Militans og mystikk. Intervju med M8l8th

M8l8th er ei av dei russiske svartmetallgruppone som hev flykta frå Russland til Ukraina. Dei hev millom anna vore sentrale i den årvisse Asgardsrei Fest i Kyiv.

-For dei som ikkje hev høyrt um M8l8th fyrr, fortel oss litt um gruppa. Korleis starta de upp og kvifor vilde de driva med musikk?

-Ver helsa! Soga um gruppa gjeng attende til 2003, når me tok upp ein demo i øvingslokalet vårt med den fyrste lineupen. Det var ei fager tid, endelaust langt burte frå alt det mølet som er i musikkmiljøet i våre dagar. Eg sende demoen til plateselskapet Stellar Winter. Det var på Stellar Winter at me kom til å gje ut eitt av dei mest vidgjetne albumi våre, «Black Wing». Det var «Black Wing» som i si tid gjorde oss kjende. På den siste Asgardsrei-festivalen i Kyiv so spela me eit spesialprogram i samband med 15-årsjubileet for dette albumet.

-For meg so hev den stødt veksande kompleksiteten i platone dykkar alltid fascinert meg. På eit vis so blendar det inn, alt i hop: Kalde svartmetallriff, groovy metalcore, tradisjonell heavy metal, reine vokalar, hylande og skrikande vokalar, intelligent perkusjon, melankolske gitarsoloar. Korleis vil de skildra den musikanske stilen dykkar?

-Namnet på musikkstilen vår er vorten forboden av tenarane åt toleransen (fiendane åt manneætti). Difor kallar me det for militant svartmetall.

-Kva er det som kveikjer dykk til å laga musikk og skriva tekster? Kva for andre musikarar hev påverka dykk?

-Åndi frå den tidlege svartmetallen, og framfor alt den visjonære Varg Vikernes, hev påverka framvoksteren åt prosjektet vårt. Generelt so var det tidi frå 2001 til 2003 som var tidi då eg vakna upp åndeleg, det var det me interesserte oss for på den tidi som gav retning til gruppa og for heile livet mitt. Det voks fram ei interessa for dei europeiske folki, for det tridje riket, for soga åt den antibolsjevistiske motstandskampen, religion og filosofi.

-De gav nyss ut låti Theorasologie, med 7 minutts kompleks komposisjon og mysteriøse tekster. Kann du fortelja oss litt meir um kva det eigenleg sviv seg um i denne songen?

-EP-plata «Theorasology» er eit storskala konseptuelt arbeid, det er utkrystalliseringi av ei verdsåskoding: filosofi, religion, rasologi – eit kompleks av store kunnskapar som svarar på grunnleggjande spursmål. Delar av tekstene vart skrive av Boris Kaldrad (BlazeBirth Hall). På eit vis er innhaldet i teksti eit slags avsluttande samandrag, ei understreking av det som han sa. Boris sine linor vart skrivne ned rett fyre han døydde. Albumet i seg sjølv er ei konsentrert forklåring av det som eg trur på og det som er viktugast i ideologien min. Den tankestaven som forklårar alt.

-Korleis vil du skildra den austeuropeiske metallscena? Vesteuropeisk svartmetall ser rimeleg trøytt ut no um dagen. Dei er skuggeredde når det kjem til noko som helst politisk. Medan austeuropeisk svartmetall framleis hev mange nye band med eit ungt publikum – og er du inne i svartmetall so er du patriot med, må vita. Kvifor denne skilnaden?

-Me hev skrive um dette temaet etter måten mange gonger på nettstaden Militant.Zone. Det europeiske hjarta slær i aust, og det spådde eg alt i 2004 – i låti «Echo of forthcoming War». Det er lett å forstå kva eg meiner um dette, so eg ser ingen grunn til å gjenta meg sjølv.

-Er det noko meir som du vil segja til dei norske lesarane våre?

-Takk for interessa di! Eg vil gjerne tilrå nettressursen Heretic.camp, og dessutan M8l8th sitt sideprosjekt «Whisper of runes». Dette siste albumet var svært viktugt for meg, ein kann ikkje forstå kva M8l8th eigenleg gjeng ut på utan at ein hev høyrt materialet frå dette albumet. Endå um det er i ein annan genre, so er det spirituelt sett tvo sidor av same sak. Ære til Europa!

Intervjuet vart gjort i desember 2020.