-Eg vil gjera stortingsvalet 2017 til eit hasj-val!

Cannabis-bonde Bjørn Dahl hev mist trui på Venstre og MDG og steller til val som fyrstekandidat i Oslo for Samfunnspartiet. -Eg vil gjera stortingsvalet 2017 til eit hasj-val!

Bjørn Dahl er cannabis-bonden som vart fråteken førarkortet av politiet, men som i ein serie rettsprosessar hev tvinga ordensmakti på rettrett. Målmannen hev tidlegare fylgt Dahl i jakti på førarkortet, og siste utvikling i saki er at nye rettsmøte skal haldast hausten 2018.

Bjørn Dahl – økobonde, musikar og legaliseringsaktivist. No steller han til val for Samfunnspartiet.

-MDG hev svikta i cannabis-saki

Bjørn Dahl hev upplevd å få både støtte og kalde skuldrar, og at han vender ryggen til MDG er soleides eit resultat av eigne røynslor med den «grøne» rørsla. -På papiret vil MDG legalisera cannabis, men i realiteten er det andre saker som er viktugare. Det hev dei jamvel sagt rett ut.

-Cannabis-brukarane i Noreg er utolmodige og leide av å verta trakka på, dei treng nokon som set deira sak fyrst. Det er det ingen parti som gjer i dag, meiner Dahl.

Frå barneheim til bondegard

Bjørn Dahl driv eige økologisk småbruk i Hålandsdalen, og han er ein viktug ressurs i lokalsamfundet. Men slik trong det ikkje um å vera: -Det kunde ha enda på ein heilt annan måte. Eg voks upp på barneheim og hamna på gata då eg var tenåring. Hadde det ikkje vore for at det var eit menneske som såg meg og tok seg av meg, so kunde det ha gjenge rettelegt ille. Nett dette menneske enda fengsel og hengde seg på cella etter at han hadde vorte teken for cannabis-distribusjon. For meg er legalisering soleides vorte ei personleg sak, dette er meir enn prinsipprytteri – jamvel um prinsippi er viktuge nok.

-Medan alkohol er ei rein nervegift, so er cannabis med på å utvikla hjernen og skapa nye mentale strukturar. Det hjelper meg til å liva eit aktivt liv. Det finst ein lang norsk tradisjon for cannabis, som helder ikkje dei norrøne forfedrane våre var framande for. Til dømes so vil eg minna um at dronningi i Osebergskipet vart gravlagd saman med ein pose cannabis.

Inspirert av Bertram D. Brochmann

Samfunnspartiet som Dahl steller til val for vart grunnlagt av anarkisten Øystein Meier Johannesen i 1985. Det er soleides ikkje det same partiet som Bertram D. Brochmann grunnla i 1933, men Bjørn Dahl fortel at han for eigen part set tankane åt Brochmann høgt.

Øystein Meier Johannesen og Samfunnspartiet hev elles markert seg sterkt mot oljeboring i Lofoten, og i denne kampen hev dei jamvel alliert seg med den gamle nordiske gudeverdi. Tidlegare i sumar sette Øystein Meier upp ei nidstong på Røst, der eit avkappa hestehovud protesterar mot petroleumspartii på stortinget.

-Med kraft frå vår nordiske arv so skal cannabis-kampen krunast med siger, avsluttar Dahl.