20 år sidan mordet på Daniel Wretstrøm

-Krossa rasismen! Til dette slagordet vart tenåringen Daniel Wretström knivstukken og slegen i hel med plankar, ein myrk desemberkveld for 20 år sidan.

Det er 9. desember 2000, i stockholmsforstaden Salem. 17 år gamle Daniel Wretström er på veg heim frå ein fest. Han er åleine når han kjem forbi ein busshaldeplass der det ventar ein mangkulturell gjeng. Ungdomsgjengen veit at han er nasjonalist og dei tek straks til å trakassera honom verbalt: -Der har vi en nazze! Daniel læst som han ikkje høyrer, men dei kjem etter honom…

Torturert, knivstukken og drepen til antirasistiske slagord

Daniel Wretström var glad i både friluftsliv og musikk. Han lika å fiska og han spela trumbor i eit patriotisk rockeband. Mor hans skildra honom som «søkjande», ein ung gut som jamvel uppsøkte kyrkjor. Syskenbarnet Angelina kunde fortelja at han hadde mykje umtanke for henne, serskilt ein gong ho var sjuk.

-Den tryggleiken når han sat der med meg… Eg skulde ynskja nokon hadde vore med honom den kvelden dette skjedde, fortalde ho med gråten i halsen til dei frammøtte på minnemarkeringi i 2006.

Heile ungdomsgjengen på um lag 15 personar gjeng til åtak på Daniel. Han hev ikkje ein sjanse, men fær kjenna på både slag og spark. Ein av gjerningsmennene dalgar laus på honom med ein planke. Daniel freistar stogga ein bil som køyrer forbi, med di han kastar seg upp på panseret. Men sjåføren vert redd og ryggar for å rista honom av seg, og deretter køyrer han vidare. 17 år gamle Daniel må møta lagnaden sin åleine…

«De förlorade drömmarnas skog», Markus Andersson, olja på duk, 70×95 cm, 2005.

-Flytta är, jag har kniv, ropar Khaled Odeh. Daniel må gjenomgå massiv mishandling fyre han til slutt fær strupen skoren yver med ein kniv. Ungdomsgjengen stikk, medan Daniel ligg att for å blø i hel.

Gjerningsmennene vert seinare dømde til symbolske straffer, som samfundsteneste og psykisk helsevern.

«Vi ska krossa dom!» Det var slagordet som Göran Persson og Mona Sahlin gjekk ut med i media berre ei veka fyre mordet på Daniel Wretström. Saman med massemedia var dei med på å spreida ei usann historie um at ein seks år gamal gut hadde vorte drepen av ungdomar som delte Daniel sine synsmåtar, og soleides var dei med på å piska upp den hatstemningi som leidde fram til mordet på Daniel Wretström.

Salemmanifestasjonen: Fakkeltoget som vekte ein heil generasjon

Slik kunde soga um Daniel ha enda, som eitt av mange tal i statistikken. Han kunde ha vorte ein av so mange som hev late livet som fylgje av styresmaktene sin medvitslause innvandringspolitikk. Men slik skulde det ikkje gå.

For ei veka seinare toga meir enn 1000 menneske gjenom Salem for å heidra Daniel og minnast alle som hev falle offer for multietnisk vald. Ein valdsbruk som råkar etniske svenskar og skandinavar, men som aldri kjem i nokon statistikk for «rasistiske brotsverk» – endå um forskingsarbeid syner at både ranarar og valdtektsmenner medvite gjeng etter innfødde europearar.

Frå år 2000 til 2010 var det kvar desembermånad eit fakkeltog frå Rønninge Stasjon til mordstaden i Salem. Demonstrasjonen samla på det meste so mange som 3500 menneske, og han samla heile spekteret av nasjonalsinna parti, organisasjonar og gruppor. Jamvel Sverigedemokraterna var med det fyrste året – men heldt seg seinare undan sidan massemedia gjorde alt for å døma demonstrasjonen nord og ned som ein «nazimarsj». Målmannen var millom dei fåe sjølvstendige publikasjonane som møtte fram for å gje ein balansert rapport av det som gjekk fyre seg på desemberkveldane i Salem.

Framleis like aktuelt

Sidan den gongen hev stoda i Sverike snaudt vorte betre. Snarare tvert imot, «svenske tilstandar» hev vorte eit umgrep jamvel i Noreg – med brennande bilar og «no-go-areas» som til dømes Rosengård.

Men Salem-demonstrasjonen gjorde ein stor skilnad:

Når tusundtals menneske lyste upp faklane sine i Salem so gav det eit signal som ikkje var til å sjå burt frå. Same kva massemedia skulde hevda, so fanst det enno ei motstandskraft, det fanst menneske som ikkje vilde ta til takke med å verta trakka på. Salemmanifestasjonen vart til den største innvandringskritiske demonstrasjonen i Norden, og det er takk vere denne markeringi at til dømes umgrep som «svenskfiendlighet» hev funne vegen inn i offentleg ordskifte.

Daniel Wretström er ikkje gløymd. Og når namnet «Salem» renn oss i hugen, so er det ikkje den feige bilisten som rista Daniel ned frå panseret og stakk av som me tenkjer på, men dei mange tusund som møtte fram for å segja i frå um at no var det nok:

«Låt oss svära, på att ALDRIG glömma, att ALLTID minnas, att fortsätta kämpa, för den vision om en ljus framtid, en rättvis framtid, en framtid i frihet – för vilken Daniel Wretström pliktade med livet.» (*)

Redaksjonen

(*) Frå songen «Til minne av Daniel Wretström», Svensk Ungdom, 2002.