Er USA ein bananrepublikk no?

Presidentvalet i år hev vore ei tevling millom det republikanske partiet og det bananrepublikanske partiet, tidlegare kjent som «Demokratane».

Medan eg skriv dette, so freistar Demokratane å øydeleggja det amerikanske demokratiet av di det amerikanske folket hev vore ulydige mot dei endå ein gong. Donald Trump er den rettkomne valvinnaren, og um Biden endar med å få flest røyster so er det einast med fusk. Trump bør ikkje under noko umstende gje seg fyre alle vegar er førde til endes.

Lat oss sjå på korleis Demokratane freistar øydeleggja det amerikanske demokratiet.

Aller fyrst so må eg slå fast at den einaste måten å sikra at røystingane gjeng rett fyre seg i eit i val og å sikra veljarane anonymitet, det er at veljarane møter fram personleg (for å prova at dei er i live) med gyldige identifikasjonspapir (for å prova at dei er dei som dei gjev seg ut som) – og deretter kann dei få ein røystesetel. Og dersom røysti deira skal haldast anonym, so må alle røystesetlar sjå like ut. Det kann ikkje vera nummerering som knyter ein viss røystesetel til ein viss røystegjevar.

Demokratane bryt med denne prosessen på tvo openlyse måtar.

For det fyrste so er dei imot at røystegjevarane må identifisera seg. Dei hevdar at dette er «rasistisk», sidan mange svarte og brune slit med å få identifisert seg, skal det heita seg. Og likevel skal synsmåtane deira telja like mykje som synsmåtane åt dei som er andsvarlege nok til å skaffa seg høvelege identifikasjonspapir.

For det andre so vil Demokratane ha røystesetlar som berre er sende rett ut til folk i posten og som deretter skal sendast attende i posten. Når eg budde i Washington State, so fekk eg tilsendt røystesetlane åt fire personar som tidlegare hadde budd i husværet mitt. I uppgangen åt blokki mi var det ei bosbytta, fyld med røystesetlar sende til folk som hadde budd i blokki tidlegare. På postkontoret rett kring hushyrna var bosbyttor fulle med kasta røystesetlar. Det var ingenting som hindra nokon frå å samla inn desse setlane og fylla deim ut.

Korleis kann ein sikra at ein røystesetel som er send ut i posten er fyld ut av den rette personen? Den einaste måten er å gjera det mogleg å spora den einskilde røystesetelen, og det bryt med heile prinsippet um at røystingi skal skje anonymt.

Det er eit idiotisk system, forma ut av eit korrupt demokratisk maskineri eigna til å øydeleggja demokratiet. Covid-19 var Demokratane sitt påskot til å køyra på med flest mogleg postrøyster i år, og slik korrumperte dei valprosessen endå meir.

Diverre hev Republikanarane vore for veike til å stå imot denne openlyse svindelen.

Integriteten åt dette valet hev dessutan vorte kompromittert av pressa og av teknologi-gigantane (Twitter, Facebook, Google). Dei hev stengt av den frie informasjonsflyten og retten til frie ytringar. Dei tek heilt openlyst stoda for vinstresida. Det er ingen tvil um at demokratiet hev vorte kompromittert når folk ikkje lenger kann gjera informerte avgjerder.

Integriteten åt dette valet hev dimeir vorte kompromittert av månader med valdsbruk frå vinstresida, etterfylgt av trugsmål um endå meir vald dersom Trump vert attvald. Jamvel Joe Biden i eigen person hev truga med dette. Folk kann ikkje gjera frie og informerte val dersom dei vert truga med vald.

Republikanarar møter helst fram og røystar på valdagen, i staden for å senda røyster i posten. Men i heile landet, i byar styrde av Demokratane der valdsbruken hev herja i månadsvis, måtte desse veljarane stella seg spursmålet um dei kunde gå trygt til valurnone.

Kor som er: Den største valsvindelen åt Demokratane er den store etniske utskiftingi. Demokratane hev opna grensone for ei storstilt innvandring, og statistikken syner at hjå dei ikkje-europeiske etnisitetane gjeng sju av ti røyster til Demokratane. Reknestykkjet er einfelt: Di større prosenten vert av dei ikkje-europeiske innvandrargruppone, di mindre politisk makt fær vanlege kvite amerikanarar. Det same gjeld for lønsnivået og livestandarden deira. Heilt sidan 70-talet hev den amerikanske millomklassen fenge mindre og mindre å rutta med.

Når me peikar på nett dette, so kallar vinstresida det for ein «konspirasjonsteori». Og samstundes kyter dei openlyst um kor bra strategien deira fungerar.

Demokrati er tufta på folkesuverenitetsprinsippet. Skal det finnast ein folkevilje, so må det finnast eit folk. Valsigrar sikra med røystone frå innvandrargruppor er ikkje uttrykk for viljen åt det amerikanske folket, det er tvert imot å maktstela det amerikanske folket.

Demokrati sviv seg um å halda dei styrande elitane andsvarlege for folket dei styrer. Utanumeuropeisk masseinnvandring undergrev den nasjonale kulturen der fagorganisering stod sterkt. I staden fær ein importert ein ny underklasse som tek til takke med det som storkapitalen og byråkratiet tilbyd dei.

I eit demokrati er det folket som vel leidarane sine, og desse leidarane hev til uppgåva å arbeida for folket sine interessor. Det er ikkje lenger noko demokrati når eliten kann velja seg eit nytt folk som skal tena eliten sine eigne interessor.

Den ikkje-vestlege masseinnvandringi delegitimerar demokratiet. Det er tid for å gjera ende på denne farsen.

Kva burde Trump gjera?

Dersom eg var Trump, so hadde eg sett meg ned saman med Biden og lagt fram kvar einaste detalj av korrupsjonstiltalone som kann og må koma mot honom. So vilde eg ha tilbode honom ei avtala: Han må segja nei til verta president som resultat av ein udemokratisk prosess. I byte mot dette so skal ein leggja burt alle korrupsjonstiltalone, og Joe kann kvila seg i fred resten av livet. Um dette kunde spara USA for eit blodbad, so hadde det vore verdt det.

Trump hev heilt klårt ikkje noko å tapa. Um han gjev seg, so kjem Demokratane til å freista øydeleggja både honom og huslyden hans. Machiavelli tilrådde alltid å gjeva fienden ein rettrettveg. For um fienden kjempar med ryggen mot veggen, so kjem han til å kjempa hardare, og endå um du vinn so kjem sigeren til å kosta deg dyrare enn han treng um å gjera. Trump kjempar med ryggen mot veggen, han hev ikkje anna val enn å kjempa. Men han burde gjeva Biden ein rettrettveg.

Endå um Biden godtok ei avtala av dette slaget, so burde ikkje Trump starta på ein andre presidentperiode under ei sky av uvisse um kva det er veljarane eigenlegt vil. Difor bør me setja ljoskastarane på kvar einaste stad der valet ikkje hev gjenge rett fyre seg. Deretter burde me gjera resultatet kjent og køyra heile valet ein gong til, yversynlegt og med internasjonale observatørar. Kvar einaste røystegjevar må møta fram og vera i stand til å gjeva seg til kjennes.

Dersom Demokratane nektar, so er Amerika offisielt vorte til ein bananrepublikk. Men som det heiter: «Be careful what you wish for». For um Demokratane vil setja grunnlovi til sides, so kann Trump og stydjespelarane hans gjera det same, dei med. Etter måten mange av dei er faktisk ute etter eit påskot til å bruka meir makt, og det er nett bananrepublikkane i Sud-Amerika som er upphavslandi åt dei illgjetne høgreorienterte «dødsskvadronane». Som regel endar slike republikkar med å verta styrde av ein «sterk mann». Og i denne valkampen er det Donald Trump som hev vore ein sterk mann.

Trump hev tvitra som ein latinamerikansk diktator i årevis. Det er ei rolla han kunde ha gjenge rett inn i.

So eg vert nesten nøydd til å spyrja Demokratane: Er de sikre på at de vil ha ein bananrepublikk?

Greg. Johnson

(Umsett frå engelsk fyrsteutgåva på Counter-Currents)