Vil Bergen Arbeidarparti lata LO i Bergen få sabotera lokalt integreringsarbeid?

Med kvart som tåregassrøyken hev lagt seg og fakta kjem fram, so danar det seg eit bilete som er svært lite flatterande for Axel Fjeld og LO i Bergen og Omland.

Etter å ha vore i uppvaskmøte med politiet, so sannar AP-byrådsleidar Roger Valhammer at det var ei rett vurdering av politiet å nytta tåregass mot dei ulovleg demonstrerande ungdomane.

PÅ KOKEPUNKTET: Kven tener på polarisering?

For endå um det hev vore stilt um det i media, so hev både bergenspolitiet, Bergen Kommune og Bergen Moske vore fullt klår yver at det finst eit integreringsproblem i etter måten mange bydelar. «Sint minoritetsungdom» med gjengmentalitet og sterk mistru til politiet, det er noko som offentlege tenestefolk hev slite med lenge.

Når politiet i Bergen valde å leggja LO sin motdemonstrasjon til Tårnplassen, so var det av di dei visste kva slags valdspotensiale som låg i å bringa hundradtals sinte ungdomar nært upp til SIAN-demonstrasjonen. Arbeidarpartiet hev både ordførar og byråd i Bergen, og dei er ikkje mindre andsvarlege enn at dei rettar seg etter fagfolk:

-Etter at LO i Bergen valde å avlysa den offisielle motdemonstrasjonen sin, so gjekk AP-leidar i Bergen, Geir Steinar Dale, offentleg ut og frårådde medlemene sine å vera med på den ulovlege motdemonstrasjonen.

-Ikkje berre AP, men jamvel Bergen Moske, gjekk ut og frårådde medlemene å gå på den ulovlege demonstrasjonen. Dette fortel styreleidar Badreddine Maizi, som saman med politiet er tett på mistilpassa muslimsk ungdom.

David Martinez, styreleidar i idrottslaget på Møhlenpris – som vonde tungor er byrja kalla for «Lille Mogadishu», hev vore i kontakt med mange av dei politi-innbrakte ungdomane, og han melder at mange av dei no tregar på det som dei var med på.

Arne Jæger frå LO Bergen og Omland mobiliserar til den ulovlege motdemonstrasjonen.

Med kvart som fakta kjem fram, vert det altso klårt at den ulovlege motdemonstrasjonen, som enda i gateslag, korkje hadde studnad frå Bergen Arbeidarparti eller frå Bergen Moske. Det var eit reint sololaup frå LO i Bergen og Omland, med Axel Fjeld i spissen.

Ikkje ein gong når det gjekk slik som det gjekk, med brutal valdsbruk og massive åtak på politiet, so er det nokon sjølvrefleksjon å spora. I eit uppslag på Facebook frå lokallagsleidar Fauzia Hussain-Wiik, so uppsummerar ho den valdelege demonstrasjonen som vellukka. Hovudsak er at SIAN måtte stikka:

«Vært og demonstrert mot SIAN. Masse folk møtte opp mot rasisme. SIAN dro etter 28 minutt og spredde hat i ordform i kun 10-15 min. Eg hørte ingenting av det de sa, veldig fornøyd!»

INGEN SJØLVREFLEKSJON: Kontaktperson Arne Jæger og lokallagsleidar Fauzia Hussain-Wiik uppsummerar den valdelege demonstrasjonen som ein suksess. Hovudsak at SIAN måtte stikka!

Dersom ein ser på Bergen Kommune sine eigne levekårsundersøkingar, so ser ein at dei innvandrartette bydelane, som Solheim Nord og Slettebakken, er dei som kjem dårlegaste ut både på kriminalitet, helse og barnevern. Det er eit hardt pressa politi og sosialstell som skal arbeida mot ungdom på desse stadene.

Arbeidarpartiet i bystyret vil ha oss til å tru at dei tek dette andsvaret, men kva hjelper det når LO i Bergen køyrer solospel og driv fram nett den polariseringi som gjer integrering so vanskeleg?

Axel Fjeld (t.h) stelte godt fyrebudd på ulovleg motdemonstrasjon, med utetling av vassflaskor til dei som han sjølv kallar for «sint minoritetsungdom».

Bergen Arbeidarparti styrer ein heil by. Tendensar til ghettodaning og gjengkriminalitet fær ålvorlege konsekvensar som bergenspolitikarane ikkje kann lata vera å taka på ålvor. Axel Fjeld i LO Bergen og Omland derimot, dei trur tydelegvis at politikk er ein leik. Dei kann egla upp ungdom og senda dei i valdelege konfrontasjonar med politiet, berre av di det høver deira eigne politiske kjepphestar som er «antirasisme» og «antifascisme». Eit trongsyn so parodisk at det kunde ha gjenge rett inn i «Life of Brian» – men det er ikkje like moro lenger når det vert blodig ålvor.

UTANFORSKAP: Ein av dei afghanske ungdomane som gjekk til åtak på Thorsen, bakbunden og faststripsa på ein benk. Kva slags framtidsutsikter gjev slikt?

Kann henda var det eit titals ungdomar som fekk sitt aller fyrste møte med politiet denne helgi. Um dette møtet ikkje førde til radikalisering og auka konfliktnivå, so er det Badreddine Maizi frå Bergen Moske å takka. Ikkje Axel Fjeld.

O. Torheim

AP-byrådsleidar Roger Valhammer tok ikkje telefonen når Målmannen ringde. AP-leidar Geir Steinar Dale vilde ha meir informasjon tilsendt på e-post før han vilde uttala seg. Han melde seinare frå at han ikkje ynskte å uttala seg um saki.

Sjå dessutan:
LO i Bergen egla innvandrarungdom til åtak på politiet.