Revolusjonær logikk: Vogni rullar

Dei franske regionalvali er avslutta. Medan Front National vart det største partiet av alle ved den fyrste valumgangen, so makta dei ikkje å vinna ein einaste region i den andre umgangen – takk vere dei manipulasjonane som det franske valsystemet legg upp til. Artikkelen nedanfor er skriven av Pierre Vial, og han vart publisert på nettsida åt den identitære kulturrørsla Terre et Peuple den 10. desember – fyre ein fekk resultati frå den andre valumgangen.

Kva ynskjer me? Me ynskjer oss ei grunnleggjande endring av det rådande systemet – ei yverskridande samfundsendring som gjeng forbi det kunstige skiljet millom «høgre» og «vinstre». Noko slik kallar me for ein revolusjon. Å segja noko slikt er ikkje å gurgla med store og flotte ord, det er å konstatera eit faktum.

Pierre Vial, leidar for den identitære kulturrørsla "Terre et Peuple" (Land og folk).

Pierre Vial, leidar for den identitære kulturrørsla «Terre et Peuple» (Land og folk).

Voni um ein revolusjon, som hev mobilisert energien vår i tiår etter tiår, hev til dessar framstått som ikkje so reint lite utopisk. I dag hev stoda endra seg. Det opnar seg eit vindauga for nye framvegar. Den fyrste valumgangen ved regionalvali hev berrlagt ein stødt aukande frustrasjon – provosert fram av arbeidsløysa, kriminalitet og ei masseinnvandring som politikarane både til høgre og vinstre hev vore ute or lage til å gjera noko med. Systempolitikarane er sjølve direkte andsvarlege for vanstoda, og det hev folk skyna.

Tykkjer du at me yverdriv? Lat oss då gjeva ordet til «Le Monde», den dagsavisa som på mange måtar er det rådande systemet sitt offisielle organ. Den 7. desember, so skriv dei dette um den «skaden» som FN-veljarane påfører samfundet:

«Det er ingen tvil um at dei partii som hev styrt Frankrike hev eit tungt andsvar for stoda i dag. I dag må dei taka fylgjone av dette. Den eine etter hin hev mislukkast med å føra landet ut or den hengjemyri som dei stend og stampar i. Korkje den eine eller den andre sida i politikken hev lukkast med å leggja fram eit samfundsprosjekt som folk hev tru på og som dei ser at dei fær noko att for – eit framtidsrett prosjekt som gjev samfundet samanhengskrafti attende.

Slik hev stoda vore for vinstresida i dei seinaste tri åri dei hev havt makti. Dei hev ikkje makta gjera slutt på arbeidsløysa, endå so mange gonger dei hev lova å gjera dette: Med meir enn 700.000 arbeidslause sidan mai 2012, og 40.000 nye arbeidslause sidan oktober, so lyt vinstresida taka denne mislukka politikken på sine skuldrar. Men høgresida, som sat med makti i dei ti åri fyreåt, dei kann helder ikkje springa undan andsvaret sitt. Endå so store ord dei kom med under presidentvalet i 2007, so greidde dei ikkje å rydja upp i flokane som me lider under.

Korkje høgre- eller vinstresida hev noko å slå seg på bringa for. Det gjeld både den økonomisse uvissa som råder i eit land som er so godt som utan økonomisk vokster, den sosiale utryggleiken som sender millionar av hushald ut på galeien, den «kulturelle» utryggleiken åt ein nasjon som sår tvil ved seg sjølv – og til slutt den vitale utryggleiken skapt av dødbringande terrorisme. Kjensgjerningane er at både høgre og vinstre hev vore ute or lage til å svara på desse problemi på ein måte som stend i høve til kor ålvorlege dei faktisk er».

(«Elections régionales : comment en est-on arrivé là ?» Kommentarartikkel i Le Monde, 7. desember 2015).

I slik ei stoda so slit systemet med eit tillitsproblem som kjem til å vara ved, og som ikkje stoggar ved eit val. Det positive med resultati frå den fyrste valumgangen er difor det at dei berrlegg ei stoda som kann koma til å utvikla seg til noko mykje meir. Um systemet skulde lukkast med den totale mobiliseringi som no er i gang for å hindra Front National frå å vinna dei regionane der dei vart størst i den fyrste umgangen, då er det ikkje so reint fåe frustrerte og bitre FN-veljarar som kjem til å forstå kva slags manipulasjonar som ligg til grunn for heile det parlamentariske valsystemet.

Eit system styrt av intrigemakarar som er vortne redde for å verta vippa av pinnen, og som soleides er viljuge til å gjera alt for å halda på makti. Når dette systemet syner sitt sanne andlet, so kann veljarane endelegt koma til det punktet der dei byrjar stella seg grunnleggjande spursmål. Grunnlaget vert med det lagt for ei meir radikal tilnærming til problemi, og vegen opnar seg for gjenomgripande samfundsendringar. Same kva endskapen skulde verta den 13. desember, so er det endelegt eitkvart som er på gang.

Pierre Vial