Imperium

Keisar Octavian la grunnlaget for det romerske Imperiet med ei sublim handling – der dei ulike regionale tradisjonane fekk eit universelt senter. Imperiet transcenderte den romerske republikken, og soleides kunde det helder ikkje verta burte då det romerske riket sjølv gjekk under. I staden hev Imperiet halde fram som ei underjordisk elv gjenom den europeiske soga.

Den imperiale tanken legg eit mentalt og politisk råmeverk som fører til at regionale, nasjonale og europeiske identitetar kann utfylla einannan – i staden for å gå på kostnad av kvarandre. Imperietanken syter for maksimal autonomi og maksimalt andsvar på kvart nivå. Det er den einaste moglege strategien for å gjeva dei europeiske nasjonane makt og suverenitet attende i ei tid med satellittyvervaking, «big data» og stødt meir avanserte militære system – og der den formelle, parlamentariske makti hev smuldra burt og vorti utskift med den uformelle makti åt bankar, multinasjonale konsern og pengesterke lobbyar.

Men ikkje berre det: Jamvel som einskildmenneske kann me velja å knyta oss upp mot Imperiet, me kann tenkja og handla som imperiale einingar – og gjera full nytte av den autonomien og det andsvaret som dette gjev oss.  Den imperiale tanken er ein mental leidetråd for alle menneske som kjempar for å verta frie og som samstundes ynskjer å vera med på noko som er større enn dei sjølve. Me kann flytja oss langs den imperiale aksen og syta for at soga gjeng vår veg, me kann flytja våre verdiar ut frå mogleiksrommet og inn i eksistensrommet.

Kampen stend her og no, «hic et nun», og samstundes er det nett denne kampen som kann skriva nami våre inn i æva – med di me skaper ei ny og betre framtid for borni og barneborni våre.  Gabriele Adinolfi skriv meir um dette i ei tekst som snart kjem til å verta offentleggjord på mange ulike språk, og der me hev gleda av å kunna leggja ut den norske umsetjingi.

Imperium

Imperium var ikkje berre grunnlaget for den militære kommandostrukturen i Roma, det var eit aksla privilegium – nett som sverdet, fasces og septeret er forma kring ein akse. Soleides svarar det til aksen åt heile verdi. Imperium var upphavlegt knytt til liktoriske fasces i det gamle romerske monarkiet, der det å verta konge innebar å verta “Rex et Pontifex” (drott og prest), og soleides tena til bru millom det synlege og det usynlege, og det i kraft av å vera ein fast pol.

Gabriele Adinolfi

Gabriele Adinolfi

Han som tok Imperium, han hadde ei sterk åndeleg kraft. Evola-kjennaren Mario Polia slær fast at denne krafti “gjev saker og ting høve til å gå frå sfæra åt det moglege og inn i sfæra åt det som faktisk finst. Dette anten det gjeld siger i krig eller um det gjeld fræve, god helsa eller rekkjefylgja åt årstidene”.

Auctoritas skriv seg frå Imperium. Båe umgripi er nært knytte til konseptet og funksjonen åt verbet augere (augeo, es, auxi, auctum, augere) som heiter å “auka upp” (rikdom, helsa, fræve, osb). Ordet Augustus, som Octavian proklamerte seg sjølv som, kjem frå dette. Historikarane reknar Octavian som grunnleggjaren åt imperiet. Faktisk so var Augustus upphavlegt eit adjektiv, og det vart skrive som “Augusto Augurio Roma Condita”.

Me kann segja at Augustus grunnla Imperiet med ei sublim akt: Han knytte saman tradisjonane åt dei romerske urbs, og det på ein slik måte at han gav deim eit universelt senter. Nær sagt inspirert av Janus med det duble andlitet, so var den adopterte sonen åt Julius Caesar i stand til å sveisa saman, ein gong for alle, tvo ulike ventnader som båe var på jakt etter eit sentrum:

  1. Med konsulat-reformi, som formelt sett vart ståande under heile imperietidi, og med etableringi av ein Princeps, som fyrst og fremst var ein tribun med utvida fullmakter, so uppfylde han romerske ventnader.
  2. Samstundes vart universelle ventnader uppfylde med di Princeps vart gjord til ein Divus som garanterte for ei verd som både var samla og mangfeld på ein gong. Ei verd der alle sedvanar, guddomar og lover kunde eksistera jamsides, so sant dei ikkje kom i motstrid til Ius.

Her er det verdt å merka seg at Ius knyter seg til verbet iubere (iubeo, es, Iussi, iussum iubere). Jamført med imperare, so indikerar det ei onnor meining av det å kommandera, å gjeva ordrar, å ha folk til rådvelde. Dette er den lovgjevingsvisdomen som kjem frå Imperium.

Octavian grunnla imperiet med ei sublim handling.

Octavian grunnla imperiet med ei sublim handling. Han knytte saman dei lokale tradisjonane med di han gav deim eit universelt senter.

Det er dette som er det serskilde med det romerske imperiet, og som løyste dei strukturelle problemi som ein tidlegare hadde havt både med monarkiet og med republikken. Det er samstundes nett det som skil det romerske imperiet frå alle dei etterfylgjande styreformene som romarriket framleis inspirerte (jamfør at både Kaiser og Czar kjem frå Caesar). Kolonialisme og imperialisme hev eit tildriv til å einsretta alt, medan Imperiet tvert imot både tilbyd, vernar og dyrkar fram eit mangfelde.

Imperiet gjer dette både frå eit religiøst, kulturelt, moralsk og jamvel sosialt synsleite, sidan heile fundamentet for Imperiet er konseptet um Caesarisme (eller Augustan Tribunat). Caesarismen er tufta på tillitstilhøvet millom den tribunske leidaren – keisaren – og folket. Til liks med tribunen skal keisaren syta for at dei veike hev eit rettsvern.

*******

Lat oss starta frå dette utgangspunktet når me no skal freista finna løysingar på tvo grunnleggjande flokar i vår tid, ein ytre floke og ein indre floke.

Den ytre floken sviv seg um å finna ein “historisk” veg ut or den sivilisasjons- og identitetskrisa som me hev råka ut for.

Med ein “historisk utveg”, so meiner me at ein sovoren utveg må vera i samsvar med det som trengst i vår tid. Vår tidbolk hev sin eigen dynamikk, og vårt svar på dette kann visselegt ikkje vera passiv motstand eller nostalgi til det som ein gong var. Um me meiner at utviklingi ikkje gjeng vår veg, so må me tvert imot handla for å tvinga fram ei endring. Me må syta for at det som hender tek til å tena våre eigne idear og ikkje andre sine.

Tidbolken med globalisering, med globalisme, med forvirring, med “smeltedigelen”, med det trans-nasjonale og det yvernasjonale, det er visselegt meint å vera tidbolken åt imperialismen (eller til ulike imperialismar som knyter seg saman med gjensidige nytteverknader). Denne imperialismen blæs burt alle slags fridomar, alle identitetar og alle skilnader -og alt dette i namnet åt eit påstått mangfelde som til sjuande og sist er samla i ein skøyr bygning av moralsk konformisme. Det gjeld både veremåtar, klesplagg og den stive etikken – der etikk kjem frå det greske ethos, åtferd. Det einaste alternativet til dette? Imperiet – ikkje imperialismen.

Når me talar um Imperiet, so treng me ikkje um å tala um ei endeleg og presis politisk form. Derimot er det um å gjera å finna attende til den imperiale aksen med alle dei upphavlege serdragi sine – utan noko undantak.

Det finst ingen annan måte å skapa eit alternativ til det teknokratiske og byråkratiske monsteret – og til den nivellerande føderalismen som dette monsteret stend for. Det må skapast ei motkraft som – i namnet åt Auctoritas og Imperium – kann svara til dei kravi som i dag ikkje er til å koma i frå. Me stend på terskelen av ein ny æra av kontinentale dimensjonar, med eit satellitt-Nomos der informasjon og avgjerder gjeng verdi rundt på null sekund. Det trengst eit alternativ som kann svara til dette og som samstundes kann sikra og dyrka fram alt det sermerkte.

Korleis?

Me treng ikkje gjera framlegg um å etablera eit proklamert imperium, med ein keisar som skal ha andsvaret for oss alle. I staden so slær me fast at me treng å fylgja ei retningslina som kann gje oss høve til å leggja vårt eige grunnlag. Det heiter, å spora upp ein Mundus og skapa ein Orden.

For å koma i gong med dette, so lyt me kopla oss saman att med den underjordiske elvi som renn sidan 476 etter Kristus. Det året gav Romulus Augustus, den siste romerske keisaren, truna si yver til Odoacer. Odoacer var kjend som kongen åt herulane, men faktisk so var han leidaren for den germanske stamma som vakta på løyndomen um runane. Odoacer var Odowakhr, meir eller mindre beinveges umsett til den store vaktaren. Sidan den gongen hev imperiet halde fram på diskret vis, runne or denne arven og med det som seinare skulde verta til Ghibeline-aksen. Denne aksen knytte uløyselege samband millom Roma og den protohistoriske fyregjengaren Tyskland. Soleides tok han med seg alle dei imperiale kvalitetane som framigjenom hundradåri hev kome til uttrykk – frå Konstantinopel til St. Petersburg, frå Wien til Berlin – og umveges gjenom Napeloen sitt Paris. Alt dette på ein ny måte, men likevel svært solid.

Å reisa den imperiale aksen heiter å kjenna til og finna att dei forhistoriske og historiske sambandi millom polane i Europa, slik at dei kann utvikla seg i samsvar med kvarandre og samstundes kvar for seg.

Ut frå denne kjennskapen so kjem evna til å taka stoda til ting på ein klår og tydeleg måte, der ein avviser det sjåvinistiske kivet um småting – som berre tener alle slags imperialismar, og som ikkje gagnar vår eigi makt, einskapen vår, sjølvstendet vårt eller fridomen vår.

Ein imperial og ikkje imperialistisk visjon um Europa, det krev vilje til å hevda vår eigi makt og vilje til å fyrestella seg den europeiske utviklingi både i aust og i sør – utan at ein dimed slepper ned sjølve meiningi i det å vera europear. Det startar frå eit røynlegt medvit um upphavet og røtene i Myten. Dette konseptet definerar grensone for europeiske identitetar og affinitetar, det kjenner att konturane av empati og av antipati. Dette er ting som ikkje kann verta fastsette på slump av den individuelle smaken åt det atomiserte egoet. Det må fastsetjast ut frå kva det faktisk er og kva det faktisk skal vera.

*******

Um ein startar her, so kann ein definera og utvikla løysingar for å koma seg ut or krisa i vår eigi samtid. Dette er ikkje staden for handfaste og detaljerte framlegg – som me hev kasta fram mange gonger fyrr. Endå um me aldri gjeng leide av å uppdatera desse, so vil me i denne umgangen helder retta ljoskastarane inn mot det heilt grunnleggjande.

Å tenkja frå ein imperial ståstad heiter å vera fokusert på den indre akslingi som stødt må vera til stades inne i oss. Å tenkja imperialt heiter soleides å verta driven av ein heroisk transcendens der dei individuelle identitetane våre kann samla seg – og det utan at dei samstundes vert smelta ihop og vert burte, som Meister Eckhart vilde ha sagt det. Slik vert me forma, ovanfrå og ned, på ein måte som gjer oss til menner og ikkje til forbrukande individ.

Um dette er premissen, og eg ser ærlegt tala ingen andre premissar som ikkje berre vert verande fanga i kaoset, so veit me ogso at eit imperialt perspektiv inneber autonomi, fridom og corpus.

Kvalitetar indikerar eit qualis, eit “kva”, substansen. Alle identitetar – sosiale, kulturelle, antropologiske, klaniske, tribale, regionale, nasjonale – kjem til uttrykk i kvalitetar eller serrettar. Ein imperial logikk, som i sin natur er motsett av det nivellerande, garanterar for vernet um alle individuelle kvalitetar. Ikkje berre garanterar han for dei, men han hjelper dei fram. So på dette nivået vert både nasjonalisme og regionalisme kompatible med einannan – attåt det at dei båe fær eit sterkt vern.

Dei kjem ikkje til å yverliva i den formi dei er mest utbreidde på i dag, der dei kjempar mot kvarandre i forsvaret av økonomiske privilegium – eller som freistnader på å flykta attende i soga, motiverte av redsla for å kverva burt. Tvert imot so kjem dei til å finna seg sjølve att, re-genererte, i den vinnande mentaliteten åt dei som er sjølvtrygge, trygge på deira eigen Lari og det som dei kjem til å verta i ei framtid som dei på harmonisk vis fær skapa saman med andre – og alt det medan dei vert verande seg sjølve.

Den imperiale visjonen er på den andre sida den einaste som kann garantera nasjonal einskap i ei tid der nasjonalstaten er død. For denne visjonen gjer den nasjonale einskapen til noko som held seg flytande, noko som kann vera rotfesta i staden for institusjonalisert. Det treng ikkje å verta halde saman med lim eller lappa saman som ein Golem med “codes of citizenship”. I den post-jakobinske æraen so kann jamvel regionar – og då talar me um dei som hev ei fortid og som hev serskilde kvalitetar, ikkje reint administrative distrikt – få liva trygt innanfor nasjonen sine råmor, utan at dei kjenner seg tynte og utan at dei treng å fornekta sin eigen identitet.

Det kartet yver det “völkische” Europa som vart teikna i det siste hundradåret, med ein visjon tufta på grunndragi og medvitet um desse, og det i staden for reglar og reguleringar, det kjem endelegt til sin rett. Det vert kompatibelt med forsvaret av nasjonaliteten og med byrgskapen yver å høyra til ein stad. I eit imperialt medvit, so kann kvar og ein av dei verta representerte og finna sin plass på ulike nivå, der dei korkje stend i motstrid eller sløkkjer einannan ut. Det regionale, nasjonale og imperiale er ulike storleikar som utfyller einannan, jamvel innfor kvar og ein av oss.

"Det kartet yver det “völkische” Europa som vart teikna i det siste hundradåret, med ein visjon tufta på grunndragi og medvitet um desse, og det i staden for reglar og reguleringar, det kjem endelegt til sin rett."

«Det kartet yver det “völkische” Europa som vart teikna i det siste hundradåret, med ein visjon tufta på grunndragi og medvitet um desse, og det i staden for reglar og reguleringar, det kjem endelegt til sin rett.»

Ei indre aksling held alle stengene i fasces saman. På dette medvits- og disiplin-nivået so trengst det ikkje lenger ei umfemnande spreiding av reglar, reguleringar og forbod som stødt repeterar seg sjølve i ein fåfengd freistnad på å halda saman dei atomiserte partane av ein sivilisasjon i indre krisa.

Logikken som held einskildpartane saman er den same som samlar cives i Imperiet: “maksimum fridom, maksimum andsvar”. Som alltid sikrar autonomi.

Autonomi heiter, bilætlegt tala, å gjeva seg sjølv si eigi lov. Noko som hadde vore skadelegt og øydeleggjande, i fråværet av ein sterk sement og eit presist medvit. Eit medvit um prinsippi og verdiane, um etikken, um verdiane og dei spiritueller hierarkia som på ein høveleg måte kann gje oss lover og reglar.

Nett no er det paradoksalt nok slik at utan autonomi, so er moralsk anarki og urettvise på alle nivå ikkje lenger til å koma i frå.

I ein æra av konformisme, når reglane ikkje lenger kjem frå Ius, og dei ikkje lenger er primært til for å uppfylla lovi, men er vortne umdana til regulerande handlingar som er meinte å straumlineforma, då er det klårt at dei ofte trugar identitetar, fridomar, økonomiar og serhåttar. Soleides legg dei råmeverket for ein samlivnad som berre kann vera millombils, kunstig, nevrotisk og redselsfull.

Det er berre tvo måtar å svara på dette på: Ein kann sakte, men sikkert, gå til grunne – eller ein kann organisera seg sjølv, lokalt, som ein klasse, som ein sosial kategori.

Den imperiale ideen – ikkje berre konseptuelt, men historisk med – hev studd og hjelpt fram dei ulike autonomiane med alle deira individuelle karakteristikkar. Autonomiar som imperialismen – ei valdtekt mot namnet i seg sjølv – snarare ser på som uniforme cellor, repliserte til ein heilskap. Den imperiale ideen derimot, han dikterar retningslinor som gjev lokale organisasjonar og samvirke høve til å veksa fram på ein organisk og harmonisk måte, ikkje atomisert og til ingen nytte slik det er med globaliseringi. På dette umkvervet med so hev me ei rad med detaljerte framlegg som me hev lagt fram ved andre høve.

Til slutt so hev me Corpus. Det organiske samfundet, som den imperiale ideen knyter seg tett upp til, er ikkje laga or individ og massar, av masse-individ. Det er ikkje sett saman av formlause, uppstylta sosiale klassar som einast hentar styrken sin frå kjøtvekti og frå rå maktbruk mana fram or negative kjenslor. Det er bygt upp av evna og viljen til å skapa eit Corpus, den “samfundskroppen” som ordi corporation og corporatism spring ut frå – og der meiningi er den stikk motsette av det ho i daglegtala vert uppfatta som, sidan det er slik motstandarane hev innprenta henne.

Einskildmennesket si rolla er ikkje å vera ein sjølvskapt hypotese – slik gender-teorien og dei sekulære borgarrettslovene gjer det til – men ein sereigen personlegdom, nært knytt til upphavet sitt og til den rolla som han spelar i samfundet; og då ikkje i reint funksjonell forstand, men som lekk i ein kosmisk harmoni. Dette er alternativet til alle former for materialistisk kommersialisme, anten ein talar um det som finst eller det som er mogleg.

"Det imperiale idealet kjem til sin rett med di ein samlar Imperium, Auctoritas, Kvalitet og Autonomi. Slik fær ein kapasitet til å forma ein samfundskropp..."

«Det imperiale idealet kjem til sin rett med di ein samlar Imperium, Auctoritas, Kvalitet og Autonomi. Slik fær ein kapasitet til å forma ein samfundskropp…»

Det imperiale idealet kjem til sin rett med di ein samlar Imperium, Auctoritas, Kvalitet og Autonomi. Slik fær ein kapasitet til å forma ein samfundskropp, i den bilætlege forståingi av Societas – ei gruppa allierte – og deltakarar i eit organisk lagnadshopehav. Frå topp til botnar, frå makt til økonomi, frå det territoriale til det nasjonale, til kjernelandet, so kann det imperiale idealet syna fram, tilby og stå reidugt til å tvinga fram eit uppnådd og absolutt alternativ.

*******

Å utforma eit politisk og lov-skapande program som er tufta på desse premissane er ikkje nok, for me liver i ei tid av sosial uppløysing, av post-demokrati og av samrøret millom makter og ymse slags former av anarki.

Me liver ikkje lenger i den tidi då ein kunde vinna statsmakti og deretter nytta seg av denne til å endra samfundet. I dag er me i æraen av samanblanda og diffus makt, av atomiserte umkverve, av sosial individualisme som strekkjer seg ut til geografiske partikularitetar, av økonomiske og lobby-liknande egoismar som vert konfronterte med “sterke makter”, og desse gjeng forbi dei maktene som finst reint formelt. Attåt dette, for dei som ikkje spelar nokor rolla i samfundet, og det er det store fleirtalet av folket, so er den einaste utvegen som er att ymse slags velferds- og forbrukarorganisasjonar.

Skal me handla i denne røyndomen, so kann me ikkje venta på nokon slags parlamentarisk framstøyt. Me lyt tvert imot handla i kvardagslivet, utan å nøla. Det må handlast yveralt og på alle nivå, ordna og organisert, med fyremålet å skapa ei autonom makt, ei makt som alltid hev eit maktsentrum og dimed er i stand til å stå imot dei einsrettande, fridomsnedbrytande maktene. Dette kann berre gjerast med di ein fyresteller seg og handlar som imperiale einingar.Me fylgjer fura i åkeren, og me forsvarar henne med sverdet.

*******

Dette fører oss til den andre floken i vår tid: vårt indre sjølv.

Æraen av global einsretting, han øydelegg, fornektar og tyner fridomen. Det gjer han i namnet åt fridomen, i namnet åt “fridomane”. Seksull fridom og kynsfridom, som dreg med seg genetisk fridom, han legg upp til å standardisera og velsigna alle slags avvik som – kor som er – endar med å verta kodifiserte i staden for å få vera frie. Dette endå um dei deklarerte intensjonane skulde segja noko anna.

Når ein jamvel nektar folk å ha ein genetisk identitet – og opnar feltet til endelause kombinasjonar, so freistar bakmennene å kutta av alle band til det som stikk litt djupare. Det gjeld både einskildindividet og heile hopehavet. Sønene åt den liberale progressivismen, som starta det heile med slagordet um at “det er forbode å forby”, dei endar med å forby alt det som stødt hev vore (frå eros til røykjing, frå alkohol-drikking til svinekjøt-eting). I staden for tradisjonar so tvingar dei på folk eit slags mutasjonsprosjekt.

Frå eit fundamentalt synsleite so er dette Utopia sitt upprør mot Myten. Frå eit symbolsk referanse-synsleite, so er det formlaus tellurisme som vil ha hemn yver den olympiske viriliteten. Eit rettelegt “clash of civilizations” – det einaste røynlege – som me treng å vera medvitne um.

Imperiet er aksen frå Myte til Olympisk Virilitet.

“Myten” – minnar Ernst Jünger oss um i “Waldgänger” (“Treaty of the rebel”) – “er ikkje attendelagd soga. Det er ein tidlaus realitet som repeterar seg sjølv gjenom soga”. Soleides lyt me starta derifrå for å endra den historiske gangen.

Kor som er, so lyt me vera medvitne um at me liver under eit diktatur. Det kann ikkje vera annleis, so lenge dei som leider dansen strævar utopisk etter å fornekta dei kosmiske lovene.

“Fleirtalet”, held Jünger fram, “kann på èi og same tid handla innanfor lovi sine råmor og samstundes skapa lovløysa. (…) Misbruket kann verta meir og meir grovt, og verta til rettelege brotsverk mot sume gruppor.”

På den andre sida, denne påståtte normaliteten som i dag er kalla for det polisk korrekte, han kann ikkje halda seg uppe so lenge han ikkje held fram med å identifisera “minoritetar, nonkonforme, som han kann forfylgja. Det segjer seg sjølv at kvar og ein som utmerkjer seg med nedervde kvalitetar, ikkje er friteken for denne risikoen”.

Han som kjempar for normar, for rettferd og for sanning, han kann difor ikkje vera umedviten um den urettvise og ujamne kampen med dei som ikkje berre dikterar spelereglane, men som fuskar heile tidi.

Og på dette spelebrettet kann ein berre tapa. Ein kann gjera snøgge, flyktige og effektive raid, men ein kann ikkje halda stand nokon stad. Um ein gjer det, so må ein vita at ein kjem til å tapa innsatsen sin. Som i Kipling sin “If” so skal han verta nøydd til å “starta um att frå byrjingi av – og aldri segja eit ord um tapet”.

Den fyrste fridomen og den fyrste autonomien, det fyrste maktmiddelet, det ligg i det å ikkje spela med på spelet. Syt for at du korkje moralsk, økonomisk eller psykologisk hev bruk for det som Leviathan hev sett fram på bordet, og lat deg ikkje riva med av dei redslone som han hev indusert. Dette er den eine premissen som ikkje er til å koma i frå dersom ein skal kunna frigjera seg og leggja grunnlaget for noko nytt.

Den einaste sjansen som den imperiale rebellen hev til å klara seg, han skriv seg frå evna til å verta verande upåverka av all slags smeikjing og alle slags trugsmål. Den imperiale rebellen fær ikkje stikka av når han hamnar i ein konfrontasjon – og han må ikkje lata seg freista til å nytta seg av språkbruken eller gestane åt dei som ikkje er som honom sjølv. Han må, augustinisk, vita korleis ein kann verka i denne verdi utan å vera av denne verdi.

Som Jünger gjer framlegg um, so må han “gå inn i skogen” eller, meir presist, og endå lengre, verta i stand til å sjølv vera skogen i midten av byen.

Kor som er, du kann ikkje gå inn i skogen, og endå mindre vera skogen sjølv, dersom du ikkje hev funne fram att din eigen indre byrgskap, um du ikkje hev funne attende dei røtene som gjer det moglegt for stammen å stå rett upp.

Imperium – som er den indre aksen framfor alt anna – er nett det som gjev dette høve til å henda.

Det er grunnen til at det imperiale svaret, som kjem til å vera folkelegt og ålment, skal verta fødd som eit elitistisk svar. Kor som er, det kjem frå ein open og gjevmild elite. Endå ein gong Jünger: “Det kjem til å vera elitar som kjempar for ein ny fridom – kampen som krev store offer og som må tolkast på ein slik måte at han ikkje er noko mindre viktug enn det han faktisk er”.

"Kor som er, du kann ikkje gå inn i skogen, og endå mindre vera skogen sjølv, dersom du ikkje hev funne fram att din eigen indre byrgskap... Imperium - som er den indre aksen framfor alt anna - er nett det som gjev dette høve til å henda."

«Kor som er, du kann ikkje gå inn i skogen, og endå mindre vera skogen sjølv, dersom du ikkje hev funne fram att din eigen indre byrgskap… Imperium – som er den indre aksen framfor alt anna – er nett det som gjev dette høve til å henda.»

Dei nye elitane må serskilt vera medvitne um det at “det er ikkje råd å venda attende til Myten; Myten møter me att når sjølve fundamentet for tidi lettar frå bakken, under trugsmålet um ein ekstrem fåre”.

Ernst Jünger kallar oss dessutan til å stødt vera aktive og til stades. “Valspråket åt rebellen er “Hic et nunc” – å vera ein rebell er å vera ein mann som kann handla fritt og sjølvstendig”.

Hic et nunc, her og no. Desse tvo ordi tyder Imperium og garanti. Um me liver upp til dei so er me frie. Jamvel um det å vera fri ikkje lenger er nokon rett, men ei vanskeleg uppgåva. Ei uppgåva som vert mindre og mindre akseptert millom folk, men som er ei plikt me lyt taka på skuldrane våre – um det so berre skulde vera av truskap til forfedrane og til etterkomarane våre, desse som me treng å gjeva både fridom og eit verdig liv attende til.

Imperium, Hic et Nunc: For å sikra framtidi åt folket vårt, nasjonane våre, regionane våre og vårt Europa. For å kunna verta frie, slik som mennene i skogen og dei villfarne kniktane.

Gabriele Adinolfi