“Un Français”: Støveltramp og politisk kamp

“Un Français” – endå ein film um skinnskallar, denne gongen frå Frankrike. Regissør er Patrick Asté, alias Diasteme, og han hev i intervju fortalt at fyremålet med filmen er å få fram kontinuiteten frå dei valdelege ekstremistmiljøi på 1980-talet og fram til det “respektable” Front National av i dag. Jamvel um han ikkje lukkast serskilt godt med det siste, so hev filmen andre sidor som gjer honom vel verd å sjå.

Diasteme hev sjølv umtala filmen sin som ein “antifascistisk” film. So då reknar vel sume med at Målmannen sin filmmeldar skal døma filmen nord og ned i dei sterkaste ordelagi? Nei, faktisk so likar eg denne filmen. Kvifor det? Lat meg freista å forklåra.

Scena frå den nye franske filmen um Paris-skinnskallane.

Scena frå den nye franske filmen um Paris-skinnskallane.

Det hev framigjenom vore nøgdi med filmar um skinnskallar, og flestalle fylgjer den same uppskrifti: Ei uppskakande hending fær hovudpersonen til å søkja seg til eit ekstremt miljø. Der fær han uppliva venskap og studnad, men alt dette hev sin pris – og til slutt kjem det til ei uppgjerd der hovudpersonen vel å bryta med miljøet og gjeng den vanskelege vegen vidare åleine. Slik var det til dømes i “American History X” og likeins var det i “This is England”.

“Un Français” hev langt i frå den filosofiske djupni som det var i American History X. Helder ikkje hev han det same umsynet til detaljar som ein såg i “This is England” – og som for min part vart i det meste, klisjefylde laget.

Derimot gjev “Un Français” oss ein retur attende til det røffe og rufsute, litt som i gode gamle “Romper Stomper” med Russel Crowe – og det er noko av det fyrste som fær filmen til å stikka seg ut i positiv leid. Hovudpersonane ser ikkje berre ut som skinnskallar – dei talar som skinnskallar og ter seg som skinnskallar med. Ein fær vera med dei på både festar i den lokale kneipa, i kranglar heime hjå foreldri og i slagsmål ute på gata.

1980-talet: Skinnskallane tek politikken ut på gata

Mykje av det som skjer i filmen skal ha vore inspirert av røynlege hendingar på 1980- og 1990-talet. Millom anna er det ein skyteepisode utanfor ein bar i Paris der ein av skinnskallane vert drepen og den andre hamnar i rullestol. Dette spelar openbert på det som hende med Iman Zarandifar alias «Sniff» – den iranskfødde (!) songaren i den nasjonalistiske musikkgruppa Evil Skins – etter ein konsert i 1984.

Hovudpersonen i filmen, Marco, ynskjer med kvart å draga seg ut or skinnskallemiljøet. Grunnen til at han ynskjer dette kjem aldri klårt fram, snarare framstår det som ein rein eksorsisme der han berre byrjar kjenna seg uvel og ikkje orkar meir.

Poenget som regissøren dimed aldri fær fram er at det sumtid verkelegt kann vera naudsynt å organisera seg i ein gjeng.

I filmen “Un Français” kann ein få lett tokken av at valdsbruken og rasismen åt skinnskallane spring ut or den fårlege høgreekstreme ideologien deira. Det motsette er røyndomen: Dei unge skinnskallane i Paris på 1980-talet var dei fyrste som upplivde korleis det var å verta minoritet i sitt eige grannelag. Dei var dei fyrste som upplivde at her laut ein anten underkasta seg innvandrargjengane eller ein laut reisa seg og slåst. Dette hev millom anna Serge Ayoub teke fyre seg i dokumentarfilmen «Sur les pavés».

Når desse ungdomane spraya keltisk kross på betongveggene og nytta seg av ekstreme symbol på jakkeslaget, so var det ikkje innlegg i eit politisk ordskifte dei kom med. Det var ein styrkedemonstrasjon: “Her bur me, og me er sterke nok til å stå for det me er. Vil de gjera noko med det, so berre kom og ta oss!” Eller som Leonidas vilde ha sagt det: Molon labe!

1990-talet: Frå støveltramp til politisk kamp

Kor som er: Ein kjem til eit punkt der folki i miljøet byrjar verta eldre. Sume fær nok med seg sjølve og sitt eige privatliv, medan andre vil gå vidare og gjera eit røynlegt politisk prosjekt ut or livsstilen sin. Styvlar og bomberjakke vert dimed skift ut med dress og slips (haha!). Optimismen i miljøet er stor, men Marco sjølv dreg seg ut or det heile. I staden vert han med og feirar det mangkulturelle franske fotballaget sin siger i fotball-VM i 1998. Venene tykkjer han er ein svikar, og kjærasten hans likeins. Han fær ikkje lenger møta dotter si.

Åri gjeng, og Marco observerar frå utsida at Front National veks seg store. Me fær jamvel vera med ein liten svipptur til dei identitære som held suppekjøkken for arme franskmenner – suppa med svinekjøt i, vel å merka.

Marco liver derimot vidare sitt eige einsame og triste liv som lagermedarbeidar på ein fabrikk. Slik er det no ein gong å verta redusert frå politisk soldat til rotlaus forbrukar. Det store politiske prosjektet som gav livet meining er burte, i staden sit ein att med “métro, boulot, dodo”. Utan vener, utan noko større perspektiv yver livet. Han er ikkje noko rettelegt mannfolk lenger, difor kann han helder ikkje lenger få lov til å vera far til dotter si.

2000-talet: Bordet fangar…

For det er ei hårfin lina millom det å “koma på betre tankar” og det å vera ein svikar. Kva som er godt og kva som er vondt, det skil seg på augo som ser. I røyndi finst det ikkje anna enn ulike verdsåskodingar – og det finst tankar, ord og gjerningar som samsvarar eller som bryt med desse verdsåskodingane. Marco vil bryta ut or det råmeverket som hev lagt grunnlaget for heile livsførselen hans, men han endar med å sitja att med ingenting.

Filmen sluttar med ei scena frå våren 2013, der Marco sit framfor TV’en og lagar middag til seg sjølv. Medan han skrellar grønsakene, so kjem det ei nyhendesending der det vert rapportert frå dei store demonstrasjonane mot homoseksuelle ekteskap – “Manif pour tous”, som fekk meir enn ein million menneske ut i gatone. Det er hans eigi dotter som han brått fær auga på, i brodden av demonstrasjonstoget…

Marco held fram med å skrella potetor, og med det vert skjermen svart. Var det nissen som fylgde med på lasset – eller er det snarare bordet som fangar? Marco vilde ikkje kjempa imot mangkulturalismen og liberalismen. No er det dotter hans som må ta den kampen sjølv.

O. Torheim