Hjelpeaksjon i Ukraina: Gje din studnad!

«Help European Local People» (HELP) er ein hjelpeorganisasjon av og for europearar. Dei hev tidlegare hjelpt born i Kosovo, og no er dei på veg til Lviv i Ukraina med hjelpesending. Alle som vil kann vera med og stø arbeidet deira.

Målmannen hev vore i samband med Matteo Caponetti, koordinator for HELP. Nett no er dei i gang med å samla inn pengar og utstyr til krigsråka lokalsamfund i Ukraina. Dei er i nær kontakt med Lviv Ukrainian Educational Platform, og alt som dei samlar inn gjeng beinveges vidare til desse. Herifrå vert hjelpi send vidare til dei som treng henne aller mest.

HELP er tilknytte CasaPound Italia og Lansquenets-nettverket åt Gabriele Adinolfi. I Roma samlar dei for tidi inn utstyr til eigen hjelpekonvoi frå Italia – og dei bed folk um å gje dei mjølkepulver, hermetikk-mat, langtidsmat, bandasjar, eingongshanskar, medisinske sakser, antibac, fyrstehjelpsutstyr, smertestillande tablettar, varme klede og skor, underty, ullteppe og leister.

Målmannen hev teke på seg å vera kontaktperson for HELP i Noreg – og dei som ynskjer å donera til Help kann setja yver pengane til kontonummer 2291.14.45666. Merk yverføringi «HELP Ukraina», me yverførar alle donasjonar beinveges vidare til HELP.

Matteo Caponetti frå HELP umtalar Russland si krigføring mot ukrainarane slik:

«Russland fer fram på same måten i Ukraina som Israel gjer i Gaza. Dei nyttar seg av dei same orsakingane for eigne ugjerningar og dei freistar halda uskuldige offer andsvarlege for lidingane sine. Dei nyttar seg av dei same skuldingane um bruk av menneskelege skjold og dei vil helder bruka bomber og tungt artillera mot bustadblokker enn å risikera store tap av eigne soldatar. Azov-legionen vert tiletla den same rolla som Hamas, med dei same skuldingane um nazisme og terrorisme. Men på same måten som i Midtausten so gjenomskodar folk flest det dei driv på med. Dei møter den same motstanden i folkeopinionen, og motstanden er både patriotisk og etnisk. Det er ei total mobilisering mot okkupasjonen og ein total aversjon frå folkesetnaden. Alt det politiske kann diskuterast upp og ned, men eg kann framleis ikkje forstå dei som ikkje hev medkjensla med dei 40 millionane menneske som kjempar mot ei enorm yvermakt som freistar invadera dei. At alt dette hender i det sentrale Europa gjer ikkje saki mindre ålvorleg.»

Samstundes med dette so hev tjodlynde aktivistar i Tyskland teke kontakt med eit barnesjukehus i Lviv, og dei er nett no på veg til Lviv med hjelpesendingar. Det er den paneuropeiske samskipnaden «Europa Terra Nostra» som stend attum denne aksjonen.

Ukraina er truga av fullstendig samanbrot i logistikken, og barnesjukehuset i Lviv treng alle slags typar hjelpeutstyr. Alt no hev «Europa Terra Nostra» samla inn meir enn 6000 Euro (60.000 kr), og den fyrste hjelpesendingi er på veg frå Berlin. Det er aktivistar frå NPD, med Emma Stabell i spissen, som sjølve reiser med utstyret til Ukraina. Dette er stødige folk med lang fartstid i den nasjonale rørsla i Tyskland, so dei som vil stø upp um denne aksjonen kann vera trygge på at hjelpi kjem til dei som skal ha henne.

«Europa Terra Nostra» på veg til barnesjukehuset i Lviv.

Dei som vil stø upp um «Europa Terra Nostra» sitt hjelpearbeid kann senda dei pengar direkte på bankyverføring:

Europa Terra Nostra e. V.
DE67 8306 5408 0004 9948 25
BIC (SWIFT-Code): GENO DEF1 SLR
Merk yverføringi med: Spende Ukraine-Hilfe

For kvar dag som gjeng vert Russland sin krig i Ukraina endå meir brutal. I videoen nedanfor kann ein få eit lite innblikk i livet på barnesjukehuset. Det minste me her i Noreg kann gjera er å gje ein slant til dei som vågar liv og helsa for å verna dei stakkars borni. Dei er fullstendig prisgjevne krigens gang…

Olav Torheim