-Politidirektoratet viser rettsstellet fingeren

Norsk politi bryt lovi når dei systematisk tek førarkortet frå cannabis-brukarar. Det slo lagmannsretten fast i ein dom som var eit solid rapp yver fingrane på norsk narkotikapoliti. Domen var knapt rettskraftig fyre Politidirektoratet hadde gjort eit nytt vedtak som fører den ulovlege praksisen vidare. -Politidirektoratet viser fingeren til rettsstellet, hevdar cannabis-bonde Bjørn Dahl.

Den økologiske bonden Bjørn Dahl fekk førarkortet sitt inndrege etter at politiet hadde aksjonert og kverrsett cannabis som han sjølv hadde dyrka på sin eigen gard. Dahl gjekk til sak mot Politidirektoratet for å få førarkortet sitt attende. Han tapte i Tingretten, men vann fram i Lagmannsretten – der det i ein knusande dom vart slege fast at Politiet tolkar lovi på urett vis. Målmannen hev teke fyre seg saki hans i ein tidlegare reportasje.

Dahl trudde at han kunde pusta letta ut etter at domen i lagmannsretten var vorten rettskraftig. Yverraskingi var soleides stor då det kom brev frå Politidirektoratet i slutten av september: Politidirektoratet hev gjort nokre kosmetiske endringar i det vedtaket som Lagmannsretten underkjende, og dei held fast ved at Bjørn Dahl ikkje skal få førarkortet sitt attende.

Bjørn Dahl visste ikkje um han skulde le eller gråta. Ei vika etter at domen var vorten rettskraftig, so kom det brev frå Politidirektoratet der dei heldt uppe det rettslegt underkjende vedtaket um å ta frå honom førarkortet.

Bjørn Dahl visste ikkje um han skulde le eller gråta: Ei vika etter at domen var vorten rettskraftig, so kom det brev frå Politidirektoratet der dei heldt uppe det rettslegt underkjende vedtaket um å ta frå honom førarkortet.

Politidirektoratet: Alle cannabis-brukarar er generelt ikkje edruelege og difor er dei ein fåre for trafikktryggleiken

Kjernen i saki er at vegtrafikklovi segjer at Politiet kann draga inn førarkortet åt personar som ikkje er edruelege og som er ein fåre for vegtryggleiken. Politiet hev tolka lovi slik at regelmessig cannabis-bruk er eit tilstrekkeleg vilkår for å ikkje kunna reknast som edrueleg. Vidare so meiner Politiet at vantande edruskap i seg sjølv er grunnlag for å hevda at cannabis-brukarar er trafikkfårlege. På dette grunnlaget hev dei systematisk byrja å draga inn førarkortet åt cannabis-brukarar.

I Tingretten lagde Politidirektoratet fram ymse slags “ekspertfråsegner” der det vart hevda at regelmessig cannabis-bruk førde til ein THC-akkumulasjon i heilen som skulde gje ein konstant rus-liknande effekt. Cannabis-brukarar var soleides ikkje for edruelege å rekna, vart det hevda.  Jamvel um det ikkje er nokon vitskapleg konsensus um desse påstandane, so fekk fekk Politiet medhald i Tingretten på at personar som Bjørn Dahl ikkje var for “edruelege” å rekna.

Lagmannsretten: Generelle ekspert-påstandar um cannabis-brukarar ikkje grunnlag for å hevda at Bjørn Dahl er ein fåre for trafikken

I Lagmannsretten vart det derimot slege fast at Politiet tolkar lovverket grunnleggjande rangt: Vantande edruskap er ikkje i seg sjølv grunnlag for å draga inn førarkortet, det må gjerast ei konkret vurdering på um personen det gjeld faktisk er ein fåre for trafikktryggleiken eller ikkje. Lagmannsretten vilde soleides ikkje gå inn i den faglege diskusjonen um moglege langtidsverknader av cannabis, sidan vantande edruskap under alle umstende ikkje var grunnlag nok for å draga inn førarkortet. Domen i Lagmannsretten var samrøystes.

Frå Bjørn Dahl si sida so vart det i Lagmannsretten prosedert på at Dahl hev køyrt bil i snart 40 år, like lenge som han hev nytta seg av cannabis. I alle desse åri hev han køyrt skadefritt, han hev aldri vorte domfelt for brot på trafikkreglane – og han er aldri vorten domfelt for “beruselse”. Dahl kunde dessutan leggja fram ei “førarkortvurdering” frå professor Knut Dalen som er spesialist i klinisk nevrofysiologi. I førarkortvurderingi slo Dalen fast at Bjørn Dahl sine kognitive evnor låg godt yver det som er gjenomsnittet i folkesetnaden elles. Konklusjonen på vurderingi var at «Bjørn Dahl […] har dei kognitive føresetnadene som skal til for å ha motorvogn».

Upp imot Politidirektoratet sine generelle “ekspertkommentarar” kunde Dahl altso leggja fram heilt handfast dokumentasjon på at han til daglegt var fullt i stand til å køyra bil.

Politidirektoratet gjer kosmetisk endring og held uppe eit rettslegt underkjent vedtak

Domen i Lagmannsretten vart ikkje anka. Men i staden for å ta domen til vitande og endra den lovstridige praksisen sin, so hev Politidirektoratet – ei vika etter at domen vart rettskraftig – gjort eit nytt vedtak der dei framleis nektar å gjeva Dahl førarkortet attende. Politidirektoratet hev endra litt på dei upphavlege formuleringane sine, men nyttar seg elles av den same generelle argumentasjonen som dei ikkje vann fram med i retten.

Politidirektoratet hev ingen nye kjensgjerningar å slå i bordet med, men grunngjev vedtaket sitt med nett dei same “ekspertutsegnene” som vart lagde fram i Tingretten og som Lagmannsretten meinte ikkje var grunnlag godt nok til å hevda at Dahl var ein fåre for trafikktryggleiken. Professor Knut Dalen si konkrete førarkortvurdering vert derimot ikkje nemnd med eit ord i det nye vedtaket.

Dahl må gå rettens veg – endå ein gong

For Bjørn Dahl er det soleides attende til start. Ny stemning mot Politidirektoratet er alt sendt inn til retten, men denne gongen er det samstundes med krav um “midlertidig forføyning” slik at Dahl kann få høve til å køyra bilen sin medan saki gjeng endå ein runde gjenom rettsapparatet. For ein økologisk bonde høgt uppe i Hålandsdalen i Fusa er det eit trugsmål mot sjølve livsgrunnlaget når ein i år etter år vert nekta å køyra bil.

Bjørn Dahl - økobonde, musikar og legaliseringsaktivist - som nyss fekk retten til å detaljinstruera Politiet til å halda seg til norsk lov.

Økobonde Bjørn Dahl uppliver det som eit trugsmål mot hans eige livsgrunnlag når han i år etter år på lovstridig grunnlag vert nekta å køyra bil.

-Fyrst hev Politidirektoratet nytta meir enn 350.000 kr på ei sak der dei vart dømde til å svara alle sakskostnadene. Etter å ha tapt saki fullstendig, so lagar dei eit nytt vedtak som byggjer på gamle kjensgjerningar som retten hev diskutert upp og ned og i mente. Um ikkje dette er maktmisbruk, so veit ikkje eg, segjer Dahl og ristar på hovudet.

-No vert det endå ein runde med Politidirektoratet i retten. Vonlegt vert den neste domen detalj-instruerande nok til at Politidirektoratet klarar å gjera eit lovlegt vedtak etterpå, avsluttar Dahl.

O. Torheim