«Carcer City»: -Kunst og musikk gjer ein skilnad!

Britiske Carcer City hev gjort seg kjende for sin melodiøse og samfundskritiske metallkjernemusikk, og Målmannen hev møtt musikarane for ein prat.

-For dei lesarane som ikkje alt kjenner til dykk, kann de fortelja oss stutt um «Carcer City»? Korleis vart gruppa til og kvifor valde de å laga melodisk metalcore?

Som med so mange andre musikkgruppor so byrja det med at me berre var ein liten venegjeng som vilde spela nokre konsertar! Me berre spelar det som me likar, og me pla vera meir inne i teknisk daudmetall enn me var i nokonting anna (haha!). Me hev faktisk ikkje nokor grunnleggjande fyrestelling um kva det er for slags musikk det skal enda med.

-Korleis vil de skildra musikken dykkar for nye lydarar?

Det skil seg på kva for ei plata, men den siste plata vår er den beste! Ein gong so vart me skildra som «den mest avslappa metallmusikken». Me er verkelegt eit brutalt band, men attåt dette so hugar det oss med stemningsfulle, klassiske og akustiske ljodar òg. Me er både avslappa og brutale på same tid.

-Kva er det som kveikjer dykk til å laga melodiar og skriva tekster? Kva for andre musikarar hev påverka dykk?

For det meste alt som ikkje er metallmusikk! Me ynskjer å vera den merkelegaste metallmusikkgruppa av alle, og då er ein nøydd til å henta påverknadskraft frå andre stader. Som me alt hev sagt so er me sterkt påverka av stemningsmusikk, klassisk musikk og ymse slags avslappingsmusikk – og dessutan so vert me kveikte av alt det me uppliver og røyner i kvardagslivet. Mange av tekstene våre kjem inn på dei sterke samhaldskjenslone som me hev upplevd i musikkgruppa vår.

-I musikken dykkar so kjenner eg på ei viss einsemdskjensla og den triste upplevingi av at alt som er vent og verdfullt visnar burt. Samstundes er der ein optimistisk aggresjon og vilje til å koma saman med likesinna for å gjera ein skilnad til det betre. Hev eg rett?

Absolutt! Me hev alle eit stort problem med midtstraumskulturen. Ikkje noko av denne kulturen gjev oss nokor meining reint emosjonelt. Me kom til eit punkt der me skyna at me kunde nytta musikkscenone som me stod på til ein plattform for å inspirera og upplysa folk um at det ikkje treng å vera slik. Og dessutan få dei til å forstå at det ikkje skal so mykje til for å endra på ting um me berre kann stå saman.

-I låti «The Process» so tek de fyre dykk forbrukarsamfundet, med makteslause individ manipulerte av media. Reknar de dykk sjølve som eit politisk band og tenkjer de at musikken dykkar kann gjera ein skilnad?

Me ynskjer å tala um idear som jamvel er større enn dei politiske. Me trur at kunst, ikkje berre musikk, er noko av det einaste som kann gjera ein skilnad. Alle midtstraumsmedia er fullstendig kontrollerte av ei liti gruppa med ein klår agenda, og det er difor upp til oss som er sjølvstendige undergrunnsartistar å segja frå. Viva la revolucion!

-Kva tenkjer de um Noreg, og kva tykkjer de um å spela her?

Me var i Oslo i april og spela saman med Attila! Det var fyrste gongen me var i Noreg og me fekk oss nokre nye fans her. Me kjem attende so snart som råd er!

-Er det noko meir de ynskjer å segja til lesarane våre?

Um de likar bodskapen vår, so bør de få med dykk den nye plata vår, «Infinite//Unknown». Det er på både Spotify, Apple Music, Google Play, Youtube og alle dei hine vanlege stadene. Og send oss ei melding um kva de tykkjer um oss, me diggar å diskutera med dykk!