Treng me arbeidsinnvandring?

I offentlegt ordskifte fær me stødt høyra at innvandring er noko som Noreg “treng”. Her er det 2 argument som gjeng att:

  1. Folkesetnaden i Noreg vert eldre, me er under reproduksjonsnivå og det trengst ny arbeidskraft når dagsens yrkesaktive gjeng av med pensjon.

  2. Innvandrarar tek jobbar som nordmenner ikkje vil ha, til dømes vaskejobbar.

Eg vil ta fyre meg kvart av desse tvo punkti og syna at det ikkje er hald i eit einaste av dei.

Til punkt nummer 1:

Produktiviteten i industrien aukar heile tidi på. Stødt fleire arbeidsuppgåvor vert tekne yver av maskiner og robotar. Det er færre og færre timar som me treng å arbeida for å kunna produsera dei varone som me treng.

Det er ikkje til å koma i frå at svært mykje industriarbeidsplassar kjem til å verta automatiserte eller flutte til lågkostland. Dei arbeidsplassane som derimot ikkje kann flytjast til utlandet, det er arbeidsuppgåvor som eldreomsorg og arbeid med menneske. Det er visselegt ingen god ide å leggja upp til at dei nett dei jobbane som me sikkert veit at folk fær tilgang til i framtidi med, dei skal reserverast utlendingar.

Det røynlege problemet um 15-20 år er ikkje at det vert for lite arbeidskraft, men snarare at det kann verta for fåe meiningsfulle jobbar att til alle. Dette er spursmål som alt er vortne diskuterte på internasjonale konferansar for eit tjuetals år sidan – og politikarane hadde ikkje betre svar enn at folk skulde haldast hefta med billeg underhaldning – “tittytainment”.

I staden for å driva igjenom pensjonsreformer der folk skal arbeida til dess at dei vert 70, so burde me i staden byrja å tala um sekstimarsdagen. Underlegt nok er nett dette noko som vinstresida hev slutta å gjera for lenge sidan…

Til punkt nummer 2:

Her gjeng ein ut frå at all norsk ungdom skal ta vidaregåande utdaning og få jobbar som dei er godt kvalifiserte for, og so skal utlendingar koma og ta “dritjobbane”. Sidan andregenerasjons innvandrarar – i alle fall offisielt – skal verta “integrerte” og få den same valfridomen som vanleg norsk ungdom, so heiter dette at det trengst ein jamn straum av innvandrarar til Noreg heile tidi for å ta yver jobbar med kvart som folk gjeng av med pensjon.

Realiteten er at svært mange ungdomar ikkje er eigna til å taka utdaning. Stødt fleire norske ungdomar droppar ut or vidaregåande skule og vert “navarar”. Gudmund Hernes si “Reform 94” og “retten” til å taka vidaregåande utdaning hev vore ei bjørneteneste til titusundtals ungdomar som endar som klientar i staden for å få seg eit arbeid som dei meistrar på det nivået dei er.

Dei seinaste åri hev me havt den paradoksale situasjonen at det er vorte skapt stødt fleire arbeidsplassar i Noreg – men desse arbeidsplassane hev gjenge til utlendingar, og det samstundes med at stødt fleire nordmenner lever på NAV.

Dei som hevdar at innvandrarar tek jobbar som nordmenner ikkje vil ha, dei hev naturleg nok aldri spurt norske reinhaldarar og handverkarar um kva dei sjølve tykkjer um dette. Billeg og svart arbeidskraft frå Aust-Europa hev ført til at heile bransjar er vortne so useriøse at lovlydige norske arbeidarar ikkje ser nokor framtid i verksemdi lenger.

Attåt dette so hev verksemder som til dømes reinhald vore igjenom store strukturendringar. Offentlege verksemder hev kvitta seg med “vaskekonene” sine og skilt vasking ut til private firma der underbetalte utlendingar må springa frå det eine bygget til det neste for å vaska. Hadde det vore uppegåande og fagorganiserte norske ungdomar som framleis hadde havt desse jobbane, so hadde det ikkje vore mogleg å pressa desse umenneskelege strukturendringane igjenom.

Kor som er:

Alt dette er problem som liberale millomklasse-akademikarar naturlegt nok aldri fær kjenna på kroppen. Det kjenner seg so godt å ynskja dei alle velkomen, og endå betre kjenner det seg å visa det til alle andre på sosiale media. Dessutan er det fint å kunna få seg ein tur ut på fredagskvelden når ein hev au-pair frå Filippinane – og i fjor var det forresten ein polsk snikkar som fiksa nytt og flott kjøken til ein heilt annan pris enn det som ein kvit (!) norsk handverkar vilde ha teke…

Kompetanse må byggjast upp og haldast ved lag, det kann ikkje importerast

Um byggje- og anleggsverksemd skal verta yverteke av austeuropearar, so kjem ein på eit visst tidspunkt til å missa heile fagmiljø i Noreg. Kva gjer me den dagen ei økonomisk krisa fører til at dei fleste utanlandske handverkarane reiser heim att?

Det same problemet hev ein i dag til sjøs, der det snart kann verta ålvorleg skort på kvalifiserte norske sjøfolk. Billegt mannskap frå Filippinane kommanderte av norske skipsoffiserar skulde vera den gyldne resepten for at norsk skipsfart vart verande tevlefør. Men naturlegvis er det på eit visst tidspunkt helder ingen norske skipsoffiserar att – siden det på den måten er vorte slutt på at ein kann mynstra på ein båt og arbeida seg upp frå dekket…

Norsk ungdom må få verta arbeidsfolk, dei med

Dersom ein fekk norsk ungdom til å ta seg fast arbeid i heilt vanlege ufaglærde jobbar, so hadde desse ungdomane dessutan havt den fyremunen at dei alt i ein alder av 20 år kunde ha skipa familie og fenge born – og dimed produsert den arbeidskrafti som det vert sagt at me kjem til å vanta i framtidi.

Det segjer seg sjølv at dersom ein fyrst skal taka seg ei lang utdaning og gjera karriere, so er det ikkje so mykje tid att til å få meir enn 1,8 born i det ein hev runda 35 år.

Takk vere den frie flyten av arbeidskraft so er den internasjonale og europeiske trenden derimot at me fær eit stødt veksande «prekariat» millom dei som må taka seg lågstatus- og låglønsyrke. Ein fær aldri den stabiliteten som ein treng for å kunna skipa ein familie. Det same gjeld naturlegvis dei som aldri kjem seg i arbeid i det heile.

Ein politikk som fekk norsk ungdom ut frå NAV og inn i handfast arbeid – same kor «bedrite» det ut frå rådande haldningar skulde vera – hadde gjort både norske ungdomar og nasjonen Noreg ei stor tenest. Det hadde vore med på å skapa ei løysing på både punkt 1 og 2.

Asylinnvandring er ikkje arbeidsinnvandring

Til slutt bør det poengterast at asylinnvandringi av i dag er ikkje arbeidsinnvandring. «Arbeidsinnvandring» heiter at ein hev arbeidskontrakt i det ein kjem til Noreg. Dei fleste som kjem frå ikkje-vestlege land som Somalia kjem aldri i arbeid. Andregenerasjons innvandrarar gjeng det som regel betre med, men for desse er målsetnaden at dei skal verta integrerte og verta ein part av samfundet på like vilkår som alle andre  – og ikkje vera nokon slags «dritjobb-reserve». Eller er det snarare slik at desse skal verta til eit permanent undersjikt i det norske samfundet?

Systemet treng arbeidsinnvandring, samfundet treng det ikkje

Konklusjonen må vera at arbeidsinnvandring er noko som det internasjonale kapitalistiske systemet “treng” for å kunna driva igjenom strukturendringar og sleppa å leggja til rettes for eit meir menneskelegt arbeidsliv. Det norske samfundet treng det derimot ikkje.

Olav Torheim