Skal avisa “Vårt Land” verta Strømmen og Færseth sitt nye mikrofonstativ?

Radarparet Øyvind Strømmen og John Færseth hev funne seg endå eit medium som dei kann nytta til å fremja konspirasjonsteoriar mot Målmannen: Den “kristne” (*) avisa Vårt Land, som for ei tid sidan fjerna det norske flagget frå logoen sin.

Øyvind Strømmen og John Færseth hev med jamne millomrom kome med grunnlause og generelle utfall mot Målmannen som kvar gong er vortne konkret attendeviste. Dei svarar aldri på motleggi dei fær, men finn stødt nye media til å setja fram dei same påstandane. Det er UiO-student og sumarvikar Markus Slettholm (**) som gjev dei høve til å nytta avisa “Vårt Land” som plattform for den neste framstøyten deira.

Målmannen er den siste som Slettholm kontaktar – i ei sak um Målmannen!

Tysdag den 18. juli 2017 klokka 1146 freista Markus Slettholm å ringja Målmannen-redaktør Torheim. Torheim tok ikkje telefonen, og berre 2 minutt etterpå fekk han denne tekstmeldingi:

“Hei, Olav. Forsøker å komme i kontakt med deg. Jeg skriver en sak om Målmannen, og skulle gjerne hatt tak i deg som ansvarlig redaktør. Kan du ringe meg opp igjen?”

Markus Slettholm titulerte seg som journalist i “Vårt Land”, men det gjeng fram or informasjon som Målmannen hev tilgang til at han framleis er student, og at han einast er vikar i “Vårt Land” sin debattredaksjon.

Berre fire timar etterpå, klokka 1606, fær Torheim ein e-post frå Markus Slettholm der det gjeng tydelegt fram at det er ei ny “drittpakke” mot Målmannen som er i gjære. Slettvold hev tala med John Færseth og Øyvind Strømmen, og vil ha Torheim til å svara på meiningsytringar frå desse tvo. Færseth og Strømmen kjem med generelle påstandar og skuldingar um nazisme, rasisme og antisemittisme. Han skal millom anna taka stilling til påstanden um at han «tilhører en nasjonalistisk, antisemittisk og «alt-right»-fløy av det politiske landskapet»…

Fire timar tok det frå den fyrste kontaktframstøyten til dess at Markus Slettholm hadde ei ferdig «drittpakka» der det for ordens skuld berre var Torheim si imøtegåing som stod att å få inn… (Trykk på bilætet for å forstørra teksti)

Uppfylgjingsspursmåli som Markus Slettholm steller gjer det tydelegt at reportasjen i “Vårt Land” alt er ferdugskriven. Han vil berre at Torheim for ordens skuld skal imøtekoma påstandane, slik at han kann hevda at han skreiv ein reportasje der ogso Torheim fekk koma med sin versjon, endå um resten av reportasjen impliserar at “skurken” Torheim ikkje talar sant.

“Snakk med oss, eller so…”

Slettholm steller vidare ultimatum at Torheim må svara innan klokka 14 i morgon, elles kjem “Vårt Land” til å slå fast at dei gjorde alt det dei kunde for å få Torheim i tala. Implisitt: Torheim gjorde seg utilgjengeleg og skal ikkje ein gong få rett til å imøtegå påstandane i eit svarinnlegg.

Det segjer seg sjølv at Målmannen-redaktør Torheim ikkje hev nokor interessa av å medverka til ein reportasje som ikkje er anna enn ei “drittpakke” kokt saman av sumarvikaren Markus Slettholm på uppdrag frå Strømmen og Færseth.

Slettholm varmar gamal og attendevist Strømmen-/Færseth-lapskaus

Strømmen og Færseth kjem dimeir ikkje med noko anna enn generelle påstandar og skuldingar som gong etter gong er vortne heilt konkret attendeviste.

Øyvind Strømmen hev kome med utfall mot Målmannen både i Næravisa i Volda (2013), i Dag og Tid (2013) og i Dagbladet (2017). Utfallet i Dag Og Tid førde til eit ordskifte der Torheim fekk siste ord etter å ha grundig attendevist Strømmen sine lause påstandar og insinuasjonar.

John Færseth høyrer til miljøet kring “tidsskriftet Humanist”, og dette miljøet hev havt til sin kjepphest å utbreida konspirasjonsteoriar um høgnorskbladet Målmannen. Den 30. juni var Færseth sjølv med på å laga eit konspirativt uppslag i Dagbladet, der han intervjua sin nære ven Øyvind Strømmen. Her fekk Strømmen atter ein gong breida seg med konspirasjonsteoriane sine mot Målmannen.

Påstandane frå John Færseth og Øyvind Strømmen vart heilt konkret imøtegådde i svarinnlegg i Dagbladet den 5. juli (svar til Færseth) og den 13. juli (svar til Strømmen).

Færseth og Strømmen er sjarlatanar, ikkje «ekspertar»

Øyvind Strømmen vert ofte framsteld som «ekspert» på «ekstremisme» ute i Europa, og bakgrunnen hans frå Belgia vert ofte dregen fram. I realiteten tilbringa Strømmen det meste av tidi på eit callcenter der han gav skandinaviske kundar hjelp med skrivarar og faksmaskinar. Han hev ingen akademiske merittar som gjer honom til autoritet på «ekstremisme», kunnskapen hans um «europeisk høgreekstremisme» avgrensar seg til søk på internett…

Målmannen hev tidlegare ettervist at Øyvind Strømmen er notorisk uetterretteleg i sin «forfattarskap». Det kom aldri noko svar frå Øyvind Strømmen på dette.

John Færseth er ein tragisk menneskelagnad. Truverdige kjeldor som Målmannen hev vore i kontakt med fortel at dagane hans tidlegare gjekk med til å røykja hasj og sjå på konspirasjonsvideoar med Alex Jones. Han bur framleis i husværet som tilhøyrer far hans.

Færseth er dessutan kjend for å ha kome med valdstrugsmål mot ein homofil. I ein epost til ein mangeårig open homofil skal Færseth ha skrive at:

«Dette er ikke tomme trusler, jeg kommer til å slå inn det stygge sopertrynet ditt neste gang jeg ser deg.».

Det uttala homsehatet framstår elles som underleg når ein tek med i reknestykkjet at Færseth i årevis hev vore med i den satanistiske sekti OTO, der seksualmagi er eit viktugt innslag. Her høyrer analsex med til eitt av dei rituali som ein må gjenomgå for å stiga i gradene.

Me hev ingi plikt til å medverka til useriøs journalistikk

Færseth og Strømmen hev ein agenda, og Ver Varsam-Plakaten slær fast at journalistar skal vera kritiske til kjeldor og kontrollera upplysningar. Dette gjer ikkje Markus Slettholm. Tvert imot: Jamvel um Torheim sine svarinnlegg til Strømmen og Færseth stod på prent i Dagbladet for under ei vika sidan, so vil Slettholm gjeva Færseth og Strømmen høve til å setja fram dei same påstandane i endå eit nytt medium.

Markus Slettholm burde forstå at Målmannen hev null interessa av å medverka til endå ein runde med sensasjons-journalistikk, berre for å imøtegå generelle påstandar som alt er konkret attendevist. Slettholm hev sjølv andsvar for å kontrollera kjeldor og upplysningar, og ordskiftet som var i Dagbladet i vikone som gjekk kann umoglegt ha gjenge honom hus forbi.

Å verta kjend for useriøs journalistikk er ingen god start på mediekarrieren

Det er ingen god start på journalistkarrieren å verta kjend for useriøs journalistikk. Slettholm sin eigen “Vårt Land”-kollega, Anita Grønningsæter Digernes, vart i 2013 felt i PFU for grove presseetiske yvertramp i samband med ein reportasje um ingen ringare enn Målmannen-redaktør Torheim.

Anita Grønningsæter Digernes var den fyrste til å nytta seg av Øyvind Strømmen til kjelda, og det var soleides med eit presseetisk yvertramp at Vårt Land si kjelda for fyrste gongen kom på banen med konspirasjonsteoriane sine.

Domen frå PFU var sopass knusande at det burde ha stogga der. Det er ikkje grunnlag for endå eit nytt medieuppslag basert på Strømmen og Færseth sine personlege mishagsytringar mot Målmannen. Jamvel agurkar i sumarvarmen treng eit minimum av saklegt grunnlag.

Olav Torheim

(*) Me hev skrivne «kristne» i hermeteikn av di me hev vandslegt for å forstå korleis ei avis som kallar seg kristeleg kann nytta seg av ein OTO-medlem som sanningsvitne. Her burde dei snarare ha sagt: «Vik frå meg, Satan!»

(**) Markus Slettholm skal vera bror til Andreas Slettholm som er journalist i Aftenposten. Dei er båe søner av tidlegare KrF-politikar Yngve Slettholm.

UPPDATERING 19.07.2017:

Natt til 19. juli skriv Markus Slettholm eit innlegg på «Vi som bryr oss om avisa Klassekampen» der han hevdar at «Torheim/Målmannen […] prøver å sette det opp som at Torheim var den siste som ble kontaktet. Her må det legges merke til at det var over fire timer mellom første forsøk på kontakt per telefon og den skjermdumpede eposten.» Slettholm freistar altso å gje inntrykk av at han skreiv reportasjen i rasande fart etter at han freista kontakta Torheim for fyrste gongen.

Alt den 17. juli hev Slettholm – på Vårt Land sitt passordverna områda – laga ein tekst under titelen «Høgnorsk og identitærbevegelsen».

Diverre for Slettholm so syner tekniske prov at han talar usant. Målmannen sin sidestatistikk syner at me heilt sidan 17. juli hev havt trafikk inn til sida frå ein artikkel som heiter «Høgnorsk og identitærbevegelsen» (ein arbeidstitel som er som snytt ut or nasen på Strømmen eller Færseth). Denne artikkelen ligg ute på den passordverna bloggen «vlreligion», som etter alt å døma er ein millomlagringsplass for artiklar som skal publiserast på «Vårt Land Religion».

Jamvel um Slettholm lygnaktig vil framstella det som um han skreiv heile reportasjen på fire timar, so er fakta altso at Torheim fyrst vart kontakta heile 2 dagar etter at Slettholm hadde skrive det fyrste reportasjeutkastet. Det einaste Torheim skulde få lov til er å hjelpa Slettholm med å formelt få imøtegåing og tilsvar på plass i ein fiks ferdig svertereportasje mot Målmannen.