Høgskulelektor frå Nynorsksenteret med anonyme utfall mot Målmannen

Ein medarbeidar ved Nynorsksenteret i Volda hev i dei seinaste dagane kome med utfall mot Målmannen på nettforumet Reddit. Vedkomande hev freista å vera anonym, og det skal han få lov til å vera. Me hev difor valt å kalla honom for «Arvid Torfinn Olsvik».

Sume vilde ha sagt at det er feigt å ytra seg anonymt um namngjevne personar. Men Målmannen tykkjer det fær vera upp til kvar og ein um ein vil stå fram med synsmåtane sine eller ikkje.

«Arvid Torfinn Olsvik», som hev mange års fartstid frå målrørsla og Norsk Målungdom, karakteriserar Målmannen og Torheim si skribentverksemd som «skammeleg».

«Arvid Torfinn Olsvik» er flink på halvkvedne visor…

Innleggi hans er tydelegt merkte av den sektmentaliteten som framigjenom hev gjort seg gjeldande i småe rørslor. Det ISSN-registrerte tidskriftet Målmannen, som er inne i den tjuande årgangen, karakteriserar han svivyrdsleg som ein «blogg». Han kann fortelja at «den store hopen av høgnorskfolk ikkje er godhuga til det Målmannen og gjengen der stend for».

På spursmål um kven dei er, denne store hopen med Målmannen-kritiske høgnorskaktivistar og skribentar, so kann den anonyme skribenten fortelja oss at «[f]or ein som er utestengd frå det aller meste i høgnorskrørsla, skynar eg godt at det verkar som at det ikkje hender noko i høgnorskrørsla.»

Me må kort og godt berre velja å tru at det er sant, det som den anonyme «Arvid Torfinn Olsvik» fortel oss…

…Men Torheim er flinkast til å plystra.

Gamalt agg er vondt å gløyma

Den anonyme kommentatoren «Olsvik» hev ein lang historikk på utfall mot Torheim og Målmannen. Då det fyrste Målmannen-nummeret såg dagsens ljos i 2002, so prenta Motmæle ei «melding» av bladet der «Olsvik» ikkje sparde på skjellsordi: «Hengjemyrsgutane og co» kalla han Torheim og Myrvoll, som han skulda for å driva med kamikaze-ferd mot fortidi.

STERKE KJENSLOR: Sume er tydelegvis langt meir interesserte i Målmannen enn me nokosinne kjem til å verta i dei…

Etter at Torheim stod fram i 2003 og vitna mot dei medlemsjukstiltala målungdomane, so gjekk «Olsvik» ut i Dag Og Tid med ei breidsida mot Torheim. Etter at Torheim svara med kronikken «Demokratiunderskotet i NMU» so vart det derimot musestilt frå «Olseth» si sida.

Det var lov å vona at gemytti hadde roa seg litt på 17 år, men slik er det tydelegvis ikkje…

«Høgnorsken treng ikkje Målmannen og Torheim, men han treng høgnorsken. Høgnorsken er det nasjonale alibiet han treng, men det vert ikkje meir enn ein staffasje». Det hevdar «Olsvik» i ein annan kommentar i den same Reddit-tråden.

So kva skal ein svara til slikt? Eg trur eg fær svara med Indrebø: Eit norskt folk treng eit norskt mål. Me treng det norske målet, men me treng ikkje alle dei byråkratiske og inkompetente strukturane som den statsfinansierte «målrørsla» hev hekta seg fast i – og som ho i dag dinglar i som ein livlaus skrott.

Målsak må vera meir enn ein feitt betalt jobb

Det vekte åtgaum då fyrsteamanuensis Øyvind Eikrem ved NTNU vart skulda for å ha skrive anonyme innlegg i arbeidstidi um spursmål knytte til fagfeltet som han forska på. Sovori verksemd var å blanda rollor, vart det hevda. Det same kunde ein trulegt ha sagt um høgskulelektorar som nyttar Alt-Tab til å svitsja millom offentleg nynorskarbeid i den eine augneblinken og anonym hetsing av idealistiske måltiltak i den neste.

Kor som er: Det er trass alt ein viss skilnad på ein vitskapleg tilsett som rettleider doktorgradsstudentar og ein høgskulebyråkrat som ein gong skal ha skrive ei masteruppgåva um hardrock og teikneseriar. Det er soleides ingen grunn til å tru at den anonyme skribentverksemdi kjem til å få nokon slags konsekvensar for «Olsvik» sitt arbeidstilhøve på Nynorsksenteret, og godt er det. Yrkesforbod er generelt ein uting.

Dessutan hev målrørsla ein lang tradisjon for å fungera som verna bedrift for folk som ikkje kjem seg fram på andre felt. Det kjem det neppe til å verta nokor endring på so lenge statsmidlane sit so laust som dei gjer.

Slik er det ikkje for oss i Målmannen. Alt arbeid med tidskriftet og nettstaden skjer på dugnad, på toppen av full jobb og familieliv. For oss er ikkje målsak ein jobb, det er ein livsstil, ei verdsåskoding. Nett difor torer me å ta målsaki litt lengre, me ser eit større bilæte og me vil ha målsaki attende på den politiske dagsetelen. Nokre «empty suits» på Nynorsksenteret kann gjera lite til eller frå med det.

O. Torheim