Det vart gong etter gong poengtert at Noreg etter internasjonale konvensjonar pliktar å taka imot asylsøkjarane. Um me skulde taka imot desse menneski eller ikkje var soleides ikkje noko spursmål til diskusjon.

Mindreårige asylsøkjarar – so godt som berre gutar

Det vart vidare orientert um kva slags personar det faktisk var som kom til å koma til mottaket i Lindås. Her vart det ikkje lagt skjul på at det var mindreårige asylsøkjarar (15-18 år) frå Afghanistan som kom til å vera den dominerande gruppa. Det vart helder ikkje stukke under ein stol på at so godt som alle kom til å vera karar og ikkje kvinnor. Det vart dessutan fortalt at um lag 75 prosent av dei einslege mindreårige asylsøkjarane frå Afghanistan kom til å få upphelde i Noreg, og det var difor viktugt å koma i gang med integrering snarast råd.

Kvar hen kjem asylsøkjarane frå? UDI-representanten orienterar.

Kvar hen kjem asylsøkjarane frå? UDI-representanten orienterar.

Integreringsarbeidet millom afghanarane byd på sume “utfordringar”. Millom anna treng dei fleste upplæring i korleis ein møter kvinnor. Kva som er ok – og kva som ikkje er ok – er noko som dei treng å læra seg. Kor som er, dei fleste lærer og forstår dette kjappt, vart møtelyden fortald.

Noko anna som afghanarar treng å skyna er at politiet ikkje er fårlege – for dei fleste av dei er livredde for politi…

Til slutt so er det viktugt å få dei til å forstå at det norske samfundet set individet i sentrum. For dei fleste mindreårige afghanarar som kjem til Noreg, so er det utenkjelegt å sjå på seg sjølv som eit individ. Ein reknar seg sjølv som representant for ein familie, ein klan eller ein stamme.

Kor som er, integreringsarbeidet millom dei mindreårige afghanarane hev vore sers vellukka. Her vart det millom anna fortalt at mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan var kløpparar på å læra seg lokal dialekt!

Det vekte ei viss undring frå salen at so godt som alle dei mindreårige afghanarane var gutar. Korleis kunde det ha seg? I Afghanistan er livekåri for kvinnor sers vandslege, til dømes er det berre 40 prosent av afghanske gjentor som fær høve til å gå på barneskulen. Dersom det er slik at dei mindreårige asylsøkjarane verkelegt er menneske på flukt frå undertrykking og naud, so skulde ein tru at minst helvten er gjentor – men i staden er det so godt som berre gutar. Kvifor det?

Til dette fekk ein som svar at, ja, det stemmer, gjentor hev det mykje verre enn gutar i Afghanistan. Problemet er berre at gjentone, i motsetnad til gutane, ikkje lukkast med å flykta derifrå – til dømes av di reisa er krevjande og ein risikerar vald og yvergrep. Men hadde det vore gjentor som hadde greidd å koma seg frå Afghanistan til Noreg, so skulde dei ha fenge upphelde, dei med (Eller sagt med andre ord: Aller helst skulde endå fleire ha kome til Noreg)…

Endå ein kar tok då ordet frå salen og undrast på um ein ikkje burde vera ærleg og kalla det for “integreringsmottak” i staden for “asylmottak” – når det faktisk var klårt at dei fleste på mottaket kom til å verta verande – og ikkje var personar som fyrr eller seinare fekk avslag på asylsøknaden sin. Til dette fekk han som svar at slik er no ein gong UDI sin terminologi…

Spursmål frå salen: Vil ikkje ordføraren vera politikar?

Ein annan frammøtt tok no ordet og stelte spursmål ved heile ramma for møtet. Ordføraren hadde kalla møtet for eit “informasjonsmøte” der folk skulde få lov til å stella spursmål – men her var det grunn til å stella spursmål ved premissane. Kvifor er det ikkje snarare eit møte der det er UDI som steller dei frammøtte spursmålet um dei faktisk ynskjer dette mottaket? Kvifor kann ein ikkje halda eit møte der dei frammøtte fær eit val?

Det er ingen politisk prosess som leider fram til etableringi av asylmottak, det er snarare fylkesmannen og DSB som leitar etter bygningar og tilbyd private eigarar mange titals millionar for å leiga ut. Til slutt er det UDI som tek endeleg avgjerd, utan at lokalpolitikarane hev vore inne i bilætet i det heile. Kvifor vil ikkje Lindås-ordføraren stå upp for lokaldemokratiet og krevja ein politisk prosess, slik ordføraren i grannekommunen Radøy nyss hev gjort? Ordførar Jon Askeland i Radøy gjekk nylegt ut i media og protesterte mot UDI si yverkøyring av lokalsamfund. Lindås-ordførar Byrknes stend derimot på talarstolen og driv med moralisering for å grunngje at folket ikkje skal få noko val.

Lensmannen hadde tidlegare på kvelden gjort det klart at han berre gjer jobben sin, men ordføraren er faktisk folkevald politikar – og politikk handlar um at ein hev eit val! Kvifor vil ho ikkje krevja at folket fær eit val, undrast spursmålsstellaren.

Til dette svara ordføraren at politikarane ikkje hadde noko val i denne saki, men at ho personlegt meinte at me alle hadde plikt til å hjelpa. Samstundes vilde ho ha seg fråbedi skuldingar um moralisering. Ho meinte dessutan at det var urettkome å setja henne upp mot Radøy-ordføraren. Radøy-ordførar Askeland meinte berre at det var for mykje med 2 mottak i same bygd, han var ikkje generelt imot asylmottak (Askeland sin prinsipielle kritikk av den vantande politiske prosessen i saki kunde ho soleides elegant hoppa yver).

Vilde ha dundrande trampklapp. Fekk berre spreidd krampklapp

På dette tidspunktet tok Åsane-prost Øystein Skauge ordet. Han hadde reist eins ærend dei 40 kilometrane frå Åsane for å retta sin moralske peikefinger mot asylkritikarane: Enno hev ingen asylsøkjarar gjort noko kriminelt i Nordhordland. Ein kann ikkje snakka um innvandrarkriminalitet fyre det faktisk hev skjedd, det er berre fordomsfullt.

Skauge konstaterte vidare at det var rett som kritikarane hadde sagt: Folket hadde aldri vorte spurde um dei ynskte asylmottak eller ikkje. Difor vilde han at alle som var for asylmottak skulde markera dette med ein kraftig applaus. Slik kunde dei frammøtte få gje sin tilslutnad til asylmottaket og syna for alle at UDI sitt vedtak var forankra i lokalsamfundet. Det vedtaket som kritikarane hadde påpeika at lokalsamfundet aldri var spurde til råds um, det skulde dei i staden gjera der og då ved akklamasjon.

Denne applausen fekk han berre eit mindretal av dei frammøtte med på. Av dei um lag 350 frammøtte so var det maksimalt 50 personar som klappa. Jamvel um dei mest ihuga klaska so hardt med hendene som dei kunde, so var det tydelegt nok at fleirtalet vart sitjande i ro.

Det var langt ifrå nokon sterk entusiasme for asylmottaket, tvert imot vart det i denne augneblinken tydelegt demonstrert at det var ein taus majoritet i salen som ikkje fall i stavar yver planane um asylmottak.

Preste-garanti: Berre moderate muslimar til Nordhordland

Mot slutten av møtet tok prost Skauge ordet endå ein gong, og kom inn på eit tema som so langt hadde vorte skuva under teppet: Islam. Skauge skyna at mange var urolege yver den kjensgjerningi at so godt som alle dei mindreårige asylsøkjarane kom til å vera muslimar. Sjølv hadde Skauge havt god kontakt med imamane ved Bergen Moske, og desse imamane hadde forsikra honom um at alle asylsøkjarane som kom til Nordhordland var “moderate muslimar”. Det var soleides ingenting å vera redd for.

"Øvrigheta" er på plass for å gje tyngd til asylvedtaket: Ordførar og lensmann talar til folket.

«Øvrigheita» er på plass for å gje tyngd til asylvedtaket: Ordførar og lensmann talar til folket.

Ordførar Astrid Byrknes minte til slutt dei frammøtte um det store andsvaret som vart lagt på skuldrane deira når eit førtitals mindreårige asylsøkjarar kom til bygdi. Ho  nytta høvet til å avslutta med eit afrikansk ordtak: «Det tek ein heil landsby for å uppseda eit barn». På dette tidspunktet hadde sume kritikarar fenge melding um at dei ikkje fekk lov å stella fleire spursmål, men ein av dei kommenterte turt at for 15-åringar sin part so burde uppsedingi normalt ha vorte til eit avslutta kapittel i livet. I denne alderen er det meste av personlegdomen alt forma, og afghanske tenåringar var neppe noko undantak frå dette.

Sume av dei nemnde kritikarane valde deretter å gå frå møtet – og dei yverlet soleides til ordførar, lensmann og prest å få det siste ordet – i alle fall i denne umgangen.

Det er fullt høve for andre medium til å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert attgjeven i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no.