Subkulturell putinisme

Eg hev valt denne titelen av di det i sume ghettoar finst eit idealisert bilæte av Russland. Dei byggjer upp ei sak som ikkje hev nokon slags røynleg studnad i Moskva.

Lat oss reint hypotetisk segja at Russland la seg på lina med Paris og Berlin og vilde fremja eit stort kontinentalt prosjekt som gjekk til felts mot den amerikanske leidarskapen. I so fall hadde Russland vorte ein alliert med oss.

I endå ei heilt hypotetisk stoda kunde me ha tenkt oss at Russland etter tvo hundradår med ymse slags «fredeleg» stormaktsrivalisering hadde hamna i open krig med USA. I ei sovori stoda hadde det beste truleg vore å stella seg på utsida av det heile.

I den røynlege stoda nett no so fører Russland ein politikk som tener dei amerikanske interessone i Europa. Russland fører krig i Ukraina, i Libya og i Mali. Dette gjer Russland til ein fiende, og det er upp til oss å finna ut korleis me kann slå attende utan at me samstundes spelar spelet til amerikanarane – og helder ikkje spelet åt Storbritannia som gjeng ut på at båe partar skal blø mest mogleg.

I alle høve, både av rettferdsumsyn og for å kunna forsvara livsromet vårt, so kann me ikkje vera nøytrale og me kann endå mindre vera pro-russiske sabotørar. Det siste er berre endå ein måte å stø upp um amerikanarane på, som Gladio for lengst hev forstått og som dei skamlaust hev arbeidd for.

Samanstøyt millom sivilisasjonar?

I nokre ghettoar so vert denne konflikten seld inn som ein samanstøyt millom Aust og Vest, millom multipolarisme og unipolarisme, millom tradisjonalisme og progressivisme, millom religion og ateisme. Dette er ghetto-teoriar som ikkje let seg stadfesta i røyndomen.

Kina hev gjeve stikk til Moskva medan Washington – med den aukande importen av hydrokarbon – hev gjeve deim blomar. USA hev i årevis fokusert på asymmetrisk multipolaritet, og det er med denne multipolariteten i bakhovudet at dei hev stokke ut dei teigane som Russland skal få lov til boltra seg i. I millomtidi er det Moskva som fremjar globalistsaker, dei styd upp um WTO og gjeng jamvel imot den nedskaleringi som USA i det seinaste hev gjenge inn for.

Det russiske samfundet toppar statistikkane på rusmisbruk, abort, barnesal, trafficking og sjølvmord. På russisk TV finn ein trans-rapparar som fremjar LGBT-kultur. Det russiske samfundet er ein armare og meir miserabel variant av den vestlege verdi, med undantak for ymse slags førmoderne multietnisitetar ute på landsbygdi.

«Russiske» soldatar: Den 64. brigaden som stod attum massakren i Bucha utanfor Kyiv.

Religion i Russland vert instrumentalisert på same måten som i USA, og Putin rettferdiggjorde den krigen han ikkje vil kalla med sitt rette namn på same måten som dei evangelikale pastorane gjer det i USA. Kor som er, det er ikkje noko meir enn statleg retorikk. Um ein ynskjer å argumentera for at vanlege folk, serskilt dei som bur på landsbygdi, skulde ha noko slags religiøst syn på livet, so er dei i alle fall ikkje noko meir religiøse enn det folk er i Polen eller Ukraina.

Det er ingen samanstøyt millom sivilisasjonar, det er i beste fall ei tevling millom tvo variantar av den same modellen. Den eine modellen gjer det betre enn den andre, og difor er tendensen at den andre modellen vert meir og meir lik den fyrste. Det segjer seg sjølv at dette ikkje er meritterande for den andre modellen.

Helder ikkje den påståtte motstanden mot liberalkapitalisme gjev nokor meining. Den russiske statskapitalismen er berre ein fasade for ein stat som er i hendene på ein handfull tidlegare KGB-oligarkar. Desse oligarkane vart multimilliardærar av å selja ressursane på subkontinentet sitt. Inntektene er gøymde burt i vestlege skatteparadis medan vanlege folk sit att med smular. Det hev gjenge so langt at bruttonasjonalproduktet er på nivå med Spania.

Putinistar av ei inkjevetta

Dei som idealiserar Putin, stridsvognene hans, bombingi hans og atomtrugsmåli hans, dei som eg vil kalla for høgreradikale i den terminale fasen, dei er kløyvde upp i tri kategoriar: Det er 1) ein slump frå dei sokalla tradisjonalistiske katolikkane, det er 2) dei fortapte kameratane og det er 3) desse som liksom ikkje meiner nokon ting… Berre dei sistnemnde kann orsaka seg med at dei ikkje hev nokon djupare analyse av stoda.

For dersom dei freista å analysera det som skjer og det som vert sagt av massemedia sine «korrespondentar», um dei såg forbi yverskriftene som held uppe den bipolare hypnosen som systemet er basert på, so hadde dei truleg uppdaga at italienske massemedia generelt vil ha «fred» i Ukraina, dei vil ha den uppkløyvingi som både russarane og amerikanarane ynskjer seg. Antagonistane som trur dei er imot massemedia si forteljing, dei styrkjer i røyndi berre den modellen som massemedia tek utgangspunkt i. Dei hev ingi sjølvstendig forståing, dei vil berre vera ein rengd versjon av medie-narrativen.

Den dagen hovudstraumsmedia gjeng i rette med pedofile, so skulde det ikkje forundra meg um antagonistane – i tråd med deira eigen logikk – tek til å forsvara pedofili. Men sumtid treng ein faktisk ingen djuptgåande analyse for å ta eit standpunkt: Det finst saker der vanleg sunn fornuft og normale sosiale antennor er nok til å falla ned på rett sida. Ukraina er under åtak frå verdsens nest største militærmakt, og balanserte menneske med eit minimum av etikk treng ikkje å lesa seg upp på temaet for å forstå kven det er ein bør solidarisera seg med.

Vanlege folk gjer dette heilt av seg sjølve, og det er det som er normalt. Og når ein ser sarkasmen og sinneutbroti frå dei som styd upp um Russland si krigføring, so merkar ein med det same at her er det noko som skurrar.

Sosiale subkulturar

Korleis kann det ha seg at synkvervingane som gjer Putins Russland til det lova landet hev kunna få fotfeste? Det finst ei sosiologisk forklåring: Det er fruktene av det ein kallar for subkultur.

Samfundet er i aukande mun vorte ghettoisert, og ghetto-liknande kommunikasjonskanalar vert bygde der dei alle er karakteriserte av ein opposisjon mot den rådande kulturen, men ikkje av nokon eigen kultur. Dei lagar reversert kultur og dei matar denne revers-kulturen.

Innestengde 24 timar i døgeret, i smarttelefonens tidsalder, so er pindarisk røyndomsflukt ei av dei småe gledjone i kvardagen. Men når dei held på slik, so misser dei ikkje berre røyndomssansen, dei misser samstundes interessa for å gå i djupni på dei stimuli som dei fær frå ghettoen sin. Mange fekk seg til dømes til å tru at Eric Zemmour kunde verta president i Frankrike. Det vart teke upp att titusundtals gonger, samstundes med at ein heldt ein seg burte frå flestalle konfrontasjonar med røyndomen – og slik byrja ein til slutt å tru på det sjølv. Meiningsmælingane som heile tidi tydde på det motsette vart avviste som falske og manipulerte.

Det same hender med det putinistiske paradiset. Det var nok for å få snøballen til å rulla at ein struktur som kom frå KGB og frå den store samskipnaden i San Basilio tok til å presentera ein visjon um eit storslege Russland, kvitt og laga til å verta det tridje Roma. Dette abstrakte tankekonstruktet hev ingen atterklang i Russland, det er utforma for å tekkjast høgresida i Vest-Europa, men her hjå oss vart det ukritisk teke upp som eit bilæte av røyndomen.

Slik er det på ingen måte, men sidan ein ikkje kann stella spursmål ved dogmi åt den ghettoen som ein sjølv er stengd inne i, so vert alle som set skåpet på plass skulda for å vera pro-amerikanske.

Um det er nokon som i dag fullt og heilt spelar spelet åt amerikanarane i Europa, so er det nett pro-russarane. Det lyder meir og meir som Jehovas Vitne når ein freistar få dei i tala, dei er heile tidi tvinga til å nekta for realitetane og dei snur på fakta på ein måte som gjeng forbi alle grensor for menneskeleg takt og tone.

Diverre er alt dette eit naudsynt resultat av sosiologisk og psykologisk passivitet.

Gabriele Adinolfi