Gabriele Adinolfi um krigen i Europa

Krigen i Europa kann ikkje forklårast ut frå èi årsak åleine. Både geopolitikk, finans, økonomisk umstart og energistoda spelar saman med det gamle etniske hatet som i si tid førde til sju og ein halv million døde i Stalin-tidi og som vart etterfylgt av den folkelege uppreisten i Ukraina under andre heimskrigen.

Etter at Ukraina atter vart ein sjølvstendig stat, so hev hatet vara ved – både under det oligarkiske pro-russiske styret og etter Maidan. Situasjonen hev eksplodert med den russiske invasjonen. Putin ser på Ukraina som ein russisk provins, men det ukrainske folket reiser seg i enorm motstand mot invasjonen.

Ser me på det store bilætet, so liver me i ein ny kald krig av same slaget som me fekk etter Jalta i 1945, der Russland stend imot Europa og USA stend imot Kina. For Europa spelar eit anna spel enn USA og Russland, og det er eit spel som bryt den bipolare logikken. Berlin og Paris hev stødt vore orienterte mot eit samarbeid med Russland, og jamvel med Kina, men den russiske invasjonen held oss i sjakk og spelar oss rett i hendene på amerikanarane.

Gabriele Adinolfi

I tidi fram mot invasjonen so hadde analytikarar frå indisk, italiensk og kinesisk njosnarstell gjort det klårt at Russland trulegt hadde gjort ei løynd avtala med USA som gav dei høve til å gå inn i Ukraina. Putin hadde kome fram til at det tente dei russiske interessone best å få i stand eit nytt Jalta, der Europa vart kløyvt millom USA og Russland, framfor å samarbeida med Berlin og Paris. Lat oss minna um at det nye tyske riksstellet hadde snakka klårt og tydeleg um å få eit betre samarbeid med Russland og at Scholz hadde freista å hindra militær upptrapping. Iranske Ahmadinejad hev gjenge aller lengst, med di han peika ut både Biden og Putin som medskuldige i å starta krigen.

Krigen bryt avtalone millom Paris, Berlin og Moskva og umringar Europa. Han hev brote ut nett i den augneblinken då dei sosiale kostnadene med pandemien byrja å verta nedbetala og han gjer det endå vanskelegare å få økonomien i gong att. Dei som alt dette gjeng utyver er dei europeiske folki – og framfor alt dei som hev minst å rutta med frå fyrr av.

Tilgangen på gass er viktug i dette spelet, men atomkrafti er minst like viktug. Åtaket mot atomkraftverket i Zaporizhzhia hjelper dei «grøne» som vil stengja atomkrafti ned – og slik hjelper dei amerikanarane som ikkje vil at Europa skal vera sjølvforsynt på energi. Til liks med russarane som insisterar på at gassen deira skal vera sentral i energiforsyningi. Skal ein få den europeiske økonomien i gong att, so må det gjerast noko på energifronten. Dessutan kjem kryptovaluta til å verta mykje viktugare enn fyrr.

So er det endeleg alle våpni som takk vere umse slags mafiagruppor finn vegen frå den ukrainske fronten og vidare inn i Europa – til islamistar som visse personar og gruppor vil nytta seg av for å hindra at Europa vert ei sjølvstendig politisk kraft. Studnaden frå den USA-venlege høgresida til presidentkandidaten Eric Zemmour let seg kanskje forklåra med den veksande retorikken um ein «samanstøyt millom sivilisasjonar» og ei hatstemning som gjer det lett å dyrka fram islamistiske terroristgruppor.

Mange ser fyre seg denne krigen på same måten som i filmane um «Ringdrotten» («Lord of the rings»). Men i den store samanstøyten der båe sidone vil «denazifisera» den andre, so blandar ideologiane seg i hop. Det som stend att og som ein må taka utgangspunkt i so langt det let seg gjera, det er dei objektive kjensgjerningane. Her er det viktugt at me korkje misser proporsjonane eller rettferdssansen.

Me yverlet til forståsegpåarane og hyklarane å finna burtforklåringar på det som reint faktisk skjer:

-Russland hev invadert Ukraina og stadfester viljen sin til å vera ei imperialistisk makt på bakken.

-Det ukrainske folket kjempar imot invasjonen.

-USA og NATO er dei som tener mest på det som skjer.

-Europa er dei som taper aller mest.

-For Europa sin part er det endå fleire katastrofar i vente.

-Det som er i Europa si interessa, det er å bryta denne motsetnaden og koma seg burt frå den logikken som Jalta-kompromisset i si tid påførde oss.

Det er i denne stemneleidi me lyt gå vidare, men det må gå rett fyre seg. Slik kann me arbeida for ein spirituell og kulturell revolusjon som på sikt kann frigjera folki i Europa frå det amerikanske grepet.

Gabriele Adinolfi