Che Guevara var ein helt

«I ei verd av svevngjengarar, so elskar me dei som drøymer».

Den 8. oktober 1967 so fall Ernesto «Che» Guevara i eit bakhaldsåtak.

Såra i magen, so let dei honom få liggja og lida til dess at dauden tok honom i dei fyrste timane av den neste dagen.

Sidan den gongen er Che Guevara vorten ein myte, ein segnfigur og – diverre og framfor alt – eit merkevareprodukt.

Me finn honom alle stader: Prenta på t-skjortone åt den besteborgarlege snobben, prenta på pins, tatovert på armen åt milliardærfrua Madonna, prenta på banderollane åt fotballklubbar som skal framstå som «vinstreradikale» – og slik held det fram.

Den dekadante borgarskapen hev gjort honom til emblem for eit akseptert upprør, for ein nostalgi av det andsvarlege slaget, og soleides drep dei honom um att for kvar einaste dag som gjeng. For det var nett denne borgarskapen og klassedominansen deira som Che Guevara hadde valt å reisa bust mot, som ei brølande løva, um det so skulde kosta honom livet.

Fyrste gongen var det reaksjonen, væpna av bolivianske militære, som drap honom.

Andre gongen var det dei «progressive» som tok livet av honom. Han vart gjord til referanse for ein ungdomskultur som Che og revolusjonen hans ikkje hadde nokon ting sams med.

I millomtidi voks det langsamt fram ein lidenskap for Che millom mange av oss som ein skulde tru burde hata honom…

I dag hev tidene endra seg, og på den ytste høgresida er det god latin å svivyrda denne gamle geriljakrigaren – av di ein ikkje er tenkt å gjera noko meir enn å rakka ned på det som «dei andre» held høgt. Segjer du a til meg, so segjer eg b til deg, og so svarar du c… Det er toskeskap, endå so godt ein kann forstå det.

Kor som er, for ættleden min, for dei som hadde ein sann lidenskap for livet og ikkje for den virtuelle verdi, so var Che ei pil som gjekk oss rett i hjarta.

Han var ei pil som stakk i ein av dei skarpaste tenkjarane på den franske ytre høgresida, Jean Cau. Che kveikte honom til å skriva den framifrå boki «Une passion pour le Che». Ei bok som Walter Spedicato la sin elsk på under eksilet sitt. Kameraten vår hadde ikkje mindre lidenskap for Che enn det som Cau sjølv hadde.

Det brutale mordet på Che var so hjarteskjerande for den høgreradikale låtskrivaren Bagaglino at han straks sette seg ned og komponerte ein 45 RPM som verkelegt hadde «tvo sidor».

På den eine sida tok han fyre seg legionæren frå Lucera og på den andre sida tok han farvel med Che! I fyreordet forklåra han kvifor han hadde komponert desse lovsongane til tvo personar som framstod so motstridande: Det sveiv seg um den eksistensielle identiteten deira. Teksti til den songen som var tileigna Che hadde strofor som vilde segja alt: «Menneske som deg døyr ikkje i ei seng, dei døyr ikkje av alderdom…» og ikkje minst «Du var ikkje som dei, du måtte berre døy åleine, adjø Che!»

Bagaglino hadde forstått den verkelege grunnen til at so mange av Che sine politiske fiendar hadde fenge slik ein vyrdnad for Che. Dei var drivne av eit ideal, dei med. Og det var respekten og den eksistensielle sympatien som dreiv til å vyrda Che.

I åri som fylgde so vart lidenskapen for Che livnært av mindre edle motiv.

Sume kjende på eit mindreverdskompleks ansynes den ekstreme vinstresida som den gongen dominerte både i media og militært. Dessutan so hadde dei gjerne ei viss skuldkjensla for den diaboliserte fortidi vår. For desse so var plakaten med Che på veggen ein slags naudutgang, eit estetisk akseptabelt steg på vegen til fornektingi.

For andre so var motivasjonen noko heilt anna. For dei kunde ikkje Che vera kommunist av di han forsaka den materialistiske livsførsla og vart ein slags inkarnasjon av den tradisjonelle krigaretikken. Men dei tok heilt i miss for Che var visselegt kommunist.

Han hadde kjempa som kommunist og han døydde som kommunist. Javisst so gav han kommunismen eit tilskot som var avvikande og ofte motstridande til det som kommunistar flest stend for. Like fullt so var han kommunist – og dette endå um eg hev ein liten anekdote å fortelja frå Italia. Nokre vikor fyre han vart fanga so hadde han nekta å gje intervju til ein journalist frå L’Unita (dagsavisa åt det italienske kommunistpartiet). «Eg hev tri gode grunnar til å ikkje gje deg noko intervju», hadde han sagt: «Av di du er journalist, av di du er kommunist, og av di du er italiensk».

Endå um anekdoten er sann, so må ein forstå honom på ein annan måte enn visse personar den gongen hadde lyst til å forstå.

Che Guevara vilde føra ein revolusjonær krig. Han vilde gjera røyndom av sin eigen titaniske latin-amerikanske utopi, og denne utopien stod beinveges i motstrid til agendaen åt den offisielle kommunistiske nomenklaturaen. Både Moskva-nomenklaturen, som det frettest skulde ha medverka til å verta kvitt honom – og den kinesiske nomenklaturaen, som den gongen vart utanrikspolitisk allierte med USA.

Dei italienske kommunistane hadde lang tradisjon for å vera vakthundar for sovjetregimet, og det var trulegt difor at Che vanvyrde dei.

Dessutan so er det sant at Che ikkje fekk den store studnaden frå vinstresida nokon som helst stad i verdi etter at han valde å hoppa av frå ministerposten sin og helder kjempa mot lagnaden sin i Bolivia – der han hadde vona å kveikja elden til ein kontinental revolusjon.

For å fyrebu uppdraget sitt so vende han seg til hopetals riksstyre og politiske personar i den alliansefrie verdi, og mange av desse var gamle kommunistar. Hjå desse fekk han ikkje nokon som helst slags studnad. Tvert imot, dei einaste som gav honom ei viss hjelp var yvertydde antikommunistar. Soleides var det landsmannen og den politiske fienden hans, Perón, som frå sitt spanske eksil valde å slutta upp. Likeins den spanske diktatoren Francisco Franco og den algerianske presidenten Boumediene. Fleire var det ikkje.

«Du var ikkje som dei, difor laut du døy åleine…»

Bagaglio, driven av den kunstnariske sensibiliteten sin, forstod den røynlege grunnen til at Che vart so kjær millom mange av dei politiske fiendane sine – millom folk som elles kunde finna på å æra Mussolini, Pavolino og Skorzeny. Deira høgvyrde Che laut døy praktisk tala heilt åleine, utan nokon andre utsikter, i namnet åt ein lidenskap. Han nekta å døy rik og mektig på ein ministerstol.

Alt dette gjorde at Che for oss vart ein nobel krigar og eit fyredøme. Og for meg vert han verande slik.

Dersom ein skal forstå den atypiske, spartanske åndi hjå Che, so kann eg gje dykk desse sitati frå skriftene hans:

«Ein må vera hard utan å nokosinne missa hjartelaget sitt».

«Den sanne revolusjonære vert leidd av ein stor kjærleik».

«Den sanne revolusjonen må byrja på innsida av oss».

«Stilla er ei samrøda som held fram med andre midlar».

Eg skal leggja til endå eit sitat som for meg segjer det meste. Eg siterar det frå minnet og det er nokolunde slik:

«Revolusjonen, det er å føra geriljakrigsverdiane inn i kvardagslivet vårt».

Som de ser er det viktugaste sagt. Det er ikkje mykje å leggja til, anna enn at ein kann fint få setja pris på ein avliden kommunist utan å gløyma at han var nett dei. Me er sterke nok til å tola det.

Me set pris på honom av di me er i ei verd av svevngjengarar, og der elskar me dei som drøymer!

‘’Hasta siempre, comandante Che Guevara’’

Gabriele Adinolfi