«Green Arrows»: Nasjonal, identitær og antikapitalistisk hardkjernerock

I Målmannen sin intervjuserie um europeisk hardkjernerock, so er turen komen til Italia. Her hev me teke ein prat med “Green Arrows” frå Bolzano.

-For dei som ikkje alt kjenner til dykk, kann de fortelja litt or soga åt “Green Arrows”? Korleis vart gruppa dykkar til?

-Me starta upp i 1999. Me er frå Bolzano, ein liten fjellby heilt nord i Italia. I denne byen hadde ikkje ungdomen so mykje å ta seg til, utanum hardcore-konsertar som det var nøgdi av. Det var mange lokale musikkgruppor som var gåverike og interessante. Kvar einaste laurdagskveld var det eitkvart som hende, og me var tri karar som hadde lyst til å stå på scena, me òg.

Sidan den gongen er det mykje som hev hendt. 18 år seinare er me komne til år 2017, me hev ein heilt ny gruppesamansetnad, me hev gjeve ut seks musikkalbum og me hev havt hundradtals konsertar i heile Europa.

-Korleis vil de skildra musikken dykkar?

-Me kann skildra musikken som kompakt og direkte, med litt melodiske innslag der det trengst. Me kann segja at det er ein god miks av tri ulike stilartar frå hardkjernerocken: Beatdown, New School og Post-HC.

-Kva er det som kveikjer dykk til å komponera melodiar og skriva tekster? Kva for andre musikarar hev påverka dykk?

-Inspirasjonen til melodiane kjem frå vårt eige huglag, det er sers introspektivt. Inspirasjonen til tekstene kjem frå det som me ser og uppliver, frå kampane me fører, frå identiteten vår.

Når det gjeld andre musikarar som hev påverka oss, so vil eg på den eine sida nemna tvo historiske musikkgruppor frå byen vår: «Last Man Standing» og «No Choice». På den andre sida, so vil eg draga fram dei store gruppone frå den internasjonale hardkjerne-scena – som Hatebreed, Madball og Agnostic Front.

-Reknar de dykk som eit politisk band? Dersom de svarar ja, kvar hen stend de politisk? Er det ei serskild verdsåskoding som de vil fremja med musikken dykkar?

-Det er vandslegt å skilja hardkjerne-verdiane frå det politiske. Um du spelar hardkjernerock i Italia, som mange andre stader i Europa elles, so er du nøydd å gjera det klårt kvar hen du stend politisk.

Me er nasjonalistar, identitære, antikapitalistar, og me trur på eit Europa av folk og nasjonar. Med musikken vår so vil me syna fram kjærleiken til landet vårt, me vil verna um røtene våre og me vil gjeva likesinna styrke til å stå saman og kjempa vidare for ideane våre.

-Korleis vil de skildra hardkjerne-scena i Italia?

-Den scena som me høyrer til, den nasjonalsinna hardkjerne-scena, er komi til eit generasjonsskifte. Me fylgjer dei nye gruppone med interessa og me vil hjelpa dei fram slik at dei kann veksa og få større nedslagsfelt.

-Er det mogleg for vinstreorierte og nasjonalsinna hardcore-gruppor å stå på den same scena i Italia, eller er det tala um tvo heilt åtskilde kringvære?

-Altso, i Italia er det teoretisk sett tri ulike kringvære:

For det fyrste so finst det ei sjølvutnemnd «upolitisk» scena som skipar til konsertar for store musikkgruppor og for «undercover»-vinstreradikale musikkgruppor. Denne scena er for det meste i hendene åt dei vinstreradikale.

For det andre so finst det ei openlyst vinstreradikal scena.

For det tridje so finst det ei openlyst nasjonalsinna scena.

So det hender sumtid at nasjonalsinna gruppor spelar for den fyrstnemnde scena, so lenge organisatorane ikkje er vinstreradikale. Her kann dei stå på scena saman med musikkgruppor som ikkje openlyst kallar seg for vinstreradikale.

Under alle umstende so er den vinstreradikale scena og den nasjonalsinna scena tvo heilt åtskilde kringvære med kvar sine konsertlokale, musikkgruppor og organisatorar.

Frå «samfundet» si sida, so er den vinstreradikale scena teki inn i varmen. Den nasjonalsinna scena er derimot for fredlaus å rekna. Soleides er det ikkje so vanslegt å forstå at dei vinstreradikale musikkgruppone hev fri tilgang til den «upolitiske» mainstream-scena, medan dei nasjonalsinna musikkgruppone ikkje hev det (med dei sjeldsynte undantaki som me alt hev nemnt).

-Kva tid fær me sjå dykk på konsert i Noreg?

-Vel, vel, me vonar at me snart kann få spela i Noreg. Det er eitt av dei fåe landi som «Green Arrows» enno ikkje hev vore innum. Me treng berre ein invitasjon!

-Er det noko meir de vil segja til lesarane våre no?

-Som eg alt hev vore inne på, de må halda saman. Ver dykk sjølve og tak vare på kvarandre. Me vonar å sjå dykk i Noreg snart!

Redaksjonen