Eivør Pálsdottir trollbatt Bergen

Det var i det koselege litle konsertlokalet på Madam Felle at ein kunde finna den færøyske musikarinna Eivør Pálsdottir, i Bergen den 13. april 2016. Ho spela med backingbandet sitt og hadde med sin eigen islendske toneteknikar. Det vart ein musikk-kveld utanum det vanlege.

Og for ei bra stemning det vart! Det var trulegt 60-70 prosent damor millom dei frammøtte, men jamvel hjå mannfolki var det tydelegt at Eivør fengde. Eg høyrde ein av deim segja at det var den beste konserten han nokon gong hadde vore på.

eivor1

Eivør tala til dei frammøtte i ein freistnad på å tala «norsk», altso bokmål, og det jamvel med ein bergensk skarre-r. Det var søtt å høyra på, og minte framfor alt um dansk – eit mål ho kann godt. Eivør talar personlegt og venlegt til publikumet sitt.

Eivør sjølv sagde at ho gjerne kom attende berre for å taka seg ei øl eller tvo, so koseleg som denne staden var. Madam Felle ligg midt på Bryggen, og hadde alt det som gjev Bergen sjarm – og ingenting av det som hev gjort byen dårleg.

Ho spela gjenom songane frå det nye albumet sitt, «Slør». Det meste var på færøysk, men nokre songar var på engelsk med – inkludert «Boxes» og «True Love», som var millom høgdepunkti for kvelden. Favoritten min var like fullt «Trøllabundin», det kjenner seg so magisk å lyda til den sjamanistiske trumbingi og syngingi.

eivor2

Eivør spelar mange slags ulike gitarar og ei slags handtrumba. Endå so kreativt ho nyttar seg av desse instrumenti, so held ho alltid takti perfekt, og det heile høver perfekt saman med alt det andre i musikken.

Det verka som ingenting kunde gå gale denne kvelden. Alt var heilt på plass, og likevel so var det so mykje nervar, hjarte og sjel i musikken. So livande! Det er ikkje ofta ein uppliver ein kveld med musikk som berre er heilt «perfekt», men denne kvelden var det.

Megan Leo