Putin og Biden, er dei «partners in crime»?

Putin hevdar han kjempar mot USA og NATO, men kva er Biden og USA si rolla? Og er Russland eigenleg eit diktatur eller er det ikkje snarare slik at oligarkiet er demokratiet sin endestasjon?

Gabriele Adinolfi gjeng langt i å hevda at krigen i Ukraina er eit avtala spel millom Putin og Biden. Og det er kanskje ikkje so rart at det må ein italienar til for å peika på denne kjensgjerningi: Mafiabossar treng kvarandre. Utan herjingane frå den eine mafiaen vert det vanskeleg for hin mafiaen å få inn pengane frå vanlege folk som stend under «vernet» deira.

Det høver bra for Russland å presentera krigen mot Ukraina som ein kamp mot USA og NATO – sidan det fører merksemdi burt frå Russland si massive militære yvermakt. Men USA si rolla so langt i krigen hev for det meste vore å skuva andre statar framfor seg – som med dei polske jagarflyi: USA freista aller fyrst å få Polen til å senda Mig-29 til Ukraina. Men når Polen vilde senda desse flyi til NATO-basen i Ramstein i Tyskland og lata USA få gjera nett kva dei vilde med dei, so sa USA nei med ein einaste gong – og det med ei grunngjeving som mildt sagt framstod som vikarierande.

På den eine sida hevdar Anthony Blinken at jagarflyi likevel ikkje er so viktuge og på den andre sida so hevdar han at det å senda fly er ei fårleg upptrapping. Eller skal me helder segja det slik at USA tykkjer det er heilt greidt um Russland nyttar taktiske atomvåpen i Europa so lenge det ikkje vert sendt langdistanserakettar mot USA?

USA sine freistnader på å få til energiboikott av Russland fylgjer i same faret: Eit tiltak som fær småe konsekvensar for USA (3 prosent av oljen deira er import frå Russland), men enorme fylgjor for Europa (40 prosent av gassen kjem frå Russland).

Skal Europa kløyvast eller samlast?

Um ein ser på kven det er som hev handla resolutt og samla i Ukraina-krigen, so er det dei europeiske landi – ikkje USA. Det er til dømes det sosialdemokratiske tyske riksstellet, som aktivt hev freista å få eit betre tilhøve til Russland, som valde å senda panservernvåpen til Ukraina. Og Frankrike som tidlegare hev teke imot Putin som um han skulde ha vore solkongen i Versailles, dei hev kome med dei krassaste avstandstakingane frå krigspolitikken hans. Og no sender dei våpen, dei med, utan at dei vil fortelja so mykje um kva slags våpen. Dette er europeisk politikk som hev snudd seg 180 grader yver natti. Men i den grad Biden hev gjort utspel i saki, so hev han vore mest uppteken av å få fram at USA ikkje kjem til å blanda seg inn. I røyndi er det carte blanche til Russland.

Eit samla Ukraina kunde verta eit viktugt land i ei sjølvstendig europeisk blokk. Vest-Ukraina hev ein ovstor jordbruksproduksjon, serskilt når det kjem til kveite – og Aust-Ukraina er tunge på industri. Men endskapen på Ukraina-krigen kann verta at landet vert fullstendig vengklypt. Ikkje berre kann dei verta tvinga til å gje frå seg «rustbeltet» sitt i aust, dei kann jamvel verta fullstendig avskorne frå Svartehavet. Då sit ein att med at Aust-Ukraina vert integrert inn i Russland sitt «Novorossiya» og Vest-Ukraina vert eit agrar-protektorat for NATO, utan tilgang til havet. Det er på denne bakgrunnen ein må forstå kvifor riksstellet i Ukraina er so uviljuge til å gå med på dei russiske kravi.

Russland: Ikkje diktatur, men demokrati på sitt verste

Det er ein fundamental kritikk av «demokratiet» at det fyrr eller seinare må enda som eit oligarki der eit fåment elite sit med bukti og båe endane. Denne kritikken er like gamal som demokratiet sjølv (Platon i antikken og Joseph De Maestre i 1789), so slik sett kann ein slå fast at «alt er som før, berre verre».

Når vestlege media framsteller konflikten millom Russland og NATO som ein kamp millom «demokrati» og «diktatur», so er det altso å snu saki på hovudet. For Russland er faktisk «demokratiet» sin endestasjon. Ideologisk stend ikkje Russland for noko som helst slags alternativ til vestleg demokrati, på papiret er det tvert imot nett det same liberaldemokratiske systemet. Berre at det i Russland er openlyst at «demokratiet» hev vorte til ein fasade og at det er den råe pengemakti og militærmakti som rår – og alle veit det.

Oligarkar hev me både i aust og vest. Men i vest vert oligarkane presenterte som «filantropar», som med George Soros og Bill Gates, og på same måten som i den russiske «interessesfæra» so er det sjølvstendige og ulydige land som vert målskiva deira – som til dømes Viktor Urban sitt Ungarn.

Kapitalismen og «demokratiet» vil redusera oss til medvitslause forbrukarar der reklamen fortel oss kva me skal kjøpa og media fortel oss kva me skal meina. I Vest-Europa hev me eit mjuktotalitært system der ein i verste fall misser jobben og vert uglesedd sosialt um ein ikkje vil lyda diktatet frå styresmaktene. I Russland hev me eit hard-totalitært system der ein kann verta fengsla og drepen dersom ein ikkje vil underkasta seg.

I tidi som kjem må ein må dessutan rekna med endå meir sensur i den vestlege ålmenta – som med sosiale media sin sensur av Russia Today. Denne sensuren kjem på toppen av all sensuren som Big Tech hev innført frå fyrr av. Ironisk nok er det til dømes ikkje mogleg å dela Ukraina-venlege innlegg som ein hev funne på nettsida åt det tyske partiet «Der Dritte Weg». Her er «denazifiseringi» fullførd for lenge sidan…

For sanningssøkjande menneske med ei ærleg sak so er sensur av dette slaget alltid kontraproduktivt. Det byggjer berre upp under ei polarisering der folk kjøper og konsumerar røyndomsuppfatningar frå kvar sine parallelle verder. Motfyrestellingane kjem aldri fram, det vert aldri nokon kritisk refleksjon – og dermed er det fritt fram for alle slags desinformasjonsagentar som hindrar at det nokosinne danar seg ein slagkraftig opposisjon.

For oss som ikkje ynskjer å verta spelebrikkor eller nyttige idiotar for dei store maktene i verdi, so er det difor viktugt å snu kvar ein stein. Fakta må skiljast frå propaganda, anten han kjem frå CNN eller frå Russia Today.

Me må vera klår yver at klimaet i offentleg ordskifte kjem til å verta endå hardare og meir einsretta enn fyrr. Meir enn nokon gong kjem USA og NATO til å verta presenterte som ein «garantist» for tryggleiken vår – og eit sjølvstendig nordisk samarbeid kann ein sjå langt etter når Sverike og Finland vel å slutta NATO-rekkjone.

Me hev tid til å tenkja oss um, men ikkje råd til å kompromittera oss

Samstundes avdekkjer Ukraina-krisa den openberre perspektivløysa åt mange av dei som kallar seg for «globaliseringsmotstandarar». Både kraftkablane til utlandet og ACER-styringi av norsk energipolitikk kjem i framhaldet til å verta selde inn som ei naudsynt samkøyring for å sikra energitryggleiken i Europa. Dermed kjem dagsens skyhøge energiprisar til å vera med oss vidare inn i «den nye normalen». På same måten so kjem norske EU-motstandarar ikkje til å ha andre alternativ enn dei nest dårlegaste alternativi, NATO-medlemskap og EØS.

Sett frå eit positivt synsleite so kann ein sjå fyre seg at Russland sin krig kann føra til ei realitetsorientering. Brutaliteten ute i den store verdi hev kome nærare, og på same måten som forfedrane våre måtte læra det på den harde måten so ser me at kvar og ein er seg sjølv nærast. Her i Noreg hev me høvet til å visa solidaritet til å opna dørene og heimane våre for flyktningar frå våre eigne europeiske kjerneland. Verkelege flyktningar denne gongen, kvinnor og born – og ikkje «rapefugees».

Dessutan er dei europeiske landi endeleg tvinga til å rusta upp att herstellet sitt, og på det politiske umkvervet so kann ein tenkja seg at ei europeisk upprusting på sikt kann gjera oss meir sjølvstendige frå USA. Under alle umstende so er det historisk når Tyskland no hev vedteke å rusta upp herstellet sitt med 100 milliardar euro. Det gjer Tyskland til den største militærmakti i EU. Sett frå eit «geopolitisk» perspektiv er det soleides lov å vona at Vest-Europa endeleg kann få ei kontinental motmakt til den angloamerikanske sjø- og atommakti. Men dette er langt frå sikkert – det er ingenting som kjem av seg sjølv.

Å skapa eit sterkt Europa som kann verta ei motmakt til både USA og Russland, det er ei uppgåva so stor og so vanskeleg at det for dei fleste er lettast å vera med i heiagjengen for USA, Israel eller Russland. Men det viktugaste me kann gjera nett no er å ikkje kompromittera oss, me må stå fast på alle folk sin rett til å avgjera framtidi si sjølve. Det heiter å stø den ukrainske forsvarskampen mot den russiske invasjonen. Alle andre spursmål og vurderingar hev me tid til å tenkja på seinare.

Eg hev null tru på at Russland i nær eller fjern framtid kjem til å invadera Noreg – men eg er ogso fullviss på at dersom det skulde skje, so hadde dei ikkje vorte møtte med so mykje som ei vegsperring. Folk hadde posta eit norsk flagg på Facebook-profilen sin medan russiske tanks rulla uforstyrra forbi huset deira. No er det altso ikkje «vestleg homse-disco» (E. Michael Jones) eller «demokrati» som gjer at folk i Ukraina gjer so hardnakka motstand – frå videoar og intervju so ser ein at det er hardnakka nasjonalisme som gjer at dei hev kraft til å stå imot Russland. Det er kanskje utdøytt her i vest, men i aust lever den nasjonale sjølvhevdingsviljen enno. Og frå heile Europa kjem det no friviljuge som vil vera med på dette.

For snart 80 år sidan var det nett under dei blodige kampane um Kharkiv og Tsjerkessy (Leon Degrelle) at europeiske friviljuge stod upp og stridde beinhardt for det dei trudde på. Det vart skapt eit kamphopehav som for fyrste gongen, men diverre altfor seint, såg forbi sneversynt nasjonalisme og sjåvinisme. Og kven veit, kanskje soga tek seg upp att?

Olav Torheim