Trøytt stemning på Beyond the Gates 2018

At norsk svartmetall er vorte eit generasjonsfenomen vart tydelegt for alle som var på verftet og vitja Beyond the Gates 2018.

Ein merka godt at det var tynnare i konsertlokalet enn det tidlegare pla vera. Gjenomsnittsalderen åt dei frammøtte såg ut til å liggja ein stad millom 35 og 40 år.  Ei blanding av slitne familiefedrar som skulde ut og lufta seg og hardkokte metallturistar frå utlandet.

Knapt eit menneske under 20 var til stades. Det var ei trøytt stemning millom dei frammøtte, og den låge energien var til å kjenna på heile kvelden. Gruppone som stod på speltilet kunde ikkje gjera stort til eller frå.

Polske Deus Mortem var fyrst ute med endefram svartmetall som korkje var serskilt bra eller serskilt dårleg. Etterpå var det islendske Sinmara stod i munkekappor og leverte ein uinspirert svartmetall og eit passelegt parodisk sceneshow med dei typiske «okkulte» ingrediensane.

Fyrst med slovakiske Malokarpatan vart det litt fres. Som perlor på ei snor framførde dei drivande låtar med både groove og rivande riff. Ein kunde kjenna på innslag av både svartmetall og heavy metal frå 70- og 80-talet. Vokalisten song på slovakisk og hadde ein energi som smitta yver på publikum, og ein kjende at stemningi byrja ta seg upp. Dette var høgdepunktet under heile kvelden.

Malokarpatan med røff og groovy svartmetall frå Slovakia.

Når det gjeld norske 1349 og Mysticum so kann ein slå fast at dei leverte varone, korkje meir eller mindre. Mysticum var diverre plåga med dårleg ljod, so det vart aldri like bra som under comeback-konserten deira på «Black Flames of Blasphemy» i 2015.

Mysticum køyrde det same visuelle sceneshowet som under comebacket deira på BFOB i Finland i 2015.

Norsk svartmetall tok til som ein ungdomskultur, men det er likt til at det er vorte eit generasjonsfenomen. Neste gong Målmannen sin konsertmeldar skal ut og lufta seg so vert det helder på ein festival i Tyskland eller Aust-Europa, der øl ikkje kostar ei formue og der publikum framleis er ungt og engasjert.

O. Torheim

PS. Målmannen fekk diverre ikkje med seg Mare-konserten som skulde vera seinare på natti på Hulen, men det frettest at Mare skal ha redda kvelden for mange. Ein lesar skriv til oss at: «Mare var utruleg bra! Dei hadde sers mykje frå gamle Mayhem! Ljoden var heilt medvite ikkje for høg og sceneshowet var seriøst og ikkje yverdrive. Det beste som eg hev sett av svartmetall på lang tid. Hulen var den perfekte lokaliteten for framføringi.»