-Innvandring hev gjort utelivet i Bergen hardare

Slagsmål, knivstikking, dop, hemningslaus sex. Ein mann som hev arbeidd eit tiår i nattklubbsbransjen i Bergen hev eit sterkt vitnemål å koma med.

-Eg hev arbeidd på ymse slags nattklubbar i Bergen sidan 2007. Mykje var ille alt den gongen, men etter at innvandrarungdom tok til å dominera gatebilætet i Bergen sentrum so hev det vorte mykje verre, fortel «Kristian».

-Det er ein klår skilnad millom tradisjonelle nattklubbar og «ungdomelege» hiphop-stader. Dei fyrste hev endå eit typisk norsk preg, medan dei siste er vortne mangkulturelle «smeltediglar». Det er til desse stadene at innvandrarungdom trekkjer for å møta norske gjentor.

Det er spesielt èin av hiphop-utestadene som Kristian. meiner er vorte eit knutepunkt for seksuell kontakt millom innvandrarungdom og norske damor.

«Sodoma og Gomorra»

Den festekulturen som utfaldar seg på dei mangkulturelle klubbane karakteriserar Kristian som «Sodoma og Gomorra». Han skildrar ei klubbscena dominert av dop og umsynslaus sex. -Det er ikkje alltid like lett å arbeida når ein ser kva som hender rett framfor nasen din, slær han fast.

-Det er vorte slik at «alle» hev sex med «alle». Det er lite til ingen prevensjon, folk er lette på tråden og abort er ein heilt normal «dagen derpå»-affære.

-Miljøet er vorte milevis hardare

På spursmål um innvandring hev gjort nattelivet hardare, so svarar han slik:

-Det er vorte milevis hardare. Og er du dørvakt med kvit hudfarge, so må du rekna med å verta skulda for rasisme dersom du nektar inngang til nokon som er myrkare i hudi enn deg sjølv.

-Det finst ein «gjeng» her i Bergen der alle 7 er i same storfamilien. Dei hev stelt i stand bråk på mange ulike utestader. Det hev vore masseslagsmål med vakter og dei hev truga folk både verbalt og med kniv. Dei er vortne utestengde frå flest alle utestader i byen, men det held fram å vera bråk med dei. Ikkje so ålvorlegt som det var fyrr, men det er nok berre eit spursmål um tid fyre det smell att.

Redaksjonen