Fråsegn frå Azov um Mariupol

Er det ukrainske Azov-regimentet etterlatne på ein uriaspost? Denne fråsegni frå Azov-regimentet kann tyda på det.

For den russiske staten og propagandamaskineriet deira so er Azov-regimentet både det som dei skal skræma folk med og det som dei sjølve verkelegt er redde for. Putin sine fantasiar um «avnazifisering» hev ikkje so reint lite å gjera med redsla for «Azov»-rørsla: Denne væpna formasjonen av friviljuge er vorti til ei av dei mest effektive og profesjonelle einingane i Ukraina. Ei profesjonell militær eining med eit djupt ideologisk fundament, det er eit mareritt for Moskva-sumpen.

«Azov» er ikkje berre eit regiment. Det er alt i dag vorte ein part av den ukrainske myten. Eit hopehav av væpna og motiverte frie menneske – samla i eit hierarki, med eigi rangordning og ein kodeks der mod og æra ikkje er tome ord. «Azov» er alt det som i den russiske føderasjonen er umogleg. Det russiske riksstyret og undersåttane deira kjenner på denne skilnaden og dei upplever det som eit trugsmål mot eksistensen deira (og det kann dei ha rett i).

Dette er grunnen til at dei russiske inntrengjarane freistar å jamna Mariupol med jordi. Denne byen, som Azov i 2014 frigjorde frå dei russiske marionettstyrkane, hev vorte til ein bastion for regimentet – eit symbol for det som Azov er i stand til å få til militært. På same staden som i dagsens Mariupol finn ein sidan 1600-talet kosakk-stydjepunktet Domakha. Difor hev fienden bygt upp eit stort hat mot Mariupol.

Um ein skal forstå ovringi «Azov», so lyt ein forstå korleis den ukrainske generalstaben hev varveitsla denne sereiningi med 2000 høgtståande militærspesialistar. Når fiendskapen vart umdana til ein opposisjonskrig, so vart «asovittane» utan forklåring haldne att på dette støttepunktet attum frontlina. Og kvifor? Det er det lett å tenkja seg.

Asovittane hev i seks år ikkje godteke dei spelereglane som Kreml hev sett upp i Donbass. «Asov»-kjemparane hev nekta å vera passive: Når dei er vortne skotne på so hev dei skote attende, dei hev gjenge til åtak og frigjord ukrainsk mark. Dei hev havt framgang endå um byråkratiet forbyr dei det. Med andre ord hev Azov kjempa denne krigen slik som det skal kjempast, og det hev helder ikkje den ukrainske nomenklaturaen vore serleg glade for. Den ukrainske nomenklaturaen gjorde seg i staden illusjonar um dei vestlege partnarane sine og dei trudde at ein kunde snakka fornuft til Putin-regimet.

Dessutan hev ei av dei best trente einingane i det ukrainske herstellet ikkje fenge eit einaste av dei nye presisjonsvåpni som USA og EU hev sendt til Ukraina. Desse våpni vert helder gjevne til heimevernsbataljonar som passar på lødor og byggjeplassar, men av ein eller annan grunn ikkje til dei som verkeleg treng dei.

Azov hev forsvara Mariupol sidan krigens fyrste dag. I 13 dagar hev soldatane vore umringa og fullstendig isolerte. Dei nektar å reisa frå byen og dei kjempar vidare mot ein fiende som bryt alle reglar for lovleg krigføring. Dei 8 år lange fyrebuingane gjer det ikkje berre mogleg for Azov å halda byen, dei klarar jamvel å gjeva fienden store tap.

Volodymyr Zelenskyy sagde i går at hovudmålet nett no er å få til ein humanitær korridor til Mariupol. Det er heilt rettkome, måvita. Men kvifor vert det ikkje snakka um å bryta blokaden og å gjeva Azov dei våpni som dei bed um? Me uppmodar alle som hev kontaktar på «høgare nivå» hjå ukrainske styresmakter um å taka dette upp med dei. Å yverlata Azov til sin eigen lagnad i Mariupol er eit utilgjeveleg brotsverk.

Umsett frå russisk av Emma Stabel