Supermåndagen i Meland: Ein blåmåndag for makteliten

Med stort politisk fleirtal i kommunestyret, og med både lokalmedia og lokale næringslivstoppar i ryggen, so skulde folkerøystingi um kommunesamanslåing vera mest for ei ferdigdømd straffe å rekna – som det berre stod att for politikarane å sparka rett i mål. Slik gjekk det ikkje: Med knappast moglegt fleirtal so sa folket i Meland nei til storkommune i Nordhordland. 1060 røyster for kommunesamanslåing – og 1108 røyster mot.

Me er i Meland våren 2016. I kommunestyret er uppslutnaden um kommunesamanslåing sterk, og det heile vegen frå ytste vinstre (MDG) til ytste høgre (FrP). Heile? Nei, Senterpartiet og den vesle bygdelista Folkeviljen i Meland yter framleis motstand. Medan lokalmedia køyrer kampanjejournalistikk for storkommunen, so satsar Meland-patriotane på sosiale media – framfor alt på Facebook. Folkerøystingi er soleides ikkje berre eit uppgjer millom tvo ulike framtidsvisjonar for Meland. Det er like fullt ein test på um det var moglegt å nytta sosiale media til å utfordra det tradisjonelle maktapparatet sitt meiningsmonopol i offentlegt ordskifte.

Spaning til siste slutt

På «supermåndagen» den 23. mai so stengde vallokali i Meland klokka 20 um kvelden. Dei 512 fyrehandsrøystene vart offentleggjorde alt klokka 21. Av desse røystene skulde 231 vera for storkommunen, 279 var imot og 2 røyster var vortne forkasta. Fyrehandsrøystene synte altso eit knapt fleirtal mot kommunesamanslåing, og det låg an til å verta ein spanande kveld.

Tid for å opna urnone...

Tid for å opna urnone…

Når klokka nærma seg halv ti so var resultatet frå supermåndagen i Meland so godt som reidugt: 1048 hadde røysta for kommunesamanslåing og 1084 hadde røysta imot. Berre 35 røyster stod att å telja upp. Kor som er, med ein differanse på 36 millom nei og ja, so var det klårt at jamvel um alle dei siste 35 røystene var ja-røyster, so kom det til å enda med nei-fleirtal. Og når desse siste 35 røystene var talde upp, so hadde nei-sida styrkt fleirtalet sitt: 1060 røyster for kommunesamanslåing og 1108 røyster imot.

Teljekorpset er i sving - og ordføraren syter for at augneblinken fær ein plass i æva.

Teljekorpset er i sving – og ordføraren syter for at augneblinken fær ein plass i æva.

Ungdomen sa klårt nei

Det er verdt å merka seg at dei siste 35 røystene som vart talde upp var 16-åringar som hadde røysta ved Rossland Ungdomsskule. Med 23 «nei» av i alt 35 røyster so var rådet frå dei unge altso ikkje til å taka i miss um: 66 prosent av ungdomen i Rossland sa nei til å leggja ned Meland Kommune. Normalt burde ungdomen sitt råd vega tungt for politikarar som skal taka avgjerder med konsekvensar langt inn i framtidi…

Ungdomen vil til Knarvik - og dei einaste som vil taka vare på Meland gamle menneske som snart skal døy likevel. Det er bodskapen som lokalavisa Strilen presenterte måndag ettermiddag. Røyndomen syner seg å vera den stikk motsette...

Ungdomen vil til Knarvik – og dei einaste som vil taka vare på Meland er gamle menneske som snart skal døy likevel. Det er den subtile bodskapen som lokalavisa Strilen la ut på framsida måndag ettermiddag. Røyndomen synte seg å vera den stikk motsette, det var 16-åringane ved Rossland Ungdomsskule som sytte for at fleirtalet bikka ned på eit stabilt nei-standpunkt…

Solide nei-fleirtal i Austrheim, i Fedje, i Masfjorden, i Modalen og i Gulen

Det er verdt å merka seg at det ikkje var ei einaste folkerøysting i Nordhordland på «supermåndag» som gav fleirtal for kommunesamanslåing. Tvert imot var det i alle dei hine kommunane solide fleirtal imot kommunesamanslåing – i Modalen var nei-fleirtalet so stort som 95 prosent! Jamvel um ordførarane i Radøy og Lindås vil gå vidare med kommunesamanslåing, so er det under alle umstende klårt at det ikkje vert noko av sentralistane sin våte draum um å samla heile Nordhordland til ein einaste stor kommune.

Planen åt styresmaktene er at «kommunereformi» skal verta etterfylgd av ei «regionreform» – der dei aller helst vil leggja ned alle tri vestlandsfylki og skifta dei ut med ein «vestlandsregion». Dersom Gulen (Ytre Sogn) gjeng inn i nordhordlandskommunen og Hornindal og Stryn gjeng inn i Volda (Sunnmøre), so hadde det alt no vore spikaren i kista for Sogn og Fjordane – fylket som gong etter gong er vorte kåra til det beste fylket å bu i og som hev minst kriminalitet, færrast HIV-smitta menneske og som ikkje minst er so godt som 100 prosent nynorsk. Men med Gulen sitt klåre nei til samanslåing hev regionreformi fenge sitt fyrste solide skot for baugen.

Og politikarane, kva segjer dei?

Frammøtet ved folkerøystingi i Meland var på 36,6 prosent. Alt den same kvelden slo ordførar Øyvind Oddekalv fast at han meinte fleirtalet var for knapt og frammøtet for lågt til at han kom til å taka folket sitt råd til fylgje. I staden held samanslåingstingingane med Lindås og Radøy fram alt i morgon.

Mykje av grunnen til det låge frammøtet er nett det at Meland-politikarane alt i god tid fyre røystingi hev signalisert at dei ikkje kjem til å lata seg binda av resultatet. Det er stort politisk fleirtal i kommunestyret for samanslåingi – og politikarane frå Ap, Høgre, KrF og Venstre hev alt på fyrehand slege fast at dei ikkje kjem til å fylgja rådet frå veljarane, so kva er vitsen med å møta fram? Slik skal mange ha tenkt i dagane fram mot røystingi, og det hev Målmannen fenge stadfest frå ei rad ulike kjeldor.

Alt i god tid fyre folkerøystingi vart det tydelegt signalisert frå lokalpolitikarane at eit nei-fleirtal i folkerøystingi ikkje kom til å verta teke til fylgje. Mange upplivde difor heile spelet som rigga, og dette er medverkande årsak til den låge valdeltakingi.

Alt i god tid fyre folkerøystingi vart det tydelegt signalisert frå lokalpolitikarane at eit nei-fleirtal i folkerøystingi ikkje kom til å verta teke til fylgje. Mange upplivde difor heile spelet som rigga, og dette er trulegt ei medverkande årsak til den låge valdeltakingi.

Elles so er det verdt å merka seg at ei deltaking på 36 prosent slett ikkje er serskilt lågt – når det kjem til stykkjet. Tvert imot syner tal frå SSB at lokale folkerøystingar i snitt hev ei deltaking på kring 40 prosent – og 90 prosent av desse røysteresultati vel styresmaktene å taka til fylgje (https://www.ssb.no/valg/statistikker/folkavs_kostra/aar/2011-03-24).

Meland FrP hev vore kløyvde i spursmålet um storkommunen, men hev samstundes lova å fylgja resultatet av folkerøystingi. Det stend att å sjå um dei held ord.

Meland FrP hev vore kløyvde i spursmålet um storkommunen, men hev samstundes lova å fylgja resultatet av folkerøystingi. Det stend att å sjå um dei held ord.

I kommunane Radøy og Lindås vart det ikkje halde folkerøystingar i det heile. I staden vart det skipa til ei «opinionsundersøking» der folk vart ringde upp og bedne um å taka stilling til ei rad påstandar um kor positivt det visstnok skulde verta med ein ny kommune – og der dei heilt på slutten av intervjuet vart spurde um dei sjølve ynskte seg ein sovoren storkommune eller ikkje. I alt vart um lag 800 menneske i Lindås ringde upp og spurde ut med desse telefonsal-liknande teknikkane, og i ein kommune med 15.500 menneske so svarar det til litt yver fem prosent av folkesetnaden. Medan 36 prosent valdeltaking i Meland er for lite til at politikarane ser grunn til å bry seg med resultatet, so er altso fem prosent meir enn nok for politikarane i Lindås til at dei vil gå vidare og banka storkommunen igjenom – og det utan at nokon steller spursmål ved representativitet eller intervjumetodar…

Nei-sida vann slaget. Kann det nyttast til å vinna krigen?

Eit ja-fleirtal i Meland i kveld hadde vore eit endelegt «game over» for dei som vilde berga kommunen frå nedleggjing. Med eit knapt nei-fleirtal hev Meland-patriotane kjempa seg igjenom det fyrste slaget og kome seg vidare til neste runde i spelet – og korti dei hev på handi er slett ikkje so dårlege. Frammøtet burde ha vore større og nei-fleirtalet burde ha vore klårare – men eit nei-fleirtal er eit nei-fleirtal, og jamvel med 60 prosent nei og frammøte godt yver førti prosent so hadde framhaldet av saki vorte det same: Politikarane frå Ap, Høgre og KrF vil ha storkommunen, koste kva det koste vil. No kann dei verta nøydde til å tvinga igjenom storkommunen på den aller minst legitime måten dei kunde gjera det på.

Ved EU-kampen i 1994 vart det lagt eit massivt press på Senterpartiet og SV for at stortingsrepresentantane deira skulde røysta imot si eigi yvertyding og melda Noreg inn i EU dersom resultatet av folkerøystingi skulde verta eit knapt ja-fleirtal. Atterhald um valdeltaking og geografisk representasjon vart ikkje godtekne. 16 år seinare møter Arbeidarpartiet og Høgre seg sjølve i døri i Meland. Til sjuande og sist demonstrerar den låge valdeltakingi berre det faktum at styresmaktene ikkje hev greidd å skapa nokon entusiasme for den umfemnande strukturendringi som kommunereformi visselegt er. I staden er det eit kløyvt nordhordlandsfolk som ordførar Øyvind Oddekalv no vil tvinga med seg inn i ein ny storkommune. Den politiske prisen for framferdi hans kjem til å verta høg.

Olav Torheim

Det er fullt høve for andre media å nytta seg av denne reportasjen so lenge dei gjev honom att i sin heilskap og syner til kjelda på maalmannen.no.

Sjå dessutan:
Kommunereformi: Mangelfullt ordførarskriv
Regionreformi er ein retur til embetsmannsstaten
Gjer kommunevalet til ein sabotasjeaksjon mot kommunereformi
Frå Homs til Hermansverk: Me hev enno eit val
Program for ein europeisk vestlandsregionalisme på fullnorsk grunn