Skal svaret på globaliseringi koma frå ørkenen eller frå skogen?

Globaliseringi, det er framhaldet av ein prosess som vart fødd med ågerrentone. Ein prosess som slo igjenom for fullt i det tjugande hundradåret – etter at dei tvo verdskrigane og den bolsjevikiske revolusjonen var komne til endes. Det globale systemet som kom i kjølvatnet av denne prosessen, det er av det sovjetiske slaget – og det serskilt i Vesten. Visst er systemet kapitalistisk, men like fullt er det sovjetisk – i kraft av den påtrykte mentaliteten, den umfemnande detaljstyringi, den konforme kulturen og byråkratiet.

Dette systemet hev peika ut sine fiendar: Identiteten, fridomen, det personlege initiativet, eigedomen, folkehopehavet, det heilage.

Heile den europeiskætta Vestverdi er stenka i sovjetisk tankegang, det er eit mentalt fengsel som me er vortne fanga i.

Dei nasjonale institusjonane våre, den europeiske unionen, det gamle sovjetiske imperiet, dei danar eitt stort Gulag, èin einaste stor ørken som berre veks. Stakkars han som hev ein ørken i hjarta sitt!

Er svaret politisk? Ja, men berre til eit visst punkt.

Den politiske makti er underlagd finans-sovjeti og satellitt-sovjeti, ho finst ikkje lenger som ei sjølvstendig makt – og der ho skulde finnast er ho sers avgrensa.

Dei folkelege reaksjonane er ei forvitneleg ovring av vår tid. Same kva ein meiner um dei som styrer deim, so tilbyd dei ingenting anna enn illusjonar um dei ikkje vert fylgde upp med strukturerte alternativ.

"Dei nasjonale institusjonane våre, den europeiske unionen, det gamle sovjetiske imperiet, dei danar eitt stort Gulag, èin einaste stor ørken som berre veks. Stakkars han som hev ein ørken i hjarta sitt!"

«Dei nasjonale institusjonane våre, den europeiske unionen, det gamle sovjetiske imperiet, dei danar eitt stort Gulag, èin einaste stor ørken som berre veks. Stakkars han som hev ein ørken i hjarta sitt!»

So kvar vil eg hen?

Det me treng å gjera er å strukturera dette alternativet i parallell med det politiske systemet. Det heiter å halda uppe eit konstruktivt samband med dei folkelege reaksjonane, men utan å avgrensa seg til å kultivera illusjonar.

Upp mot ørkenen set me skogen: Vår eigi verd med kjeldor, elvar, fjell. Me må skapa noko for å kunna fylla tomromet, me må veksa oss upp motbakken.

Det som tel mest, det er å veksa mentalt, åndelegt, kulturelt, økonomisk, organisatorisk – med fyremålet å skapa autonomi og makt.

Soleides lyt me skapa eit råmeverk som gjev mest mogleg autonomi for dei institusjonane som driv med produksjon, me må knyta dei saman med ein syndikal logikk og styrkja det lokale sjølvstyret.

Dette er viktugt: Mykje viktugare enn valresultat.

Ein må gjera dette i heile Europa, i samsvar med den imperiale tanken.

Eit Imperium som ikkje er det same som EU. Den europeiske unionen skal me kjempa imot, men samstundes so vil me vil ikkje vikla oss inn i ein sentrifugerande logikk som strippar oss for all makt.

Eit Imperium som me både må skapa oss i vår eigi fyrestellingsverd og som me samstundes byggjer stein på stein i vårt daglege liv.

Eit Imperium som garanterar og fremjar nasjonane og regionane våre.

"Upp mot ørkenen set me skogen: Vår eigi verd med kjeldor, elvar, fjell. Me må skapa noko for å kunna fylla tomromet, me må veksa oss upp motbakken."

«Upp mot ørkenen set me skogen: Vår eigi verd med kjeldor, elvar, fjell. Me må skapa noko for å kunna fylla tomromet, me må veksa oss upp motbakken.»

Eit Imperium med arv frå den greske tenkjingi og frå den gibelinske aksen, som både gjev næring og styrke til dei røtene som me treng å finna attende til – og det tankeuniverset som høyrer desse til (det norrøne, det keltiske, det slaviske, det latinske). Me gløymer helder ikkje dei gamle koloniale verdene som framleis held uppe internasjonale samband (Spania, Portugal, Frankrike, Belgia, Holland). Desse sambandi kann me gjeva nytt liv og me kann nytta oss av deim til å snu migrasjonsstraumen.

Denne imperiale logikken må soleides ha til målsetnad å organisera sosiale gruppor og produsentar i ein struktur som både er korporativ og røtt i det etniske. Det heile må skje ut frå ein heilskapleg visjon og med fyremål å finna attende vår eigen vilje til makt.

Berre slik kann me gjeva Europa den styrken og samanhengskrafti som er sterk nok til å stydja dei folkelege reaksjonane. Berre slik kann me koma på banen att og byda ørkenen mest mogleg motstand.

Gabriele Adinolfi