Globalisering gav oss corona-viruset

Corona-epidemien fær fram alle problemi med den globaliserte industri-økonomien. Det illgjetne viruset, som offisielt heiter SARS-CoV-2, syner kor skøyrt alt vert når grenselaus økonomisk vokster hev vorte alfa og omega på heile kloten.

Endå um det er det kommunist-kapitalistiske Kina som er utbrotssenteret, so hev heile det industrielle samfundet havt ein finger med i spelet. Hendingane siste tidi illustrerar svært godt det som Alain Gras skreiv i boki «Fragilite de la puissance» (Fayard 2003).

Naturen vert rasert

Kina er det landet som hev slege verdsrekord i naturøydeleggjingar. Det gjeld både umfanget og snøggleiken på øydeleggingane, og alt dette for å utvikla økonomien.

Me talar her um det vellukka hoppet som Kina gjorde inn i verdsøkonomien frå og med byrjingi av 90-talet. Enorme fabrikkbyar vart stampa upp frå jordi på nokre fåe år. Dette hende takk vere «teknologiyverføringar» som vestlege industriverksemder tilbaud i byte mot underbetalt og yverutnytta arbeidskraft.

Med dei nye fabrikkbyane kom all den infrastrukturen som trongst til logistikkfyremål: Vegar og enorme motorvegar som øydela tusundtals landsbyar, snøggfartstog, hamnar og gigantiske flyplassar.

Og til energiforsyning: Megademningar, atomkraftverk, kolkraftverk.

Fylgjone let ikkje venta på seg.

Raseringi av ein natur som ein tusundårgamal sivilisasjon hadde vokse fram saman med, den raseringi hev ført til celle-mutasjonar som drep både dyr og menneske. Det er ikkje på slump at det er i Kina dei mest dødelege epidemiane hev vokse fram dei seinaste åri, som med SARS-CoV – som gav upphav til pustevandskesyndromet SARS i 2003. Eller dagsens coronavirus som er langt meir dødeleg enn det fyrste.

Det er ikkje på slump at det er i Kina at virusutbrot hev gjort mest skade. Som i den fyrste epidemien med coronavirus, enno med ukjent upphav – der viruset desimerte grisebestanden i fire gigantiske produksjonsfarmar. Dette var i 2017 og 2017, og alt den gongen var viruset i stand til å infisera menneskecellor.

Det er helder ikkje på slump at dette «muterte» viruset heng i hop med dyreavl. For at industrien skulde veksa utan grensor, so hev det vore ei formidabel avskoging i Kina. Slik hev menneski trengt seg langt inn i den ville naturi og kome tett på artar som dei tidlegare ikkje hev havt noko tilhøve til. Virusi finn vegen ut frå «reservoari» sine – dei ville dyri som er friske berarar – og dei muterar og skader heilt andre artar, slik som menneski.

Dette minnar oss på at det ikkje er slik som dei trur, desse intellektuelle som hev fare seg vill i teoriens tåkeheim. Det er framleis slik at «naturen, han finst». Når ein ser burt frå naturens lover, so er konsekvensane for mennesket, ein naturleg organisk skapning, heilt forferdelege.

Og ja, det er sant at dei kommunistiske leidarane ikkje hev gjort anna enn å ta dei vestlege, kapitalistiske produksjonsteknikkane i bruk på eit heilt kontinent…

Velferdi vert vraka

Folkehelsa er eit gode som ikkje er verdt eit øre for den kapitalistiske voksterøkonomien. Det einaste som tel er marknadsverdet, og her er det snarare det at folk vert sjuke som ein kann tena pengar på. Ikkje det at folk held seg friske.

Um 40 prosent av det kinesiske bruttonasjonalproduktet kjem frå industrien, so kjem 5 prosent frå helsestellet. Difor er ikkje helsestyresmaktene i stand til å visa den handlekrafti som trengst når det bryt ut ein epidemi. Vitnemåli frå Wuhan er talande. Folk som hev vorte smitta hev vorte sende heim att frå fulle sjukehus. Soleides er dei komne heim og hev smitta grannane sine. Jamvel når det hev vore ledige sengeplassar so hev fattigfolk vorte sende heim att for å døy – av di dei ikkje kunde leggja ut for sjukehusuppheldet.

Fyrst når epidemien var ute or kontroll var styresmaktene endeleg viljuge til å ta på seg kostnadene for alle. Det finst ingi helseforsikring for alle i Kina..

Men kva trur du kjem til å skje her hjå oss under ein pandemi? Intensivplassane på sjukehusi våre hev turka burt. Alle slags reformatørar hev vore med på å skjera ned i det offentlege helsetilbodet, inkludert venstresida sine eigne.

Fridom vert bytt ut med tyranni

I motsetnad til det som vestlege liberalarar hev hevda i dei siste tiåri, der dei heilt hev «gløymt» korleis arbeidsfolk hadde det under vår eigen «industrielle revolusjon», so hev den økonomiske voksteren aldri vore so sterk som i politiske regime der menneskeleg fridom vert slege ned på… um ein ser burt frå fridomen til å produsera og konsumera, rett nok. Slik hev det vore frå Chile under Pinochet til Kina av i dag…

Dersom ein skal få maksimal profitt og utnytta arbeidskrafti mest mogleg, so er det best um ein ikkje hev frie fagforeiningar, ærlege naturvernarar eller humanistar som stend fast på fridomsideali sine.

Politistaten og den permanente redsla for å stikka seg ut i mengdi, det fær dramatiske konsekvensar for både den mentale og den fysiske helsa…

Det kinesiske kommunistpartiet toler ikkje kritikk. Aller minst kritikk mot den industrielle triumfmarsjen deira, der målet er å nå att og koma forbi Vesten i levestandard. Det kinesiske kommunistpartiet reknar all slik kritikk for eit stort svik. Alle som skulde ha ein annan visjon må bringast til tystnad. Når dei ikkje alt er hamna i umskuleringslæger. Eller er vortne drepne.

Når det gjeld operasjonane for å stengja inne eit milliontals menneske – med dronar som gjev folk ordre um å reisa heim att og med elektronisk «andletsattkjenning» for å spora upp moglege smitteberarar – so hev dei grunnleggjande sett tvo fyremål:

Det eine fyremålet tener til propaganda um at styresmaktene hev stoda under kontroll. Noko som ikkje stemmer i det heile når ein høyrer vitnemåli frå sjuke som vart sende heim att frå sjukehus. For ikkje å snakka um heile den manipulasjonen der tali gjer eit «hopp» for kvar gong ein hev endra på «teljemåten».

Det andre fyremålet tener til å styrkja ein fryktkultur, for ingenting er betre til å kamuflera ein politisk arrestasjon og ei fengsling enn ein karantene av sanitære grunnar… Noko som ikkje hindrar modige borgarar frå å reisa seg mot regimet. Eit prov på at tallause kinesarar, med fåre for eigne liv, ikkje vil gje seg inn under tyranniet. Eit tyranni som Vesten stør upp um med både kommersielle og industrielle avtalor.

Globalisering

Utan globaliseringi so kann ikkje det dominerande økonomiske regimet få eksistera lenger. Det vedvarande jaget etter produktivitet og profitt er nøydt til å kløyva verdi upp i terroritorium som er «tevleføre» på kvar sine umkverve.  Det er ikkje til å koma i frå at kvar region, kvar nasjon, ikkje lenger kann produsera det som dei treng mest. Dei er tvinga til å produsera det som dei kann selja dyrast på den globale marknaden.

Skal me stogga corona, lyt me stogga den frie flyten yver landegrensone…

Kina er i dag den største industrielle produsenten i verdi: Dei stend for nesten 30% av den globale verdiskapingi innanfor industrien, dei er framfor USA. Dei store globaliserte økonomiane, og folkesetnadene deira, er avhengige av denne svære «fabrikken» av eit land. So no når produksjonslinone i dette landet stoggar, so fær det katastrofale fylgjor for den globale økonomiske voksteren (alt no ser me børskrakki).

For økologien er det derimot positivt, det som skjer: Mindre produksjon, mindre handel, det heiter mindre ureining og mindre øydeleggjing av natur og dyreartar.

Lista yver varor på verdsmarknaden som kjem frå Kina, ho er lang som eit vondt år. Frå smarttelefonar fabrikerte av Foxconn på uppdrag frå Apple til Airbus 320 si samlebandslina i Peking. Frå PSA, Honda og Nissan i Wuhan-regionen – episenteret for epidemien der folket vart sette i karantene – til den gigantiske online-varehandelen Alibaba i Hangzhou.

Hangzhou, det er endå ein by i karantene for å verna grannebyen Shanghai (utan resultat). Og Shanghai, det er sjølve hjarta i den globale kapitalistiske verdiproduksjonen. Her er det forresten ein finn den «økologiske» bilen Tesla med…

For ikkje å snakka, ironisk nok, um lækjemiddelindustrien. 80 prosent av medikamenti selde i Europa er fabrikerte utanfor grensone våre, og ein stort part av dei i Asia!

Verknadene på den globale voksteren er alt vortne formidable. Ein indikator: Oljeprisen hev falle ned til um lag 50 dollar fatet.

Den globale kapitalismen er eit ekstremt skøyrt system

Dette er materielle realitetar som gjer kvart eit vernetiltak so godt som nyttelaust. Koronaviruset spreider seg snøgt, saman med den vedvarande straumen av varor og menneske. Berre ein månad etter at viruset dukka upp på ein dyremarknad i ein by i det sentrale Kina (Wuhan), so er det stadfest infeksjonar i eit tredvetals land, frå India til Sverike, og frå Canada til Singapore.

Styresmaktene i Kina og resten av verdi stend grunnleggjande sett andsynes eit dilemma:

Anten lyt dei byggja store barrierar mot globaliseringi, og den materielle basisen for samfundi våre byrjar å gå i uppløysing, inkludert dei avanserte helsetenestone… eller so må dei berre lata den frie flyten få gå sin gang, både med menneske og varor (dei sistnemnde flyg ikkje åleine gjenom lufti og dei fer ikkje åleine yver verdshavi).

Det er ingi yverrasking at det er det siste som fær lov til å skje. Soleides let dei sjukdomane få vandri ikring, dei med.  Med konsekvensen at sjukdomen finn vegen ut or Kina og til heile verdi. Og med risikoen at me fær epidemiar i land der helsestell og sanitærtilhøve er mykje, mykje dårlegare. Eg tenkjer her på Afrika, som Kina hev gjenge tungt inn i både kommersielt og industrielt.

Korleis skal me møta trugsmålet?

Epidemien som me ser no, og dei som hev vore fyreåt, kastar ljos yver den katastrofa som den globale voksterøkonomien er – der industriell ekspansjon er det einaste fyremålet for oss menneske. Han demonstrerar den kollektive andsvarsløysa, ikkje minst den som høyrer leidarane våre til. Og dei politiske støttespelarane deira.

Og dette er berre byrjingi, for dei kinesiske virologane – dei som styresmaktene enno ikkje hev kasta i fengsel – varslar alt no um fleire epidemiar med coronavirus.

Patrick McCrath Muniz, «The Quarter Ride».

Me er enno ikkje nåme nær ein so ålvorleg situasjon som siste gongen «spanskesjuka» herja. Den gongen vert tridjeparten av verdsfolkesetnaden sjuke og minst 50 millionar menneske døydde på tvo år (1918-1919).

Me treng ikkje å hamna der. Me hev framleis tid til å skifta ut det blodige økonomiske systemet av i dag med noko menneskeleg. Me kann stogga skadeverket og taka vare på naturen. Me kann premiera folk som arbeider i staden for dei som spekulerar med pengar. Me kann driva helseverksemd og produsera mat utan at det berre skal handla um profitt i globalkapitalistisk målestokk. Me kann gjera slutt på den økonomiske globaliseringi, nedvekst kallar me det for. Og me kann verna den politiske fridomen vår mot eit industrielt tyranni.

Denis Bayon

(Umsett frå fransk av Olav Torheim)