Kva er nazisme? Kven er nazistane?

Er nazistar og islamistar like ille? Påstanden vart nylegt sett fram av ein person som grunngav utsegni si med det at båe tvo hadde “forskrudde” og “ekstreme” meiningar, difor var dei for eitt og det same å rekna. Jamvel um resonnementet var ein rein Morlille-syllogisme, so fekk det meg til å tenkja: Kva er nazisme? Finst nazistar i dag, og kven er dei?

Nokon autoritativ definisjon på nazisme er ikkje so lett å finna fram til. Um du spyrr mannen i gata, so kjem han neppe til å gje deg nokon definisjon, men snarare ei rad med døme på ugjerningar som skal vera nazistiske: Raseskilje, jødeforfylgjing, gasskammer og folkemord (og i alle fall ikkje Autobahn, dyrevelferd eller arbeid til alle)…

Nazistar, den gongen. Kven er "nazistar" no?

Nazistar, den gongen. Kven er «nazistar» no?

Jamvel utan nokon klår definisjon, so er det dimed klårt for dei fleste at nazisme er noko som må nedkjempast med alle midlar. Soleides er det helder ikkje so rart at media i tur og orden hev fortalt oss at Saddam Hussein var ein Hitler, Gadaffi var ein Hitler og at Assad er ein Hitler. I det siste hev me jamvel fenge høyra at Donald Trump er som Hitler…

“Nazisme” i daglegtala

Under det tridje riket kalla styresmaktene seg for nasjonalsosialistar, ikkje nazistar. Nemningi “nazisme” er utforma av nasjonalsosialismens ideologiske motstandarar – og slik sett er det ikkje so ulikt frå ei onnor sterkt negativt ladd nemning: “stalinisme”.

Stalinisme er eit umgrip som i daglegtala karakteriserar eit totalitært regime med umfemnande yvervaking og forfylging av politiske motstandarar. På same måten som med “nazistar”, so vil du helder ikkje finna folk som sjølve kallar seg “stalinistar”. Kommunistar som forsvarar Stalin vil snarare kalla seg for marxist-leninistar – og i motsetnad til “nazistar” so risikerar dei ikkje straffeforfylging um dei steller spursmål ved den offisielle sogeskrivingi…

Realdefinisjonane på både “nazisme” og “stalinisme” inneber at det i båe høve sviv seg um politiske regime som hev drepe og forfylgd menneske på ein gruvsam måte. Det er dette me snakkar um når me i daglegtala skuldar andre for å ta i bruk “nazistiske” eller “stalinistiske” metodar. Det sviv seg fyrst og fremst um handlingar og verkemidlar og mindre um ideologi – same kva den historiske nasjonalsosialistiske eller marxist-leninistiske ideologien upphavlegt skulde gå ut på. Det siste vert rett og slett ein annan diskusjon.

Nasjonalsosialisme i historisk kontekst

Ein kjem ikkje i frå at den tyske nasjonalsosialismen var ei historisk ovring som uppstod som ein reaksjon på andre historiske ovringar, ekstrem-liberalisme og kommunisme. Det tyske samfundet var ikkje fyrebudd på det som venta dei, og det pressa fram ein reaksjon – ein ekstrem reaksjon, rett nok.

Kva gjeng so den upphavlege nasjonalsosialistiske ideologien ut på? Helder ikkje her er det råd å koma med noko klårt svar. Innanfor det tyske NSDAP fann ein både ein borgarleg fløy og ein revolusjonær, antikapitalistisk fløy. Ein fann både ein kyrkjeleg fløy og ein nyheidensk fløy. Nokon klår og tydeleg verdsåskodande ide finn ein ikkje i NSDAP. Det som derimot var det samlande, det var truskapen til Adolf Hitler, til partiet NSDAP og til det tyske riket.

Etter 1945 var Adolf Hitler død, dei hine NS-leidarane vart avretta, NSDAP vart forbode og tvo nye statar (BRD og DDR) vart grunnlagde på ruinane av det tyske riket. Alle dei tri samlande pilarane for nasjonalsosialismen var dimed burte. Det er soleides ikkje lenger moglegt å snakka um nokon “nazisme” etter 1945 – for nasjonalsosialismen som historisk fenomen er død. Når media i seinare tid hev byrja tala um “ny-nazistar”, so er det nett av di dei veit dette godt.

Naturlegvis finst det personar og gruppor som på den eine eller andre måten ynskjer å vera ideologiske arvtakarar. Desse vert i so fall nøydde til å velja seg ut kva for ein av dei mange ulike tendensane innanfor den nasjonalsosialistiske rørsla det er dei ynskjer å reindyrka og føra vidare. Same kor “autentiske” dei sjølve tenkjer at dei skulde vera, so kjem dei ikkje i frå at det dei gjer er å konstruera noko nytt. Um ein til dømes les “Die zweite Revolution” av Michael Kühnen, som gjenom heile 1980-talet var ein leidande ideolog og organisator innanfor tysk “nynazisme”, so målber han ein klår kritikk mot Hitler – og han tek til ords for ei politisk lina som den gongen vilde ha vorte slege ned på som “strasserisme”.

Her kann ein draga ein parallell til spansk “falangisme”: I den grad det finst folk som kallar seg for “falangistar” i dag, so er det dei nasjonal-syndikalistiske ideane åt Primo de Rivera som dei knyter seg upp til, ikkje den autoritære Franco-staten – som aldri sette dei nemnde ideane ut i livet.

Javisst finst det framleis «nynazistar» som er upptekne av å kopiera symbol- og språkbruken frå det tridje riket, meir enn 70 år etter at NS-regimet kollapsa. Frå norske massemedia høyrer me til dømes stødt um Nordfront. Det burde vera ein tankevekkjar for desse at nasjonalsosialistane i si tid gjorde det stikk motsette av det dei gjer: Dei skapte ein heilt ny estetikk. Nasjonalsosialismen var noko heilt nytt då det kom, og ideologane deira såg på det som ein freistnad på å gjera ein syntese som yverskreid skiljelinone millom dei tvo andre ideologiane som var rådande på den tidi, liberalisme og marxisme. Nasjonalsosialistane var ikkje keisarrike-nostalgikarar eller monarkistar.

Nazistar, riddarar, vikingar og andre anakronismar som brikkor i eit spel

I daglegtala er “nazisme” vorte til eit reint skjellsord. Nokon definisjon kann ein ikkje tala um, sidan det normalt berre vert gjeve flusst med døme på negative hende og ting som skal assosierast med ordet “nazisme”.

So lenge «nazisme» ikkje hev nokon definisjon, men einast vert konkretisert med ei rad ulike døme som skal framkalla skrekk, so er ikkje denne nemningi eigna til anna enn ein einaste ting: Å laga nye samanstellingar der alt som ein ikkje likar skal assosierast med «nazisme». Det er ikkje eit umgrep ein kann nytta til å diskutera noko meiningsfullt, med di ein meiningsfull mental modell vantar – det sviv seg einast um assosiasjonar.

Um ein ser på nasjonalsosialismen som eit historisk fenomen, so ser ein derimot at det var ein handfast reaksjon på andre historiske fenomen som ein ikkje kann lausriva seg frå. Nasjonalsosialismen var ei politisk kraft å rekna med fram til 1945 – då han vart nedkjempa med våpenmakt og alle dei strukturane som han kvilte på vart knuste.

Konklusjonen må dimed vera: Det finst ingen nazisme etter 1945, og å snakka um “nazistar” i dag er ein rein anakronisme. Dei finst like lite som “riddarar” eller “vikingar” finst. Til dømes må ein gjerne meina at Lars Monsen er “ein ekte viking”, men med den historiske vikingtidi hev det ingenting å gjera…

Derimot finst det no som den gongen styresmakter og regime som både myrdar og forfylgjer menneske med metodar som ut frå daglegdags språkbruk både kann kallast for “nazistiske” og “stalinistiske” – og der våre eigne norske leigesoldatar er med, med kamprop som skal ta dei “Til Valhall”. Det burde vera nok å nemna krigføringi i Afghanistan, Irak, Libya og Syria. I den grad det framleis trengst “kamp mot all nazisme” so er det her at kreftene bør setjast inn i dag.

Det er elles verdt å merka seg at i massemedia so er 1938 og München-forliket aldri langt undan. Vil ein ikkje ha nye NATO-krigar, so er ein som Chamberlain, heiter det. Men politikk er ikkje re-enactment. Dei som trur det, dei legg sjølve upp til at soga skal gjenta seg – både som ein tragedie og som ein farse.

O. Torheim