40 år sidan den tyske hausten. Christian Klar samlar trådane

Det er 40 år sidan «den tyske hausten», oktobermånaden i 1977 der konflikten millom Rote Armee Fraktion og den vesttyske staten toppa seg. Det byrja med burtføringi av Hans-Martin Schleyer, det heldt fram med flykapringi i Mogadishu – der «vår eigi» Souhaila Andrawes var med – og det enda med «dødsnatti» i Stammheim der RAF-leidarane døydde under uklåre umstende.

Den tidlegare RAF-terroristen Christian Klar sat i fengsel i 26 år, frå 1982 til 2008, dømd for mord og terrorisme. I avisa «Junge Welt» kom Klar nylegt med ein kronikk som er interessant for alle som ikkje berre vil fordøma, men som jamvel vil forstå kvifor so mange radikale vesteuropeiske ungdomar på 70-talet valde å verta med i ein terrororganisasjon. Kronikken kjem dessutan med ein klår og tydeleg kritikk mot vinstresida av i dag.

Avkolonialiseringi på 60-talet: Eit historisk vindauga som opna seg

På 60-talet og 70-talet fekk unge menneske uppliva at soga tok ei heilt onnor stemneleid enn det ein hadde venta seg. Flestalle dei afrikanske koloniane vart sjølvstendige i ein jafs, i den arabiske verdi kom radikale nasjonale og sosiale leidarar til makti, det vietnamesiske folket førde ein sigerrik kamp mot dei amerikanske okkupantane – og det var uvisst å vita um det var det kapitalistiske Vest eller det sosialistiske Aust som kom til å draga det lengste strået.

I motsetnad til i dag so upplivde unge menneske at soga ikkje var skrivi i stein, det kunde verta upp til dei sjølve å forma framtidi. «Ei sovori utviding av det politiske mogleiksromet skjer berre nokre sjeldne gonger i soga», argumenterar Klar.

For dei ungdomane som vart med i RAF so var det ikkje noko alternativ å sitja og venta på at folket i deira eige Tyskland skulde «vakna upp». Det fekk ikkje helpa at den heimlege massebasisen vanta. Dei vilde handla der og då, og so fekk ein helder læra av det ein gjorde.

Vinstresida av i dag vil ikkje vita av sin eigen historiske tradisjon

Alt dette er det vanskeleg for menneske å forstå i dag. Etter «Murens fall» hev nyliberalismen vore ideologisk einerådande i Europa, og politikk er berre noko som ein kann driva med innanfor det råmeverket som marknadsliberalismen hev sett (T.I.N.A.). Som Margaret Thatcher sa det på 80-talet, «There is no such thing as society».

Helder ikkje finst det nokon kunnskap eller interessa på «vinstresida» for å studera og læra av dei tidlegare uppstandane og sosialistiske eksperimenti. Politiske og ideologiske ordskifte sviv seg dimed um å finna upp hjulet på nyo. Vinstresida hev kutta bandi og distansert seg frå sin eigen historiske tradisjon. Dei hev akseptert demoniseringi både av RAF og av «urettsstaten» DDR. Soleides hev dei moralsk sett gjeve seg inn under det hegemoniske BRD-systemet som fyregjengarane deira tok upp kampen mot.

Når ein i desse dagar ser at «ytre høgre» veks fram att i Europa, so hev vinstresida seg sjølve å takka. Det er dei «høgreekstreme» som folket uppfattar som rebellane av i dag, og ikkje vinstresida, hevdar Klar.

Det finst ei verd utanfor Europa, og der gjeng dei politiske og sosiale kampane vidare

Klar kritiserar dessutan vinstresida for å avgrensa seg til det som hender kring deira eigen navle. For desse er det slik at det som ikkje hender i Europa, det hender ingen stader i verdi. Den revolusjonære vinstresida i Europa hev vore paralysert sidan 1989, og det jamvel um det er nett i tidi etter «Murens fall» at sosialrevolusjonære rørslor hev ført sigerrike kampar i Latin-Amerika:

«Nett i det at den sosialistiske austblokki gjekk i uppløysing so upplivde Latin-Amerika sitt «Caracazo» i Venezuela, ein lykjeluppstand mot den nyliberale ordningi som fekk verknader i heile regionen og endå lengre. Fylgjone av det heile var ein skapande prosess, og med optimismen åt ein mykje yngre folkesetnad so fekk ein ei samfundsutvikling som sette standarden for solidarisk økonomi og demokrati».

Vinstresida si verktykassa er tom

Etter finanskrisa i 2008 hev ein endå ein gong sett at kapitalismen fører profitten i lumma på private, og det samstundes med at det er heile samfundet som må taka rekningi når det heile skjer seg. Det er vorte skapt ei sosial uro i Europa som etterkrigstidi tidlegare ikkje hev sett.

Den massebasisen som vanta på 60- og 70-talet er åt å veksa fram, hevdar Klar, men vinstresida er ikkje i stand til å profitera på det. Dei er ikkje i stand til å tenkja prinsipielt og konseptuelt, av di dei hev kutta bandi til sin eigen tradisjon, og dei vantar difor dei verktyi som dei treng for å kunna vinna fram politisk.

Klar avsluttar kronikken sitt med eit sitat av Sebastian Haffner: «Es gibt eine Art, recht zu behalten, die blamabel ist und nur dem Gegner zu unverdienter Glorie verhilft.»

O. Torheim