Mariupol: Eit rop i stålstormen

Nestkommanderande i Azov, løytnant Svyatoslav «Kalina» Palamar, hev kome med daglege videomeldingar frå Mariupol – vel vitande um at kvar dag kann verta hans siste. Stålverket i Mariupol er deira siste skanse, og det er i jüngersk ånd ein retteleg «stålstorm» som dei hardbarka soldatane er kasta inn i.

Den 10. april kom Kalina med denne videobodskapen til fylgjarane sine:

Æra til Ukraina!

Det er mange som talar um slaget um Mariupol, um kampen mot ei ovstor yvermakt, um dei som held ut mot den store russiske horden og som nektar å sleppa dei fram.

Folk er glade for at me held horden attende, men hev du nokon gong tenkt på korleis det er å vera her, og korleis det kjenner seg for dei som forsvarar byen?

Som til dømes når du fær ei tekstmelding um «korleis gjeng det med deg», og berre fem minutt tidlegare so hev du putta ein kompis som du kjende i sju år ned i ein plastsekk.

Eller når ein 22 år gamal troppssjef lyt kommandera heile bataljonen, og han kommanderar betre og meir effektivt enn ein oberst som fekk pengar frå staten heile livet sitt. Han bryr seg um kvar einaste av soldatane sine og gløymer heilt å tenkja på seg sjølv.

Det er når ei gruppa frå Azov gjeng til åtak på elitestyrkar frå Spetznaz.

Det er når ein skadd våpenbror stikk av frå sjukehuset av di han hev lova venene sine å hjelpa dei i kampane.

Det er når sanitetskirurgane våre gjer vanskelege operasjonar og amputasjonar under ekstreme umstende. Det er når frontsystrene våre bergar liv midt i rakettregnet.

Det er når ein 19 år gamal mann med smålåti røyst fortel korleis han øydela 20 køyrety.

Det er når gjentone våre hev laga supa, men du maktar ikkje å eta henne – for du tenkjer på dei svoltne ungane som du ikkje klarar å hjelpa.

Det er når ein skadd soldat segjer «æra til Ukraina», og deretter sprengjer seg sjølv med ein granat av di han ikkje vil verta teken til fange.

Det er når sjåførar stend med tvo dieselkannor og fyller på evakueringsbussen medan artillerigranatar slær ned ikring dei.

Det er når ein av soldatane våre risikerar livet og bringar vatn til ein fanga russisk soldat. Og han veit ikkje enno at den russiske soldaten alt er vorten drepen av den russiske artillerielden.

Det er når venene dine gøymer andleti sine av di dei skjemst. Dei er altfor redde til at dei vågar koma og hjelpa deg.

Det er når politikarar fortel at dei styd oss og er i dagleg kontakt med oss, og so er røyndomen at dei ikkje hev teke telefonen frå oss på meir enn 2 vikor.

Det er når alle talar um å minnast Mariupol, um å hugsa dei som varde Mariupol, og so hender ikkje dette i fortidi, det hender her og no, forstår du det?

Det er når du les sorgtyngde tekster um deg sjølv, men du er enno ikkje daud, du vonar at hjelpi kjem fyre det er for seint.

Og du kjempar vidare for dei som alt er falne, som gav livet sitt i kampen for Ukraina.

Og me som er her i Mariupol og kjempar, me vil at Ukraina skal vera sterkt. Ikkje gløym at me kjempar for å vinna. Ikkje gløym at Mariupol høyrer til Ukraina og framleis kjem til å høyra til Ukraina.