Ukraina: Det handlar ikkje um «demokrati», men um nasjonal suverenitet!

Når ein ser på bilete og videoar frå krigen i Ukraina, so bringar det minni attende til Jugoslavia tidlegt på 90-talet – då Slovenia og Kroatia vart invaderte av den føderale jugoslaviske heren. No som den gongen er det for vår part ingen tvil um kven me vel å solidarisera oss med.

I våre dagar stend det ukrainske folket andsynes ei ovstor yvermakt, men det er ingen grunn til å tru at dei kjem til å gje seg. Den russiske invasjonen kjem slett ikkje som lyn frå klår himmel, det er tvert imot noko som folk i Ukraina hev venta på og fyrebudd seg på heilt sidan 2014.

Og det gjeng mykje lengre attende enn som so. Når Putin hevdar at Ukraina er eit land som eigenleg ikkje skulde ha funnest, so gjeng dette inn i ein lang tradisjon med massiv undertrykking. Som med Stalin si utsvelting av millionar av ukrainske bønder på 30-talet. Alt dette ligg i medvitet åt ukrainarane.

Ukrainske soldatar ventar i stilling på russarane (Kjelda: Militant Zone Worldwide)

Under andre verdskrigen melde ukrainarar seg i hopetal på tysk sida for å kasta bolsjevikane ut or landet sitt – og dette er ein del av soga åt folket I Ukraina, dei underkastar seg ikkje ei svart-kvit propagandaforteljing der det å vedkjenna seg si eigi soga skal jamstellast med nazisme.

Putin hev med krigføringi si uppnådd det stikk motsette av det som han vilde: Den massive motstandsviljen og dei store tapi som det ukrainske folket må lida i forsvarskampen, dei danar ein ny bolk i den ukrainske mytedaningi, det styrkjer ukrainarane som eit historisk hopehav – nett det som definerar ein nasjon.

Ukraina hev eksistert som eigen republikk heilt sidan Sovjetunionen vart skipa. Grunnlovi åt Sovjetunionen slo på papiret fast at alle sovjetrepublikkane var sjølvstendige land som hadde rett til å lausriva seg frå Sovjet-samveldet, og det var det som skjedde i 1991. Den russiske føderasjonen av i dag er eit framhald av Russiske SSR, som var den største av Sovjet-republikkane. Det hev altso aldri vore slik at Ukraina hev høyrt til det Russland som invaderar i dag. I so fall må ein få etablert at dagsens Russland er eit framhald av det gamle russiske tsar-imperiet, og at alt som hev hendt frå og med etableringi av Sovjetunionen er ulovleg.

Russland hev ingen rett til å invadera andre land

At Russland skal gå inn i Ukraina for å byta ut styresmaktene i landet er udiskutabelt eit brot folkeretten. Både Russland og Ukraina er sjølvstendige statar som hev skrive under FN-pakti. Ingen statar hev lov til å gå militært inn i andre land utan noko FN-mandat.

Det var vestlege land som sjølve lagde ein fårleg presedens for dette då dei 1) invaderte Serbia, 2) invaderte Afghanistan, 3) invaderte Irak, 4) invaderte Libya og 5) finansierte og støtta upprørsgruppor i Syria. I Syria var det dei lovlege styresmaktene som kunde invitera Russland inn for å få ro og orden.

No hev straumen snudd. Syria greidde med russisk hjelp å slå ned det islamistiske upprøret, Irak hev alliert seg med Iran og vil ha amerikanarane ut – og den audmykjande flukti frå Afghanistan syner at USA korkje militært, politisk eller moralsk er i stand til å vinna nokon krig.

Frå Kina kjem det naturleg nok ingen protestar mot at Russland tek seg til rettes i «eigen bakgard». Dei ventar sjølve på fyrste høve til å gjera det same med Taiwan, og dei kjem til å gjera det no som dei ser kor lite USA kann stella upp med.

Når Putin snakkar um at han skal «denazifisera» Ukraina og avsetja «juntaen» i Kyiv, so kopierar han den same språkbruken som NATO hev nytta til sine «humanitære intervensjonar». Me hev høyrt denne språkbruken før, som i umtala av Assad i Syria. Difor kjøper me helder ikkje den liberale retorikken um at Putin driv med «åtak på demokratiet» i Ukraina. Styreformi i Ukraina er i dette høvet irrelevant, det handlar ikkje um demokrati vs diktatur, det handlar um nasjonal suverenitet. Korkje Russland, USA eller Kina hev nokon slags rett til å koma valsande med stridsvogner inn i andre land for å setja inn den styreformi som dei meiner er best!

Endra styrketilhøve i verdi

Me hev det siste året upplevd korleis det i heile verdi hev vorte knapt på elektronikk og elektroniske brikkor. Utvikling av mikroelektronikk krev i dag slike enorme investeringar at meir enn 90 prosent av all halvleidarproduksjon under 10 nanometer skjer på Taiwan eller i Kina. Med ei kinesisk maktyvertaking på Taiwan so kjem Kina til å få full kontroll med den grunnleggjande næringskjeda for verdsens høgteknologi.

Medan Russland hev naturressursane, so hev Kina arbeidskrafti og teknologien. Eit nedrusta og avindustrialisert Vest-Europa hev ingen ting å stella upp med når desse tvo stormaktene finn saman.

På same måten som med militær kapasitet, so kjem det til å krevja mange tiår å byggja upp att kapasiteten til å produsera elektronikk i Vest-Europa. Det krevst både enorme kapitalinvestering, det krevst tilgang på billeg energi (som det er umogleg å få utan politiske grep som EU-regelverket forbyr oss) og det krevst kompetanse og fagmiljø som ikkje lenger eksisterar i Vesten.

Målmannen hev heile tidi vore tydelege på at folkeretten må respekterast av alle land. Me konstaterar at personar som me elles hev stor respekt for hev valt å driva med apologetikk for den russiske valdsferdi, men sjølve hev me ingi forståing for dette.

For her er me på mange måtar ved eit vasskilje:

Jamvel um AKP-ml på 80-talet stod saman med Kina i tjukt og tynt, so var dei dei fyrste til å taka avstand frå massakren på Tienanmen. Det var på dette tidspunktet ikkje lenger mogleg å ignorera skiljet millom det som styresmaktene sa og det som dei faktisk gjorde.

For oss vert det likeins med det som skjer i Ukraina no. Målmannen hev vore kritiske til NATO-ekspansjonen austetter – og at Russland gjekk til aksjon for å taka Krim i 2014 er det geopolitisk og strategisk fullt mogleg å forstå at dei såg seg nøydde til. Utan den viktuge Svartehavsflåten hadde ikkje Russland lenger havt noko å stella upp med i forsvaret av Syria. At dei valde å handla når dei fekk kniven på strupen er forståeleg. Men når dei tek seg til rettes og gjeng til fullskala invasjon av eit land med 40 millionar menneske, so er vår sympati hjå det folket som vert bomba, drepne og invaderte. Folk i Ukraina vert mobiliserte til å verna um landet sitt, og hadde me vore ukrainarar so hadde me møtt fram og gjort det same.

Ei multipolar verd gjev oss handlingsrom, lat oss nytta det!

Lenin sin gamle teori um imperalismen kann forklåra mykje. Når det økonomiske og militære styrketilhøvet millom stormakter endrar seg, so kjem det til umfordelingskrigar.

Det som skjer i Ukraina er resultat av at Vest-Europa er vorte for veikt. Industriproduksjonen er flagga ut til Asia og invasjonsforsvaret vårt er lagt ned.

Patriotiske gruppor i Europa hev vore kløyvde i synet på konflikten millom Russland og Ukraina. Tyske NPD hev til dømes vore sterkt pro-russiske, medan Dritte Weg hev vore tydelege på at dei styd upp um Ukraina og Azov-bataljonen – endå um dei i Syria hev ynskt Russland velkomne i kampen mot IS. Her er det faktisk mogleg å ha 2 tankar i hovudet samstundes.

At USA ikkje lenger er einaste supermakt i verdi kann vera positivt for småe land. Med ei «multipolar» verd so hev småe land eit større handlingsrom til å balansera ulike slags stormakter mot kvarandre, ein slepp å verta valsa ned av USA åleine.

Dette hev til fyresetnad at dette handlingsromet faktisk vert utnytta. Når me ser på konflikten i Ukraina, so må me stella oss spursmålet: Kva kann me gjera som tener interessone åt Noreg og Europa? Dette spursmålet vert som regel aldri stelt. Dei fleste nøgjer seg med å vera heiagjeng for USA på den eine sida eller Russland på den andre. Båe desse tvo stormaktene hev massive propaganda-apparat til å verna um eigne interessor, dei treng ikkje vår hjelp.

Nasjonalistar i Ukraina hev faktisk freista å gjera dette. Olena Semenyaka frå det ukrainske nasjonale korpset hev arbeidd for å vinna forståing for den ukrainske saki millom nasjonalsinna i Vest-Europa. Dei hev teke til ords for å skipa eit «Intermarium» der landi i Aust-Europa kann stå fram som ei sjølvstendig politisk blokk, og vera ei motvekt både til Russland og til det liberale Vest-Europa.

Russisk stridsvogn øydelagd av ukrainske styrkar (Kjelda: Militant Zone Worldwide)

Her kann det dragast ein parallell til Tyskland tidleg på 20-talet: Når krigsveteranar samla seg i Freikorps for å slåst mot kommunistiske upprørsgruppor, so var det for å verna um det tyske nasjonale sjølvstendet, det var ikkje for å berga dei sosialdemokratiske styresmaktene som sat med makt i landet. Men det kamphopehavet som vart etablert i frikorpsi var med på å leggja grunnlaget for den nasjonale revolusjonen som skulde koma seinare.

Russisk instrumentalisering av nasjonalismen i Europa

Mange nasjonalistar og konservative i Vest-Europa hev havt godhug til Putin. For eit tiår sidan hadde me til dømes Dugin som med «Den fjerde politiske teori» gjorde Russland til eit slags fyrtårn for nasjonale.

Det som ein etter eit tiår og vel so det ser som ein fasit er at Russland og russiskfinansierte media, som til dømes Russia Today, hev freista lyfta fram høgrepopulistiske og mjuknasjonalistiske politiske parti i Vest-Europa, som med det «dediaboliserte» Rassemblement Nationale i Frankrike eller AfD i Tyskland. I land der det tidlegare var sterke høgreradikale rørslor som ope utfordra systemet so hev ein dyrka fram ein mjuknasjonal høgrepopulisme som alt for fleire år sidan hev spela fallitt og som i dag ikkje fører nokon stad. I Aust-Europa hev Russland derimot vore upptekne av å demonisera og stempla nasjonalismen som «nazistisk» og «fascistisk».

I Aust-Europa skal nasjonalismen openlyst motarbeidast, medan han i Vest-Europa skal førast i ei retning som er ufårleg for systemet, men som tener dei russiske geopolitiske interessone…

Kroatia var mest våpenlaust då dei vart kasta inn i ein krig med den ovsterke føderale jugoslaviske heren, men dei makta utruleg nok å stå imot og verja sjølvstendet sitt. Endå um eg sjølv berre var 10-11 år gamal den gongen, so minnast eg frå Dagsrevyen dei legendariske kampane um Dubrovnik og Vukovar der kroatisk heimevern i månadsvis stod imot både panservogner og flyvåpen. Det var umogleg å ikkje lata seg gripa av patriotisme og viljen til å gjera alt for å verna um landet sitt og heimstaden sin.

For oss i Målmannen er det alltid Noreg og Europa sine interessor som kjem fyrst, og me krev aldri andre rettar for oss sjølve enn det me gjev andre. Medan målrørsla elles hev vorte avpolitisert og utvatna, so held me fram som me stemner – i den same anti-imperialistiske tradisjonen som på 80-talet fekk Noregs Ungdomslag til å støtta PLO og som fekk Norsk Målungdom til å krevja fridom for både Tibet og Irland. Anten det er i Ukraina eller i Noreg so stør me alle som vil verna um heimstaden sin og som vil gje systemet mest mogleg motstand.

Olav Torheim