Europeiske friviljuge til Kosovo i oktober

Dei seinaste åri hev ei gruppa europeiske friviljuge arbeidd med å gjeva humanitær hjelp til den serbiske minoriteten som framleis er att i Kosovo og Metohija. I oktober i år skal dei endå ein gong ut på hjelpeuppdrag. Slik fær dei både strekt ut handi til menneske i naud og gjeve eit tydelegt signal um at ikkje alle i Vest-Europa steller seg attum NATO-aggresjonen mot Jugoslavia og andre «ulydige» land i verdi.

Flesteparten av dei friviljuge kjem frå Tyskland og Finland, men folk frå heile Europa kann vera med på arbeidet. Upptaksmannen Maik M. skildrar arbeidsuppgåvone deira slik:

«Arbeidet vårt og den studnaden me fekk frå hjelpesmennene våre gav oss i fjor høve til å stydja huslydar, skular og barnehagar med pengar og utstyr som dei hadde bruk for.

Attåt pengestudnad til skulebøker og skulemateriell, naudsynt renovasjonsarbeid, sportsutstyr til ein skule – og endå fleire saker og ting – so er hovudmålsetnaden vår dette året å få tak i ein bil til direktøren for barnehagen i Orahovac – som samstundes arbeider i velika Hoca. Bilen skal framfor alt nyttast til det daglege arbeidet med barnehagen og syta for den fleksibiliteten som trengst når ein skal arbeida på tvo stader på ein gong.

Borni i Kosovo drøymer um ei framtid i landet sitt, og den europeiske solidaritetsfronten for Kosovo styd dei med handfaste hjelpeåtgjerder.

Borni i Kosovo drøymer um ei framtid i landet sitt, og den europeiske solidaritetsfronten for Kosovo styd dei med handfaste hjelpeåtgjerder.

Dei nære kontaktane våre med menneske og lokale institusjonar gjer oss i stand til å nytta pengane me fær inn på ein sers målretta måte. Alle åtgjerder og hjelpeaksjonar vert dokumenterte på nettsida vår. Reisekostnadene våre legg me dessutan ut for or vår eigi lumma! Alle gåvor som me fær inn gjeng eine og åleine til hjelp for menneske i Kosovo!»

Dei som ynskjer å stydja hjelpearbeidet kann gjeva ei pengegåva her:

https://www.betterplace.org/de/projects/42043-mission-kosovo-2016

Den europeiske solidaritetsfronten for Kosovo (ESFK) vart skipa i 2013 for å stydja den serbiske minoriteten som framleis bur i det eldgamle fedrelandet deira i Kosovo og Metohija. ESFK er eit hopehav av europeiske friviljuge som ynskjer å stydja og hjelpa dei menneski som strævar for å klara seg og kunna byggja seg ei framtid i Kosovo – i trass mot alle verdsens makter. Dei seinaste åri hev ESFK skipa til ei rad ulike humanitære uppdrag, og under desse uppdragi hev ein makta å hjelpa mange familiar, skular og andre institusjonar i dei serbiske enklavane. I dei neste åri so kjem ESFK til å halda fram dette arbeidet. Attåt humanitære uppdrag og naudhjelp, so freistar dei setja i gang lokale prosjekt som med tidi skal kunna stå på eigne føter.

Redaksjonen