Eivør Pálsdottir – mangslungi songarinne frå Færøyane

“Mín móðir hon er sum ein drotning
Hon er sum tað vakrasta lag
Mín móðir hon er sum ein blóma
Hon er sum eitt livandi træ
Mín móðir er heim mítt kæra
Mín móðir mítt tryggasta stað“

   Eivør Pálsdottir er ein av dei mest sermerkte musikarane som hev stade fram i vår tid. Ho er fødd på Færøyane, og songen Mín móðir speglar att ein brennande kjærleik til heimlandet hennar, og den fagre naturen.

Eivør på scena på Madam Felle i Bergen.

Millom musikalske stilartar som ho hev vore innum finn ein jazz og folkemusikk (jamvel i si mest primitive  form med vill trumming, slik ein kann fyrestella seg at shamanar frå vikingtidi gjorde det, og soleides med appell til dei som hev ans for heidensk folkemusikk) , elektronika og popmusikk, og klassisk.

Denne dynamiske skandinaviske songarinna byrja karrieren allereide tolv år gamal då ho reiste til Italia for å vera solist i lag med det færøyiske mannskoret. På den tidi ho var 16, so hadde ho allereide havt framsyning på TV, vorte med i ei musikkgruppa og gjeve ut sitt eige soloalbum. Året var 2000 og 16-åringen var på plateumslaget i tradisjonell færøysk klesdrakt. Songane åt dette sers mangslungne arbeidet lydde ofte jazzpåverka og utprøvande, alltid med pålsdotteri si sjelfulle, eitrande røyst – som skapte ei heilt sermerkt stemning i det kreative ljodbilætet.

Diskografien hennar Eivør er upp til i dag sett i hop av 8 offisielle utgjevingar, inkludert konsertplata “Eivør Live” og ein EP som fylgjer den tungt elektroniske “Larva”, som er siste plata hennar. Eit høgdepunkt på konsertplata hennar er det framifrå stykkjet “Frostrósir“, framført på islendsk tungemål, saman med det islendske symfoniorkesteret.

Pålsdotteri hev ei rekkjevidd og ei kraft i røysti som høver godt til klassisk musikk, og framføringane hennar hev fenge god mottaking. I landet åt dei varme kjeldone er ho serskilt godt umtykt. I fire år studerte ho musikk i Reykjavik, og ho fortalde til bladet Scan at “ho vart hugteki av byen og landet. Me hev dei same ordi, men sumtid er tydingi den motsette”.

Ho syng helst på sitt eige færøyarmål, måvita, men ho hev sunge på andre mål med, serskilt skandinavisk og tysk. På den fyrste plata hennar hadde ho tvo danske musikkstykkje. Seinare hev ho jamvel byrja syngja på engelsk, og ho freistar knyta ulike slags språk til ulike slags sinnsstemningar og måtar å uttrykkja seg på musikalsk: “Eg likar syngja på engelsk med, det er ein annan ljod. Eg hev alltid vore glad i språk. Det er ulike fargar i islendsk, svensk og norsk, og det er det moro å leika seg med,”, skal ho ha sagt.

I ei tid då musikarar gjerne byggjer myrke bilæte og leide røynslor inn i kunsten deira, so kjem Pálsdottir med ein frisk pust som ovrar seg som sjelfull og ekte. I svenskspråklege “Må solen alltid skinna” heiter det:

“Må solen alltid skina och läka dina sår.
Må regnet alltid smeka och skölja bort din tår.
Må lyckan vara vännen din och följa dina spår
och i världens alla stormar jag alltid med dig går. Jag alltid med dig går.“

Den ålmenne utstrålingi åt denne songarinna er noko for seg sjølv, med dei sjelfulle tekstene, den både søte og mektige  framferdi på scena, og det positive huglaget.

Eivør Pálsdottir er nett no på konsertferd på Island, etter å ha fullført ei sers vellukka konsertferd i Danmark. Ho er framfor alt kjend i Skandinavia, men hev fenge jamt aukande åtgaum i andre land med – etter å ha spela Marilyn Munroe (ikkje mange er klår yver at ho var norskamerikansk) i kanadiskproduserte  “Anyone Can See I Love You”, ein opera av Gavin Bryars.

Det som gjer Eivør so serskild er evnone ho hev til å vera so eklektisk, so unik, og samstundes fullt røtt i eige upphav og med slik ein kjærleik til heimstaden sin. På heimsida hennar heiter det at ho er “drivi av lidenskapen for musikken, ho er djupt røtt i den sterke fedrearven i heimlandet hennar. Det som gjer henne so serskild er ikkje berre den kveikjande røysti som kann taka pusten frå nokon kvar, men det at ho er ein so allsidig kunstnar – målar, forteljar, skald og låtskrivar. All denne skapande energien samlar seg i eit trollbindande uttrykk på scena, som er i stand til å røyva dei inste og uutforska kjenslone hjå tilhøyrarane.”

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012.