Antirasistisk mordfreistnad med hammar

Eit brutalt yverfall med tåregass, jarnstenger og hammar kunde ha kosta den franske rapparen Goldofaf livet. Eit hammarslag mot hovudet knuste kraniet og gjekk 7 cm i skallen. Ugjerningsmennene var franske «antifascistar».

Det er Yves Goldofaf som sjølv fortel um hendingi på sin eigen Facebook-profil. Dei skal ha vore fem kompisar som sat ute på ein fortauskafè i Paris då åtaket kom – heilt ut or det blå. Ei gruppa på fem personar hadde snike seg inn på dei bakanifrå, og tok til å gassa dei med tåregass-spray. Best det var, so var dei hamna midt inne i ei tåregass-sky, og valdsmennene nytta høvet til å gå laus på dei med slag og spark – og det med full kraft.

"Gravé dans la roche" (skore i stein) er ein av låtane som Goldofaf hev gjeve ut. Sist helg fekk han sin eigen strid for fransk kultur inngravert i skallen..."

«Gravé dans la roche» (skore i stein) er ein av låtane som Goldofaf hev gjeve ut. Sist helg fekk han provet på eigen strid for fransk kultur inngravert i skallen…

Hardt skadd

Åtaket vara ikkje meir enn nokre sekund, deretter la yverfallsmennene ut på flukt. Goldofaf og kompisane tok upp jakti, og dei greidde å fakka den eine av dei. Væpna med jarnstenger vende dei hine yverfallsmennene attende for å berga kameraten sin, og soleides lukkast dei alle med å koma seg vekk. Fyrst etter at Goldofaf og venene hans var komne seg attende til fortauskafeen, so gjekk det upp for dei kor hardt skadd Goldofaf var vorten. Eit hammarslag mot hovudet hadde gjenge igjenom kraniet og fare 7 centimeter inn i skallen, og blodtapet var stort. Ein ambulanse vart tilkalla og Goldofaf vart liggjande på sjukehus yver pinsehelgi.

Samfundsengasjert familiefar

Yves Goldofaf er gift og far til tri born – med det fjorde barnet på veg. Han er nasjonalist og truande katolikk, og hev vore aktiv i den tjodlynde og katolske gruppa Renouvea Francais – som fører vidare Charles Maurras sin integrale nasjonalisme. Han er ein av pionerane innanfor nasjonalistisk rap-musikk, og Målmannen hev tidlegare teke fyre seg musikken hans.

Jamvel um åtaket kom heilt ut or det blå, so er det alt anna enn blind vald. Snarare er det målretta politisk vald frå vinstreekstremistar. For Goldofaf sin part er dette tridje gongen at han hev upplivd yverfallsfreistnader. I Frankrike hev det tradisjonelt vore langt mindre problem med valdelege vinstreekstreme enn det ein til dømes hev havt i Tyskland, men i Paris-regionen finst det eit lite og militant, vinstreekstremt miljø som freistar å kopiera tysk antifa. Mange er dei ikkje, men nett difor er dei vortne desperate so det held. Resultatet såg ein sist fredag med åtaket i Paris.

Redaksjonen