Jean-Marie Le Pen: -Me må alle stå saman mot masseinnvandringi

-Aldri fyrr hev Frankrike vore so truga som no. Tidi er komi for å stå saman mot globalismen, same kva som elles skulde skilja oss. Dette hevda Jean-Marie Le Pen, han var æresgjest på den nasjonale og identitære konferansen i Paris. 

Den nasjonale og identitære dagen i Paris er ein årviss konferanse, skipa til av tidskriftet Synthese Nationale. I år vart konferansen skipa til for tiande året på rad, under slagordet «For ein nasjonal og identitær framstøyt». Politikarar, aktivistar, skribentar og journalistar frå heile Europa var til stades under tri ulike rundebordskonferansar.

FULLSETT SAL: Panelordskifte med millom anna Jean Marie Le Pen, Filip Dewinter og Gabriele Adinolfi.

FULLSETT SAL: Panelordskifte med millom anna Jean Marie Le Pen, Filip Dewinter og Gabriele Adinolfi.

Le Pen: Masseinnvandringi eit dødelegt trugsmål

-Alt for 40 år sidan, so var slagordet åt Front Nasjonal: «Slutt deg til oss, fyre det er for seint». Sidan den gongen hev problemi berre auka på, og stoda hev aldri vore meir ålvorleg for Frankrike enn no. Det grunnleggjande, dødelege problemet for Frankrike er den massive innvandringi, hevda Le Pen.

-Sume hev teke til ords for «remigrasjon», men dei praktiske framleggi som dei hev kome med er for lite og for seint. Helvten av dei nyfødde i Frankrike i dag er muslimar. Anten må me godtaka at det franske folket gjeng demografisk i uppløysing, eller me må setja i verk løysingar som verkar.

-Det må verta slutt på «droit de sol». Slutt på familieinnvandring. Slutt på dubbel statsborgarskap.

-Me må gjeva eit klårt signal til dei ulovlege asylsøkjarane: Det er ingenting som ventar dykk her. Ingi innkvartering, ingi sosialhjelp, ingen skulegang, ingi medisinsk hjelp. Ingenting, null og niks.

Jean-Marie Le Pen hev ordet.

Jean-Marie Le Pen hev ordet.

Le Pen kom med ein appell som hadde klår adressa til dotter hans:

-Frankrike treng ikkje fred og ro, Marine Le Pen. Frankrike treng ein siger, og denne sigeren må me skapa. Me skal ikkje prata, men me skal strida, og me skal gjera det saman. Tidi er komi for å leggja gamle skilnader til sides og kjempa for at Frankrike framleis skal finnast, hevda Le Pen.

I tala si strekte han heilt konkret ut handi til Carl Lang frå Parti de la France og andre som han i si tid var med på å sparka ut frå Front National.

Kristne, heidningar og sekulære til sams kamp mot masseinnvandringi

At tidi var komi for å stå saman i kampen mot globaliseringi, det vart stadfest under panelordskiftet med Alain Escada frå katolske Civitas, Pierre Vial frå nyheidenske Terre et Peuple og Pierre Cassen frå den sekulære menneskerettsgruppa Riposte Laïque.

Den sekulære menneskerettsgruppa Riposte Laïque er ikkje so ulike frå vår eigen Human Rights Service, men dei ser islamismen i eit større globaliseringsperspektiv og dei hev ikkje "røyvingsangst" for andre innvandringskritiske krefter.

Den sekulære menneskerettsgruppa Riposte Laïque med Pierre Cassen er ikkje so ulike frå vår eigen Human Rights Service og Hege Storhaug, men i motsetnad til sistnemnde so ser dei islamismen i eit større globaliseringsperspektiv og dei hev helder ikkje «røyvingsangst» for andre innvandringskritiske krefter.

Alain Escada poengterte at det var internasjonale pengekrefter som lagde til rettes for den massive ikkje-vestlege innvandringi – og soleides for islamistisk ekstremisme og terrorisme. Han fekk tilslutnad både frå Pierre Vial og frå den tidlegare trotskisten Pierre Cassen. Pierre Cassen er ved fleire høve vorte dømd til bøter for å ha ytra seg kritisk um islam, men nektar å gje upp kampen for ytringsfridom i Europa.

Gabriele Adinolfi: Protestar og populisme er ikkje nok

Ein annan umtykt gjest på konferansen var Gabriele Adinolfi. Adinolfi poengterte at den nasjonale høgresida ikkje kunde nøgja seg med å snakka um problemi, dei måtte byrja å snakka um løysingar.

-Høgresida er best på idear, men vinstresida er suverent best på strukturar. Folk flest forstår at me hev rett, men samstundes so forstår dei at me er makteslause og ikkje kann gjera noko – og so lenge det er slik so vil dei ikkje slutta seg til oss.

-I desse dagar skyl det ei populistisk bylgja yver Europa, og me ser framvoksteren av protestrørslor yveralt – som med Front National, AfD, UKIP og Sverigedemokraterna. Det som desse rørslone vantar er ein klår strategi. Dei er mot innvandring, mot euro, mot yvervakingssamfundet, men kva er dei for? Kva ynskjer dei å gjera og korleis vil dei gjera det?

-Dei populistiske protestrørslone nyttar seg gjerne av ein aggressiv språkbruk, men ideane som dei ber fram skil seg ikkje stort frå systemet sine eigne idear. Dette ser me til dømes når innvandringskritikarar byrjar å snakka um «islamsk fascisme». Ein tenkjer at ein skal profitera på å nytta seg av ein politisk korrekt umgrepsbruk, men i staden skaper ein berre forvirring um kva slags krefter ein faktisk stend andsynes. Slik let dei høvet gå frå seg til få flutt fram eigne posisjonar.

-Det er her me som er nasjonalistar og som hev sett det store bilætet må koma inn og verta ein ressurs. Me må byggja kompetanse og etablera utanumparlamentariske strukturar som partii kann stø seg på. Me må driva med ideologisk skulering og ikkje ta sikte på noko mindre enn å byggja ein velskula elite som ein dag skal styra Europa, proklamerte Adinolfi.

Dissidence Française var millom gruppone som var til stades på konferansen. Dei nyttar seg av arbeidsmåtar som liknar dei til italienske Casa Pound.

Dissidence Française var millom gruppone som var til stades på konferansen. Dei nyttar seg av idear og arbeidsmåtar som liknar dei til italienske Casa Pound.

Les Brigandes med konsert

På slutten av konferansen var det tid for konsert med gruppa Les Brigandes, som hev gjort seg kjende med samfundskritisk populærmusikk.

Les Brigandes på scena.

Les Brigandes på scena.

Dei spela låtar både frå dei tvo fyrste platone sine og litt meir rocka låtar frå ei ny plata som dei hevda var i kjømdi.

Sams kamp for europeisk identitet

Meir enn 1300 menneske skal ha vore innum konferansen, og det er ny rekord.  Den nasjonale og identitære dagen hev vorte eit møtepunkt for heile spekteret av nasjonalsinna og globaliseringskritiske organisasjonar og gruppor i Frankrike.

Redaktør Roland Helia avslutta dagen med di han summerte upp det siste tiåret der den nasjonale og identitære dagen er vorten skipa til. Stoda i dag er ei heilt onnor enn det ho var i 2006, hevda han.

Det er slutt på tidi då gruppor som kjempa for same sak såg på kvarandre som fiendar, i staden hev konferansar som den nasjonale og identitære dagen medverka til å skapa ein nasjonal einskap og eit aksjonshopehav der det er plass til alle dei ulike sensibilitetane – med alle dei synergieffektane som det fører med seg. I namnet «Synthese Nationale» ligg programmet, avslutta Helie.

Redaksjonen

Det er fullt høve for andre medium til å nytta seg av denne reportasjen so lenge dei gjev honom att i sin heilskap og syner til kjelda på maalmannen.no.