Psykopath-sleppfest: Liv og røra på Skur 14

Etter sleppfesten åt Psykopath på Skur 14 er det ingen som kann påstå at metallscenen i Bergen er åt å døy ut. Både artistar og publikum var ungt og energisk.

Norsk svartmetall er langt på veg vorte eit generasjonsfenomen, konstaterte Målmannen sin musikkmeldar etter Beyond the Gates 2018. Og seinast med stengingi av Garage var det mange som tenkte at det var kroken på døri for metallmusikken i Bergen. Slik gjekk det ikkje. Eit nytt og ungt metallmiljø hev vokse fram kring konsert- og øvingslokalet på Skur 14 på Strandkaien, og dei spelar på heile registeret av metallmusikk og hardrock frå den siste ættleden.

Thrashmetallbandet Psykopath hev nyss sleppt sin andre EP, «Infectious», og sleppfesten på laurdag 22. februar fekk so låg terskel som ein kunde få det: Alle slapp inn gratis, og drikke kunde ein ta med seg sjølv. Ein kunde kjenna på den energiske stemningi med det same ein kom inn i konsertlokalet: Veggene var måla i svart og fleirtalet av dei frammøtte var tidlegt i 20-åri.

Todesking: Bra musikk, veik optikk

Fyrst ute var Todesking frå Stavanger. Dei gav oss groovy svartmetall med mykje god riffing. Ein beit seg merke i at det var bassen som dreiv fram mange av melodiane, og det var bassisten som stod for vokalen med. Dei fyrste låtane var kjappe og endeframme, og slik bygde dei upp trøkk og stemning i salen, og lengre ut i repertoaret vart det meir samansette låtar der sologitaristen fekk ei meir leidande rolla i å skapa melodi og stemning.

Det var ingenting å segja på låtmaterialet, men det visuelle var litt for dårleg gjenomført. Svartmetalltradisjonen tru hadde artistane pynta seg med andletsmåling, men diverre vart det ikkje so truverdig. Trummeslagaren hadde pynta seg som ein Per Ohlin og gjorde ein framifrå jobb med pedalane sine. Gitaristen framstod derimot som litt for drøymande til at han passa inn i den Gaahl-liknande liksminken sin, og vokalisten med bassgitaren framstod litt for mykje som ein brumlande bjørn – ein brumlebass, rett og slett?

-Dei burde ha bytt til eit betre namn og jobba litt meir med korleis dei presenterar seg, so kunde dette ha vorte magisk, kommenterte ein av tilhøyrarane.

Filthdigger: Thrash- og daudmetall av det amerikanske slaget

Neste gruppa ut var Filthdigger frå Oslo. Dei framførde ei slags blanding av amerikansk daudmetall og thrashmetall, og heile det estetiske uttrykket deira knytte upp mot metallmusikken frå 80-talet.  Publikum greidde ikkje å halda seg i ro, og det var moshing og pogo heile vegen. Medan vokalisten ironisk nok stod i ei raud Mayhem-trøya («Dethcrush») og smilte til eit publikum som ikkje akkurat tedde seg i Øystein Aarseth si ånd («no fun, no core, no mosh»).

Psykopath: Thrashmetall som riv folk med seg

Ved midnatt kom endeleg Psykopath på scenen. Psykopath spela kjapp og aggressiv thrash i same gata som Exodus, Slayer, Megadeth og Testament. Heile bandet tok seg ut som best dei kunde på scenen.

No var det endeleg tid for reinhekla thrashmetal av den gamle skulen, men publikum heldt fram med å te seg som um dei var på ein hardcore-konsert. Målmannen sin musikkmeldar vart sjølv kasta både her og der i pogoen som fylgde, men det hadde han kanskje berre godt av.

På lag 100 personar, dei fleste ungdom, var møtte fram til konsert denne kvelden. Dei var ingen einsarta masse, men var tydelegt påverka av både den tradisjonelle metallkulturen og pønken sitt «gjer det sjølv»-huglag. Ein kjende litt av same stemningi som ein elles hev upplevd på sjølvstyrde ungdomshus ute i Europa.

Me som hadde ottast for metallmusikken si framtid i Bergen kunde gå heim og sova litt betre denne laurdagsnatti.

Olav Torheim