Ewiger Sturm: -Det er sinnet som driv meg!

Den sveitsiske artisten Ewiger Sturm hev i året som gjekk gjort seg kjent i den nasjonale sfæra, med eigne musikk- og videoproduksjonar på Youtube. Uppskrifti hennar er engasjert song og intelligent gitarspel med mykje mollstemningar. Nyleg platedebuterte ho med fullengdaren «Heiliges Herz» (2021). Målmannen hev teke seg ein prat med Ewiger Sturm.

-Til dei som enno ikkje kjenner deg, fortel oss litt um deg sjølv. Kven er du og kvifor er du byrja med å laga nasjonalsinna musikk?

-Eg er berre ei nasjonalistisk kvinna. Musikk er for meg den beste måten å breida ut ein bodskap på. Eg vil føra kampen vidare og halda uppe ideologien.

-Korleis vil du skildra din eigen musikk?

-Eg kann ikkje skildra det med ord. Men det som eg kann segja, det er at det sviv seg um å halda voni uppe.

-Kva er det du vil uppnå hjå lydarane dine når dei høyrer songane dine?

-Framtidsvon og idealisme. Eg vil at dei skal koma i hug at alt er mogleg. Der det finst ein vilje, der finst det ein veg.

-Kvifor hev du valt deg ut kunstnarnamnet «Ewiger Sturm»? Kva tyder det for deg?

-For meg var det sjølvsagt at eg vilde kalla meg for «Ewiger Sturm». Det råkar heilt klårt eitkvart i meg sjølv, og det råkar det latente sinnet som driv meg i den nasjonale striden min.

-Kva slags musikk hev kveikt deg til å laga dine eigne låtar? Når eg høyrer på songane i «Heiliges Herz», so kjenner ein litt av same stemningi som i Ian Stuart sine akustiske balladar som «Night Trains» eller «The Snow fell». Samstundes gjev keyboard-effektane i bakgrunnen oss den same drøymande stemningi som i «On my own», soloalbumet frå svenske Saga. Hev desse artistane inspirert deg?

-Den musikalske inspirasjonen min er sers breid. Eg kann ikkje peika på nokon serskild kunstnar og segja det var han som inspirerte meg. Eg vilde helder ha sagt at eg reint ålment er sers forviten etter akustisk musikk.

-Du hev jamvel laga ein akustisk versjon av «Erika». Det er upphavleg ein nokso lystig soldatsong, men i din versjon kjem meir av det kvinnelege perspektivet fram – med den klagande røysti frå ei ung gjenta som saknar kjærasten sin. Korleis hev publikum teke imot din versjon av denne låti?

-Min versjon av «Erika» er vorten sers umtykt. Eg lagar mange cover av gamle songar, og fær som regel gode attendemeldingar. Men til lags åt alle kann ingen gjera.

-Kva er det som inspirerar og motiverar deg til å skriva songtekstene dine? Finst det serskilde diktarar, tenkjarar eller bøker som hev kveikt deg?

-Kjærleik til heimstaden min er framfor alt det som motiverar meg. Og eitt av dei neste prosjekti mine er å minnast dei tjodlynde forfattane som til dagleg inspirerar meg. Her kjem det snart meir…

-Du høyrer heima i Sveits. Frå massemedia høyrer me um folkerøystingar mot minarettar (2009), uforstyrra Stahlgewitter-konsert med tusundtals deltakarar (2016) – og det nasjonalpopulistiske partiet SVP/UDC er vorte det største partiet i landet. Korleis ser du på den politiske stoda i Sveits, jamført med Europa elles?

-Eg tykkjer at den politiske stoda vert meir og meir vanskeleg. Eg styd upp um alle politiske rørslor og gruppor som arbeider for at Europa atter skal hevda seg.

-Spelar du på offentlege tilskipingar? Vert det konsert i Noreg snart?

-Ja! Men eg lyt sanna at med alle restriksjonane no um dagen so er det vandslegt å skipa til konsertar og tilstellingar. Eg vil gjerne ut og reisa, når det berre vert mogleg.

-Er det noko meir som du gjerne vil segja åt lesarane?

-Kampen gjeng vidare! Hels so mykje frå Sveits!

Redaksjonen