-Me vil ikkje leggja oss inn under USA eller Russland

Olena Semenyaka er talskvinna for det nasjonale korpset i Ukraina. Det nasjonale korpset er den politiske vengen åt Azov-bataljonen. Målmannen møtte henne for ein prat i slutten av 2018.

-Kjære Olena, du hev vorte meir og meir kjend i Vest-Europa. Du reiser ikkje berre gjenom austeuropeiske land, men jamvel i dei skandinaviske landi – som Noreg. Du held talor på småe og store konferansar hjå nasjonale parti som Der Dritte Weg og gruppor slik som den identitære rørsla i Tyskland. Du hev kontaktar hjå leidarane i patriotiske og tjodlynde parti i heile Europa. Kva er det som driv deg til å gjera dette?

-Takk so mykje for lovordi til det internasjonale arbeidet mitt! Det er både generelle historiske tendensar og ei verdskrisa skapt av dei vinstreliberale kreftene som gjer at me i våre dagar endeleg kann få ei internasjonal samordning av nasjonalsinna krefter. Høgreradikale og nasjonalistar frå mange ulike stader i verdi kann no endeleg samla kreftene.

Olena Semenyaka held tala på den polske ambassaden i Kyiv under minnemarkeringi for massakren i Katyn-skogen.

Her var det mange ulike faktorar som spela inn:

I Ukraina og i Aust-Europa so var det den vellukka Maidan-revolusjonen, den russiske straffeinvasjonen i Donbas og anneksjonen av Krim – der russarane var redde for at revolusjonen skulde verta eksportert vidare til Moskva.

I Vest-Europa so var det terroraksjonar, flyktningkrisa, desintegrasjonstendensar i EU som kulminerte med Brexit og endringar i den euroatlantiske eliten i USA.

Endå um Russland er aktive på den internasjonale arenaen, og endå so mykje dei feirar at Krim er «sameint att med Russland», so kann ikkje Russland reknast som europeisk utan Ukraina – geopolitisk sett. På same måten er det austeuropeiske land som reiser bust mot EU og mot globaliseringi, men desse landi kjem på sikt til å verta undergravne av den «mjuke makti» åt dei hegemoniske vestmaktene – eller dei må vinna hegemonisk makt sjølve.

Dette er grunnen til at eg reiser ikring i Europa, og det er faktisk med ei dubbel uppgåva. Framfor alt so er det for å vekkja upp att det paneuropeiske medvitet åt den europeiske høgresida og kreftene åt den tridje posisjonen. Dessutan so vil eg nytta den ukrainske serstoda til å atterskapa eit sterkt Europa i staden for at me skal leggja oss inn under USA eller Russland. Tyskland og Noreg stend i ei serstoda i denne prosessen.

Tyskland ligg i hjarta åt Europa, det er landet med den høgast utvikla politiske filosofien som gav oss den paneuropeiske tridje vegen i det fyrre hundradåret. Etter mitt syn var Tyskland ekstremt langt fyre si tid, og det er fyrst no at fyresetnadene er der for å faktisk setja ideane rettelegt ut i live. Dessutan er Tyskland det leidande EU-landet og ein av berebjelkane i etterkrigs-Europa, so det segjer det seg sjølv at politiske endringar i Tyskland kjem til å føra til ein kjedereaksjon i heile verdi. Nokre av reisone mine til Tyskland er beinveges meinte til å byggja upp ein ny politisk elite som i rett tid kann finna plassen sin i den nye geopolitiske røyndomen.

Når det gjeld Noreg, med sin monumentale natur, so lyt eg segja at dette landet er nærast knytt til den europeiske atterfødingi på det åndelege umkvervet. Mytologisk sett so hev nordisk kultur alltid vore eit erkedøme på den arketypiske reinleiken i den europeiske identiteten, med det mystiske upphavet sitt. På 1990-talet hadde ein i Noreg eit ungdomsupprør mot den moderne verdi: Svartmetallkulturen var ein uventa kultureksport frå dette rolege, rike landet. I dag er Noreg framleis nokso uskadd av den sosialkonstruktivismen som elles hev sett grannelandet Sverike på hovudet. Eg hev trui på framtidige samarbeidsprosjekt med Noreg og Tyskland. Her er det prosjekt som er i kjømdi, og eg trur dei hev stort potensial.

-Når det gjeld ideen um å skapa eit sterkt Europa, eit Europa som handlar suverent og utan å vera geopolitisk underlagt USA eller Russland, so er det stødt ideen um Intermarium som kjem upp i tekstene dine. Intermarium sviv seg fyrst og fremst um å samla dei austlege og sudaustlege europeiske statane i eitt hopehav. Kann du gjeva oss ei forståing av kva Intermarium gjeng ut på? Kva er fyremål og kor tenleg er det for eit framtidig «Europa av fedreland» som er det viktugaste målet åt dei nasjonalistiske rørslone i Vest-Europa? Det hadde heilt klårt vore interessant for dei tyske lesarane våre å få vita um dette Intermarium stend i same tradisjonen som Jozef Pilsudski sitt «slaviske intermarium» som han presenterte etter fyrste heimskrigen. Kva slags rolla ser du fyre deg for dei vesteuropeiske landi i den moderne Intermarium-ideen din?

-Ja, fyrst og fremst er Intermarium ein tryggleiksunion for dei sentraleuropeiske og austeuropeiske landi som ligg millom Austersjøen, Adriatarhavet og Svartehavet. Slik sett so er det modellert etter marskalk Josef Pilsudski sin visjon um Intermarium, jamvel um tilsvarande doktrinar vart kasta fram av den ukrainske geopolitikaren Yuri Lypa og den latviske general Peteris Radzins. Av forståelege grunnar var Pilsudski og Radzins ikkje berre upptekne av det russiske trugsmålet, men um trugsmålet um tysk dominans yver landi deira.

Når det kjem til Lypa, so meinte han at dei tyske prinsippi og påverknaden deira på dei slaviske folki var av positiv art. Han tenkte jamvel at det var dei tyske stammane (framfor alt gotarane som bygde kongeriket sitt i territoriet åt det moderne Ukraina og Krim i tidi fyre vikingane/varangiane kom) som hadde gjort ein patriarkalsk revolusjon i tankesettet åt slavarane, og at det var dei som fekk dei samla i ein militær føderasjon. Jamvel um Lypa såg kritisk på den politiske utviklingi i Tyskland på 1930-talet, so var han aldri nokon «germanofob», og han trudde at den nordiske påverknaden hadde ei avgjerande rolla med å forma den ukrainske etnopsykologien – jamsides med sørlege og greske kulturelle påverknader.

Naturlegt nok tenkte Lypa at slavarane hadde si eigi geopolitiske uppgåva som gjekk ut på å skapa ei sentraleuropeisk stormakt. Denne stormakti skulde vera eit framhald av det hellenistiske kongedømet åt Pontus som vart utvida av Mithridates VI Eupator og som blømde under styret hans. Med andre ord: Endå so mykje Lypa såg upp til dei tyske prinsippi, so vart det geopolitiske fyremålet med Ukraina knytt til den sudlege regionen som grensa til Svartehavet.

Peteris Radzins tente i hovudkvarteret åt heren til Ukraina sin siste hetman, Pavlo Skoropadsky. Skoropadsky var alliert med den tyske marskalken Paul von Hindenburg. Etterpå fekk ein den ukrainske folkerepublikken leidd av Symon Petliura. Yuri Lypa understreka kor viktugt det var for regionen å orientera seg frå nord til sør i staden for vest mot aust. Han meinte at det siste berre var kløyvande og sers skadelegt for den ukrainske identiteten og den statlege einskapen. Jamvel den dag i dag so høyrer me frå dei Kreml-venlege at Aust-Ukraina liksom skal vera so totalt ulikt frå Vest-Ukraina og at det difor bør slutta seg til Russland. Dette påstandet er fullstendig falsk og det hev ingen slags etnokulturell og sosiologisk basis. Men nett denne aust-vest-kløyvingi fører til at me heile tidi støyter på det falske dilemmaet millom Russland og EU/Vesten – i staden for at me samlar kreftene um å byggja den unionen som kann tena sine eigne geopolitiske interessor og tryggingsinteressor.

Når eg var i Noreg og tala for norske nasjonalistar tidlegare i juni, so jamførde eg Noreg med det nordlege kompasset som kann hjelpa oss med å få attende den naturlege geopolitiske europeiske aksen som i vår region er historisk kjend som «vegen frå varangiane til grekarane». Faktisk er båe desse germanske landi, Noreg og Tyskland, ovlegt viktuge for å vinna attende det kontinentale europeiske medvitet. Tyskland, som det vidgjetne «hjarta åt Europa», hev vore i fronten av dei europeiske geopolitiske ambisjonane heilt sidan geopolitikken vart fødd som eigen disiplin og lagde grunnlaget for alle andre doktrinar i Millom-Europa – inkludert den til Yuri Lypa.

Det er sant at det framleis er relevant å sjå på Intermarium som eit geopolitisk alternativ, ikkje berre til Russland, men til Tyskland med. Eller rettare sagt som eit alternativ til det Brüssel- og Tyskland-leidde EU, det trur eg er lett å skyna for likesinna tyskarar. Kor som er so er det sant at nokre land i Sentral- og Aust-Europa kjenner seg truga av Tyskland sitt geopolitiske potensial. Dette gjeld framfor alt polakkar, av historiske grunnar som ein kann godt forstå. Den same uroi kjenner kroatane for austerrikarane, til dømes.

Primært so gjeld dette økonomiske relasjonar, for 3-sjø-initiativet som ein slags autonomi innanfor EU er velkjend både for kritikken av flyktningfordelingi og for kritikken av den urettvise økonomiske politikken innanfor EU. Leidarane for 3-sjø-initiativet skuldar Tyskland og andre «utvikla vesteuropeiske land» for å handsama Sentral- og Aust-Europa som ein periferi. Dei gjer det til ei kjelda for billeg arbeidskraft og råvaror, medan det høgteknologiske Vesten skal selja ferdigprodukt attende til dei. Denne kritikken vil eg tru er lik den kritikken som kom frå nordmennene som sagde nei til EU, men som framleis kjenner det politiske presset derifrå. Tyskarar som var møtte fram på den tridje konferansen i Intermarium Support Group kunde lyda til tilsvarande vurderingar i den grunnleggjande tala åt Dr. Jerzy Targalski, vidgjeten polsk historikar, publisist og rådgjevar til den polske forsvarministeren.

Dette er under alle umstende ingen grunn for tyskarar til å gå imot eit Intermarium, for fyremålet med Intermarium gjeng forbi den geopolitiske konjunkturen nett no. Me reknar Intermarium som den grunnleggjande paneuropeiske konteksten, etnokulturelt og geostrategisk. Økonomisk innvandring av austeuropearar til vesteuropeiske land er til sjuande og sist noko som både vesteuropeiske og austeuropeiske patriotar vil hindra – og mindre økonomisk kontrast millom aust og vest kjem til å hindra at andre supermakter, framfor alt Russland, kann spreida anti-tysk propaganda og anti-vestlege stemningar i dei austeuropeiske landi. Russarane vil som me veit ha oss inn i deira eigi økonomiske sfære, der me skal gå ned på kne for Gazprom.

Dette er grunnen til at me er upptekne av å nøytralisera moglege etniske konfliktar – ikkje berre millom sentraleuropeiske og austeuropeiske nasjonar (kroatar og serbarar, ukrainarar og polakkar, litauarar og polakkar, grekarar og bulgarar osb), men ogso millom Vest-Europa og Aust-Europa, serskilt millom tyskarar og polakkar. Dette er noko som er verdt å kjempa for, for historisk og konseptuelt so finst grunnlaget der for eit hopehav av vesteuropeiske land og Intermarium-regionen. Det er nok å nemna den tyske ikkje-ekspanistiske doktrinen um Millom-Europa, slik som Friedrich Naumann eller Max Weber kom med framlegg um. Jamvel um polakkane framleis reknar Millom-Europa som ein slags tysk «trojansk hest», so var det eit stort sprang jamført med dei pan-germanske ekspansjonsdoktrinane. Me reknar det som ein viktug forlaupar for eit effektivt kontinentalt samband millom vestlege stormakter og Russland, det var i alle fall slik som Naumann såg det.

Når det gjeld den historiske bakgrunnen, so kann me sjå attende til styret åt den tsjekkiske kongen Premysl II Otakar / Ottokar (1230-1278). Denne vidgjetne historiske personen er kjend både for å invitera tyske kolonistar til Böhmen og Mähren. Takk vere sambandet med tyskarane som fekk han til både ein jordbruksrevolusjon og han fekk gjeve byane sine ein lovleg status (byen Königsberg, i dag Kaliningrad, er namngjeven etter grunnleggjaren Ottokar II som var med tyskarane i krosstoget mot dei heidenske baltarane). Otakar var med på å utvida den slaviske påverknaden i regionen (slavarar fekk same rettane som tysk adel). Otakar skapte ein vedvarande slavisk allianse i Europa, og eitt av dei 20 store målarstykki i «den slaviske episke syklusen» åt den tsjekkiske målaren Alfons Mucha er tileigna Ottokar II.

Den belgiske geopolitikaren Robert Steuckers hev synt til det faktum at Ottokar II av Böhmen var den fyrste til å implementera det adriatisk-baltiske Intermarium i praksis. Steuckers slo fast at «sidan den gongen hev Europa ikkje vore i stand til å fullføra noko stor i Millomhavsregionen». So tyskarane og slavarane hev ikkje alltid havt fiendslege relasjonar i fortidi, og dei burde dyrka fram venskapen i framtidi.

Personleg so er eg glad for at den nye generasjonen av tyske nasjonalistar i aukande mun er interesserte i den geopolitiske Intermarium-doktrinen og dei positive fylgjone som det kann få for Tyskland. I fyredraget mitt på det fyrste Jungeuropa-forumet, som eg heldt i Dresden i helgi 3.-5. august 2018, so var titelen min «Intermarium – A First Step to create a Pan-European Third Position?». Titelen samsvarar med det geopolitiske programmet åt det nasjonale korpset.

Dette programmet hev 2 fasar: 1) skipa eit adriatisk-baltisk-svarhavs Intermarium, og 2) byggja ein paneuropeisk konføderasjon av suverene europeiske nasjonar. Her kann me bruka Intermarium som so plattform for ein alternativ europeisk integrasjon dersom krisetendensane i EU held fram. Dette programmet vart dessutan presentert på Junge Nationalisten sin kongress, [RE]Generation Europa, i Riesa den 11.-12. mai, på eit møte med norske nasjonalistar den 16. juni 2018 og på den andre Paneuropa-konferansen i Kyib den 15. oktober 2018.

Olena Semenyaka vart spurd ut av Thomas Rackow