Nasjonalrevolusjonær fråsegn um Ukraina-krigen

Det tyske partiet «Der Dritte Weg» er millom dei nasjonale gruppone i Vest-Europa som hev teke parti for Ukraina. Alt dagen etter den russiske invasjonen lagde dei fram ei «nasjonal-revolusjonær fråsegn» um saki.

I går vakna verdi upp til det russiske yverfallet på Ukraina. Enn so lenge gjeng kampane vidare med uminska styrke, og media og politikarar freistar yvergå kvarandre med stillingstakingar og studnadsfråsegner. Når det kjem til den «patriotiske» eller «nasjonale» sida, so ser me etter måten mange tvilsame posisjoneringar.

Me hev freista å ikkje taka ordet fyre me hev noko vitugt å melda, men me hev halde oss uppdaterte og framfor alt vore tett på ukrainske, russiske og europeiske frendar og kameratar. Medan mange europearar sit i dei varme husværi sine og leikar geopolitiske riddarar, so stend kameratane våre i Ukraina ved fronten og det fyrste arbeidet vårt gjekk ut på å halda kontakten med desse – ikkje å kasta burt tidi på prat på Internett. No er tidi komi til å samla trådane. At dette trengst, det syner til fullnads dei talrike tvilsame utspeli frå tyske «høgreorienterte».

1. Me ser korkje mot aust eller vest, men til Europa

Det finst i denne konflikten korkje svart eller kvitt, det er ingi sida som åleine hev all skuld. Det imperialistiske USA hev sin part av andsvaret for at Ukraina er vorte kasteball i eit geopolitisk spel. Likeins må Russland ta det fulle andsvaret for at dei hev marsjert inn i eit granneland. Det er likevel ikkje slik at konflikten kann reduserast til ein konflikt millom stormakter der Ukraina berre vert eit objekt for interessone deira. Ukraina er tvert imot ein sjølvstendig aktør, det er eit land som kjempar for sjølvstendet sitt og suvereniteten sin.

At dei hev orientert seg mot vest for å halda på sjølvstendet sitt, det er frå deira synsleite forståeleg, endå um det like fullt er kritikkverdig. Ikkje berre kritikkverdig av di Vesten til sjuande og sist let deim i stikken, men av di dei på den måten hev gjeve den snikande gifti frå liberalismen innpass i deira eige land. Kvar einaste gong me hev snakka med ukrainske nasjonalistar og europeiske friviljuge som kjempar på ukrainsk sida, so hev me åtvara dei mot dette. For det høyrer med til det store bilætet at det er nett det liberalistiske forfallet i Vesten som hev drive andre europearar til å melda seg som friviljuge på den russiske sida, i den trui at dei fører ein geopolitisk kamp som skal tena den europeiske saki.

På båe sidor av frontlinone so hev me heilt frå starten av konflikten funne menner og kvinnor som kjempar for det som dei trur på. Det er den same tragedien som me såg for 30 år sidan då nasjonalistar frå heile Europa reiste til Jugoslavia for å slåst mot kvarandre.

Kor som er: Med gårsdagens innmarsj so kjempar talrike ukrainarar heilt åleine for å verna um identiteten og sjølvstendet sitt. Ein identitet som Putin i den siste tala si vilde fråkjenna deim. Me ser unge og gamle menner som tek til våpen og me ser sivilistar som lagar molotov-cocktails som dei skal kasta mot den massive militære yvermakti. Endå so tragisk dette er for Ukraina som nasjon, og endå store menneskelege tragediar som væpna konfliktar bringar med seg, so ser me frå sovorne bilæte at Europa enno ikkje er daudt. Det finst framleis menneske som kjempar for noko som er større enn dei sjølve. Det er mogleg at frå krigens myrker kjem dei bilæti som gjev oss framtidsvon, ei von um at den kampen som me alle fører ein dag skal verta kruna med siger.

2. Me må sjå Russland slik som det er og ikkje slik det burde vera

Til desse idealistane høyrer ikkje berre ukrainske nasjonalistar. Jamvel russiske nasjonalistar hev stelt seg på ukrainsk sida. Eit hopetal russarar hev flykta frå Putin si undertrykkjing, og dei hev alt kjempa i mange år saman med dei ukrainske brørne sine. Dei syner at det ikkje er antirussisk sjåvinisme, men snarare fridomsvilje og avvising av Putin-systemet, som motiverar dei til kamp. Dei kjenner sanningi um korleis det stend til i Russland, og det er ei sanning som europeiske «høgreorienterte» ikkje vil vita av.

Å sjå Russland slik som det er, det heiter å taka inn yver seg eit brutalkapitalistisk system der oligarkar forsyner seg utan grensor medan store luter av folket lever i armod. Russland er ein mangkulturell stat – og medan den nasjonale opposisjonen i landet vert brutalt forfylgd, so aukar talet på ikkje-europeiske framandkulturelle jamt og trutt. Styresmaktene glorifiserar samstundes både Sovjet-tidi og den raude armeen, dei er vortne merkesteinar i den nye russiske identitetsbyggingi.

Det stemmer at dei distanserar seg frå det mest openlyse moralske forfallet i Vest-Europa, men grunnsteinane for systemet i Russland er nett dei same som i Vesten: Um det børs- eller oligarki-kapitalisme, liberalt eller imperialt grunngjeven mangkultur, «demokratisk» eller reint autoritær undertrykking av nasjonalistar, so vert det for ein verdsåskodande fundert opposisjon berre tvo sidor av same sak. Svaret vårt på spursmålet um Washington eller Moskva, vest eller aust, det kann berre lyda slik: Europa!

3. Moralske og intellektuelle bankerottfråsegner

Diverre er det slett ikkje dette svaret som hev kome frå mange av dei som kallar seg «nasjonale». Um det er for pengar, eller av di dei ynskjer seg eit ord med i laget i storpolitikken – eller av heilt andre grunnar – so er det det same for oss. Alle dei store ordi som dei i årevis hev kome med, um «eit Europa av fedreland» eller eit «identitært Europa», hev yver natti gjenge upp i røyk.

Same kor rettkomen kritikken mot vesten sin aust-ekspansjon skulde vera – og me hev sjølve stelt oss knallhardt attum denne kritikken – so hev me ikkje berre ein geopolitisk konflikt: I denne augneblinken so hev me ein europeisk nasjon som kjempar mot eit mangkulturelt imperium, og dei kjempar for å halda uppe det statlege sjølvstendet sitt og den etnokulturelle identiteten sin. Han som tek den europeiske tanken ålvorlegt, han kann ikkje gjera anna enn å stella seg solidarisk, um enn kritisk, til dei som nett no ligg i skyttargravene.

Men i staden for dette so ser me tallause lovord til Kreml, NATO-liknande kaldkrigsretorikk, skjellsordsargumentasjon um det som krigen kjem til å kosta økonomisk og alle slags ukvalifiserte kommentarar, og det frå nett det «patriotiske» eller «nasjonale» lægeret. Mange ser ut til å ha teke på seg rolla som geopolitiske krossfarar-riddarar. Anten desse riddarane kjem frå aust eller vest, so avviser me dei. Det me stend for er fridom frå framande imperium for alle europeiske folk, forsvaret av eigen identitet og visjonen um eit samla Europa. Å vilja byta ut den amerikanske dominansen med russisk dominans, det er ingen nasjonalrevolusjonær ståstad.

4. Europeisk solidaritet

Til slutt so fell store delar av den «nasjonale» rørsla ikkje berre dei ukrainske kameratane og venene våre i ryggen. Dei gjer det same mot nasjonalsinna i heile Aust-Europa. Kviterussarane vert framleis styrde av ein russisk marionett-diktator og ukrainarane kjempar for sjølvstendet sitt nett no, men det stoggar ikkje der. Både baltarar, polakkar og andre austeuropeiske land er redde for russisk ekspansjon. Um det er grunn til denne uroi eller ikkje, det kann ikkje spela nokor rolla for oss. I minsto i dagar som desse so burde geopolitiske tastatur-riddarar vera audmjuke når hopetals menneske i Ukraina syner at dei jamvel i år 2022 er viljuge til å gjeva blodet sitt for ord som «heimstad», «fridom», «nasjon» og «identitet». For der blodet flyt, der må tompraten gå for dauve øyre.

Solidariteten vår gjeng ikkje til styresmaktene i Kyiv, som me avviser like sterkt som styresmaktene i Berlin, Paris eller Moskva. Og aller minst gjeng han til framande imperium, anten det er Russland eller USA. Solidariteten vår gjeng til alle europearar som kjempar for den same visjonen som oss. Han gjeng til dei ukrainske og russiske kameratane og på same måten til dei franske, dei greske og dei finske. Alle europearar som framleis vil vera seg sjølve, dei kjempar kvar sin kamp som i kjernen er den same kampen: Kampen for å halda uppe eige folk og eigen identitet.

Um det er mot batongslag i Roma eller mot russiske panser i Kyiv, so kann me nasjonal-revolusjonære berre stå attmed kameratane våre. Tankane våre gjeng til alle som kjempar for fridom og det som dei i desse dagane må ofra.

Fråsegni vart publisert den 25. februar på nettstaden åt det tyske partiet Der Dritte Weg.