Skal ein skjemmast yver å vera kvit nordmann?

«Det som blir glemt i mylderet av brutal vold og grafiske bilder som fester seg på netthinnen, er hvithet som ideologi», skriv Sumaya Jirde Ali i Morgenbladet den 7. juni 2020.

Raseuppreisten i USA hev gjeve massemedia høve til å køyra fram eit nyord: «Hvithet». Kva er det?

Fram til i fjor so fanst ikkje «hvithet» i norsk språkbruk. Derimot so hev ein gjenom nokre tiår freista å etablera «whiteness studies» som ein eigen «vitskap» i amerikansk akademia. Millom upptaksmennene til denne «vitskapen» finn ein millom annan Noel Ignatiev, grunnleggjar av tidskriftet «Race Traitor».

«Treason to whiteness is loyalty to humanity», er slagordet åt «Race Traitor». «Race Traitor» hev til uttala politisk mål å «utrydja den kvite rasen» («abolish the white race»).

Marxisten Noel Ignatiev var i si tid med i «Communist Party USA», men partiet var ikkje radikalt nok for honom. Difor vart han seinare med på å skipa til ein «Provisional Organizing Committee to Reconstitute the Marxist–Leninist Communist Party». Som me veit er marxismen sjølve erke-dømet på ein politisk ideologi presentert som «vitskap»…

Oktober 2019: «Kritiske hvithetsstudier» kjem til norsk akademia

I oktober 2019 kom fyrsteamanuensis Sandra Fylkesnes ved OsloMet med ein kronikk der ho ho introduserte «kritiske hvithetsstudier» som eit nytt forskingsfelt i Noreg. Fylkesnes skriv:

«Et sentralt perspektiv innenfor kritiske hvithetsstudier er at hvithet er et sosialt konstruert begrep, i likhet med begrepene rase og rasisme. Begrepet hvithet handler både om rase, det vil si et sosialt konstruert grunnlag mennesker grupperes på bakgrunn av, og om rasisme, det vil si de daglige handlingene som opprettholder denne grupperingen. […] Å være hvit innebærer at man er plassert i en privilegert og dominerende samfunnsposisjon.  […]  Rasisme sett fra et kritisk hvithetsperspektiv handler om en hvit overlegenhetsideologi som kommer til uttrykk i praksis. […] Hvit overlegenhetsideologisk rasisme kan altså komme til uttrykk på mangfoldige måter.»

Endå um Fylkesnes ikkje nokon stad kjem med ein klår og tydeleg definisjon på ordet «hvithet», so kann me likevel sjå frå kronikken hennar at alt hev vorte sagt:

Rase er ein sosial konstruksjon, som ikkje svarar til nokon slags biologisk realitet, men «hvithet» finst likevel. Og det finst ingenting positivt med «hvithet», tvert imot – «hvithet» er ikkje noko anna enn eit privilegium der kvite heilt ufortent fær dominera andre gruppor i samfundet. «Hvithet» og «hvit overlegenhetsideologisk rasisme» vert soleides eitt og det same.

Å vera kvit eller å positivt identifisera seg som kvit vert det same som å vera rasist. Ein myrkhuda kann derimot aldri vera rasist, for han hev ikkje makt til å setja fordomane sine ut i livet («Racism is prejudice plus power», som det heiter i amerikansk sjargong).

Jamvel um eit svensk studium syner at utlandskætta ranarar gjeng medvite etter etnisk svenske ransoffer, so vil ein forskar på «whiteness studies» aldri kalla det for rasisme…

Fylkesnes kjem elles med etter måten mange gode døme på at menneske med minoritetsbakgrunn kann møta vanskar i dagens Noreg, men er ikkje dette berre fordomar og diskriminering generelt? Kvifor er det «hvithet»? Er Kina si handsaming av minoritetar spesielt bra? Eller kva med Sør-Afrika? Der vert «whiteness studies» nytta til å rettferdiggjera at èin type diskriminering («Apartheid») hev vorte bytt ut med ein annan («Affirmative action»).

Dersom kvite er på toppen av eit interseksjonelt undertrykkingshierarki andsynes alle andre minoritetar, kvifor er det nett i det «kvite» Vest-Europa, Nord-Amerika og Australia at kvinnor, homofile og andre minoritetar hev det sterkaste rettsvernet?

Den einaste «vestlege» staten som heilt systematisk diskriminerar folk ut frå etnisk upphav, det er staten Israel. I Israel kann ikkje jødar gifta seg med ikkje-jødar. Israelske arabarar vert nekta å eiga jord. Afrikanske innvandrarar sit i deporteringslæger og ventar på å verta sende attende til Afrika, og palestinske beduinar fær landsbyane sine jamna med jordi. Høgrepopulistiske europeiske politikarar vert skulda for «rasisme» når dei vil roa ned innvandringi frå ikkje-vestlege land, men Israel haustar berre mild kritikk når dei bombar og drep palestinarar som hev vore der heile tidi. Er den israelske serstoda «hvithet» eller er det noko anna? Sovorne spursmål kjem Fylkesnes og fagfelagane hennar aldri inn på…

Juni 2020: «Hvitheten» skal ut til den norske ålmenta

Eg vil gjerne koma attende til innlegget frå Sumaya Jirde Ali, som saman med andre vil nytta momentumet frå raseuppreisten i USA til å føra «hvitheten» inn i offentleg norsk diskurs. Ho talar um «hverdagsrasisme» og «hvithet som ideologi», men hev kvardagsmenneske flest nokon «ideologi»? Det hev dei visseleg ikkje. Folk flest tenkjer ikkje politisk eller ideologisk. Det er snarare tvert imot, mange ser at noko er gale, men kann ikkje artikulera det. Og vert kalla for hatefulle rasistar når dei syng ut med nebbet dei hev – som til dømes på Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst».

Sumaya Jirde Ali hev sjølv ideologiproduksjonen um «hvithet» å takka for at ho hev fenge ein talarstol. Det vert ikkje kva som vert sagt, men kven som segjer det, som tel. «Kvite menn som pushar 50» veit ikkje kva dei talar um, men det gjer «unge gjentor med minoritetsbakgrunn» – same kor banal bodskapen deira skulde vera. Denne ideologien fører til ein fordumming av offentleg debatt, der dei som skrik høgast fær sleppa til.

Sumaya Jirde Ali gjekk sjølv krasst ut mot Sylvi Listhaug med skjellsord-polemikk som «Fuck Listhaug». Sylvi Listhaug er ein person som mange makteslause nordmenner identifiserar seg med – og Jirde Ali fekk ei 70 år gamal kvinna dømd til fengsel når ho vart so provosert at ho svara med same mynt…

«Hvitheten» er ideologiproduksjon, ikkje vitskap

Det er til å undrast yver at folk som hevdar å kjempa mot rasisme i neste umgang er dei som vil skilja millom folk, og det ut frå noko so yverfladisk som hudfarge.

Stødt fleire unge norske gutar droppar ut or skulen. Som ufaglærd på arbeidsmarknaden hev dei ingen sjanse mot austeuropearar som både er billegare og betre kvalifisera. I staden vert dei NAV’arar som bur heime hjå foreldri og spelar data. Er desse gutane kvitpriviligerte?

Og gjer forresten interseksjonalitetsteorien og feminismen noko for unge svarte menn som veks upp utan far?

Berre kvite kann vera rasistar, vert me fortalde. So kvifor vil ikkje-kvite bu i rasistiske land? Kvifor er det masseinnvandring til kvite land og samstundes «white flight» frå minoritetsdominerte område?

Fylkesnes skriv i artikkelen sin at:

«Innenfor dette feltet blir hvithet forstått som nedarvede rester fra vår felles koloniale og imperiale historie. […] På en måte kan man si at den ultimate hvitheten representeres gjennom ideen om et hvitt herrefolk.«

Men dersom «hvitheten» er ein «herrefolksideologi» som spring ut frå kolonialismen og imperialismen, kvifor var det då i Tyskland og ikkje hjå kolonimaktene Storbritannia, Frankrike eller USA at ein «herrefolksideologi» offisielt kom til makti på 1930-talet?

Det er dei store koloni- og imperiemaktene Storbritannia, Frankrike og USA som hev gjort mest for å eksportera demokrati- og likskapstenkjing til alle verdsens kantar. Den tyske romantiske nasjonalismen voks derimot fram som lekk i ein fridomskamp mot Napoleon sin okkupasjon.

Kolonialisme og imperialisme er helder ikkje noko som kvite menneske vore åleine um å driva med. I det osmanske imperiet vart kvite haldne til slavar. Det same galdt Alger og andre sjørøvarstatar i Nord-Afrika. Når Frankrike i si tid invaderte og koloniserte Algerie, so gjorde dei ende på hundradtals år med kvit slavehandel. I sume afrikanske land finst det slaveri jamvel i dag.

«Kritiske hvithetsstudier» er ingen «vitskap» som hjelper oss med å forstå røyndi betre. Det er ideologiproduksjon. Og det syner kor effektivt ideologiproduksjonen er når ein hev ressursane til å sitja med heile «næringskjeda»: Fyrst kjem «forskingi» og publikasjonane, som snaudt nokon ansar på. So kjem «populariseringi» i dagspressa. Til slutt kjem indoktrineringi i skulen…

For til liks med alle andre ideologiar, so tener ideologiproduksjonen kring «hvitheten» eit fyremål. Det trengst ei ideologisk grunngjeving for umdaningi frå solidarisk velferdsstat til eit umfordelingssystem der nokon berre skal yta og andre berre ta imot.

Etter krigen stod me saman um å byggja ein sosialdemokratisk nasjonalstat der alle skulde vera i arbeid og der alle samstundes trong eit tryggingsnett. Alle kann verta sjuke og alle kann få eit funksjonshemja born. Difor godtek me å svara skatt. Det handla um solidaritet: Ein hjelper andre av di ein veit at andre vilde ha gjort det same for ein sjølv.

Dette er ikkje modellen for dagsens Noreg. Innvandringi til Noreg er so stor at det kjem fleire innvandrarar enn det vert fødde born. Som Brochmann-utvalet hev slege fast, so er den ikkje-vestlege innvandringi ikkje økonomisk berekraftig. Til dømes kjem dei fleste somaliske innvandrarane aldri i jobb. Det vert meir og meir slik at nokre gruppor i samfundet er netto bidragsmottakarar, og dimed må majoriteten i endå større mun verta netto bidragsytarar.

Det trengst difor ein ideologi som kann grunngje at nokon skal yta og andre skal ta imot. Den kvite heterofile mannen, som kvar dag stend upp, arbeider og svarar skatt, han skal få høyra at han er so priviligert. Det som han hev skapt, det hev han i røyndi berre fenge servert på eit fat! Me er rike av di andre er fattige! Kvifor skal me ha heile oljerikdomen for oss, berre av di me var so heppne å verta fødde her?

Svaret på det er at oljerikdomen er vår av di det er me som hev skapt denne verdien. Olja under Nordsjøen hadde vore null verdt um me ikkje hadde utvikla kunnskapen og kompetansen til å henta olja upp frå havet. Ein kompetanse bygd upp gjenom blodige offer (Nordsjø-dykkarane), med arbeidsmoral og nøysemd forma gjenom tusundtals år med stutte somrar og kalde vintrar.

Me er fødde her av di ingen andre enn oss kunde ha levd her i utgangspunktet.

Kvit hud er faktisk eit privilegium i ordet sin rette forstand, ein positiv eigenskap ein er fødd med. Me hev trulegt arva det frå neanderthalarane, som hev vore 600.000 år i Europa, under dei seinaste istidene, lenge fyre dei moderne menneski kom her. Det er ei tilpassingsform som sikrar oss nok vitaminar i eit lysfattig kringvære. Med rett kosthald i ein globalisert økonomi er ikkje dette nokon problematikk, men kven veit kor lenge dette kjem til å vara?

For kvar skal det heile enda? Med den klientifiseringi som dagsens innvandrings- og sosialpolitikk legg upp til, so må ein rekna med at kvite europearar – ogso den dagen dei sjølve er vortne minoritetar i eigne land – framleis er dei mest utdana og dei mest velståande. Då er ikkje «positiv særhandsaming» lenger ein politikk som me kann ta oss råd til, men ein politikk som ein aggressiv majoritet av «minoritetar» tvingar på oss, væpna med den offermentaliteten som ideologiproduksjonen kring «hvitheten» forsyner dei med.

Um ein til dømes ser til Sud-Afrika, so fær ikkje fatige kvite nyta godt av sosiale velferdstenestor som kjem svarte til gode. Skal ein tru «kritiske hvithetsstudier», so kann ikkje svarte vera rasistar. Men i Rwanda var svarte i maktposisjon til å gjenomføra det verste folkemordet i moderne tid…

Kvite nordmenner hev ikkje skuld, men dei hev interessor, dei med

Det vert i desse dagane tala so mykje um «systemisk rasisme». Eg tenkjer uppegåande nordmenner snart bør ta konsekvensen og segregera seg sjølve frå eit system som berre er eigna til å ta frå dei verdiar dei hev skapt og gje dei burt til folk som sit i mottakarenden og aldri fær nok – men der eit kobbel av presse, NGO’ar og «vitskapsfolk» sit og produserar «kritiske hvithetsstudier» og annan ideologi som skal få dei til å godta at dei skal bidra til å halda uppe eit dysfunksjonelt system.

Her er det mogleg å vera kreativ, og ein kann starta på nett den staden som ein er her i livet. Ein kann til dømes bruka mest mogleg venetenester i staden for å leiga handverkarar der staten kann gå inn og krevja moms. Ein kann setja i gang lesesirklar og skaffa seg grunnleggjande og tverrfagleg kunnskap både innanfor språk, historie og naturvitskap – ein treng ikkje nøgja seg med å vera eit medvitslaust tannhjul i eit system som ein ikkje maktar gjenomskoda. Compartmentalization kallar dei det, dei som sit på toppen og kann samla trådane…

Ingen vituge foreldre lærer ungane sine upp i offermentalitet, i staden for å ta andsvaret for eigne liv. «Hvithets»-ideologien er neppe i innvandrarane si eigi interessa.

Men eg er ikkje her for å fortelja minoritetane um kva som er i deira beste interessa. Eg hev interessor, eg og. Mine born er kvite, og eg hev den same retten som alle andre til å vera so menneskeleg at eg er meir uppteken av framtidi åt mine eigne born enn av andre sine.

Ikkje berre er det min rett, det er mitt andsvar.

Det er ikkje noko meir moralsk høgverdig av den svarte kvinna Sumaya Jirde Ali å stå på sitt enn det er for meg, den kvite mannen, å stå på mitt. Aksepterar ein at det er slik, so uppstår det gjensidig respekt.

For verdi er heilt sikkert stor nok for oss alle, og dei fleste problem kann løysast um ein møtest og tek ein prat som likeverdige vaksne menneske. Men Sumaya Jirde Ali kann berre gløyma å gje meg dårlegt samvit eller få meg til å tru at eg skuldar henne noko berre av di eg er kvit.

O. Torheim