Ein krig mot Europa. Nokre perspektiv

Endå det var Russland som starta Ukraina-krigen med invasjonen sin, so kann me eitt år etter krigsutbrotet trygt slå fast at det er USA som tener mest på det heile. Kva me i Vest-Europa skal sitja att med er heilt upp til oss.

Dei russiske grunngjevingane for invasjonen framstår som krigspropaganda, sidan det i februar 2022 framleis var fullt mogleg å roa ned situasjonen. Invasjonen kom faktisk etter tvo år med deeskalering. Russland talar um 14.000 drepne i Donbass, men det store fleirtalet var drepne millom 2014 og 2016. Donbass-konflikten hadde på det tidspunktet krigen braut ut vorte til ein lågintensitetskonflikt der gjenomsnittstalet på drepne var på under èin person i veka. Og her hev eg ikkje teke med i reknestykkjet at det framfor alt var Russland og ikkje Ukraina som frå 2014 av hadde fyrt upp under konflikten.

Kvifor hev Russland invadert Ukraina? Av di Russland ikkje kann klara seg utan naturressursane i Ukraina dersom landet skal koma på føtene att som ei imperiemakt.

Den tidlegare russiske utanriksministeren, som arbeidde med å få til ymse slags avtalor med Europa frå 2001 til 2006, Igor Ivanov, hev kalla Putin si avgjerd for «ein uakseptabel massakre på uskuldige». Samarbeidspartnaren hans, Andrej Kortounov, hev forklåra at det valet som Moskva gjorde vart diktert av eit medvit um å ha tapt den politiske og diplomatiske konfrontasjonen med alle andre globale aktørar. Soleis let dei seg freista til å nytta rå makt for å kunna spela ei viktug rolla att.

I røyndi er Russland langt mindre redde for ukrainsk NATO-medlemskap enn dei er for ein ukrainsk EU-medlemskap. Det er frå det tidspunktet at Ukraina formaliserte denne fyrespurnaden, i 2008, at Russland endå ein gong tok til å te seg aggressivt – som i Georgia. I juli 2021 skreiv Kyiv under ei avtala med Europa som gav høve til å utnytta dei sjeldne metalli i Donbass, som med litium og kobolt – råstoff som ikkje er til å koma i frå i samband med «det grøne skiftet», med den tilsvarande restruktureringi av energien og økonomien.

Det er nok å notera seg at NATO-utvidingi i 1997 hadde gjenge fyre seg i samråd med Moskva, som i millomtidi fylde Kaliningrad-enklaven sin med atomvåpen som peika rett mot dei store europeiske byane. Russland vart med i det europeiske tryggingssamarbeidet og dei skreiv under på ein «NATO–Russia Founding Act» (NRFA). Det vart skipa eit «NATO-Russia Permanent Joint Council» og NATO-kontoret i den russiske hovudstaden heldt ope heilt fram til november 2021.

Rolla åt USA

Um Russland er den hovudandsvarlege for krigen som dei hev sett i gang, so er det udiskutabelt at det er USA som tener mest på situasjonen som dei hev vore med på å skapa.

Ikkje slik som den russiske propagandaen hevdar, med biolaboratorium og invasjonsplanar mot Russland, men av di dei hev lagt til rettes for at Russland kunde gå imot Ukraina. Kvifor hev dei sendt småe manøverstyrkar til grensone um det ikkje var for å gjeva Moskva eit påskot til å reagera på provokasjonar? Eller kvifor skulde Biden i dagane fram mot invasjonen gong etter gong slå fast at det ikkje vart nokon NATO-intervensjon dersom Russland invaderte?

Visst hev USA hjelpt Ukraina med våpen, men aldri for mykje. Våpenleveransane hev stødt kome i seinaste laget, og med alle slags avgrensingar for korleis ein kann bruka dei. Amerikanarane la ned veto når Polen tilbaud å senda fly til Ukraina i den fyrste månaden av krigen. Og sidan fyrste dag av den vellukka ukrainske motoffensiven, so hev ikkje USA gjort anna enn å snakka um fåren for atomkrig og at det er naudsynt med tingingar. Dei amerikanske njosnartenestone hev kome med fredsframlegg der Ukraina skal gje burt ein femtepart av territoriet sitt til Russland.  Og Abrams-panservognene kjem ikkje fyrr i august, ei tid då USA reknar med at krigen alt hev teke slutt.

Det er USA som hev vunne krigen millom Ukraina og Russland. Dei hev leidd Russland mot Ukraina som nokre marionettar. Det minnar um katten sin leik med musi. Den russiske musi er både sint og øsi, men ikkje serleg smart.

Dei amerikanske vinningane

Korleis hev amerikanarane vunne den krigen som Russland hev starta?

For det fyrste hev dei aukande energiprisane, saman med sanksjonane, gjort den amerikanske skiferoljen tevlefør på verdsmarknaden. Sidan Obama si tid hev USA vorte umdana til ein energiprodusent og energieksportør. Takk vere Russland gjer dei god butikk i Europa no.

For det andre er det ein stor fest for den amerikanske dollaren som hev styrkt seg imot euroen. Lat oss ikkje gløyma at amerikanarane i eit tjugetals år både hev starta krigar og revolusjonar i land der euroen hev vorte brysam, som når Saddam Hussein i si tid byrja selja oljen sin i euro…

For det tridje hev ein blokkert den europeiske utvinningi av sjeldne metall i Donbass. Amerikanarane er ikkje serskilt urolege for at Russland kontrollerar desse ressursane, for økonomien deira hev stødt vore parasittisk og maktar aldri å verta tevlefør. Jamvel der amerikanarane hev tapt krigar mot dei Moskva-allierte (Angola, Vietnam) so er det amerikanarane – i lag med Europa og Kina – som dominerar marknadene medan Russland aldri fær innpass.

For det fjorde hev styresmaktene i Ukraina vortne prisgjevne USA samstundes som Tyskland hev vorte parkerte i heile Aust-Europa. Det tysk-russiske samarbeidet hadde i si tid eit stort potensial, og det hev Russland sjølve greidd å øydeleggja.

For det femte so er amerikanarane, og deretter kinesarane og tyrkarane, reiduge til å byggja upp att Ukraina etter krigen – med alle dei økonomiske og politiske fyremunene som det kjem til å gje dei.

For det sjette so hev sanksjonane og handhevjingi av desse ført til at amerikanarane hev lukkast med å leggja CAI-samarbeidet millom EU og Kina på is («Comprehensive Agreement on Investment», underskrive i 2020). Soleides hev dei kvitta seg med ein brysam mottevlar i Stillehavsregionen.

Det russiske forfallet

Russland hev tapt krigen politisk, for ingen av deira «allierte», burtsett frå Iran, hev gjeve deim nokon røynleg studnad. Kina hev nekta å gje dei våpen og hev kutta ned på investeringane sine i Russland. Indarane eksporterar ingenting strategisk. Ingen land, ikkje ein gong Iran, hev godkjent anneksjonane av Krim og Donbass. Endå um Russland hev tent på auka energiprisar, so kann ikkje den reduserte eksporten verta kompensert før um mange år – sidan det ikkje finst nokon infrastruktur for energitransport mot aust.

Endeleg so kann ein slå fast at krigen hev tvinga Kreml til å leggja seg inn under Kina. Tyrkia hev derimot kome styrkt ut or konflikten, med balansegangen sin millom aust og vest.

Samstundes med dette hev Moskva vorte utfordra av sine eigne partnarar i det eurasiske hopehavet. Leidarskapen deira er i minsto vorten veikt ned både i Kazakhstan, Tadsjikistan, Usbekistan og jamvel i Armenia. Jamvel i Kviterussland (Belarus) er den russiske dominansen skipla.

Den russiske sentralbanken melder um skort på arbeidskraft i samband med mobiliseringi. Meir enn 300.000 personar hev flydd Russland for å sleppa undan mobiliseringi. På eit år hev talet på yrkesaktive russarar minka med 600.000 personar.

Den europeiske stoda

Den europeiske unionen hadde under Trump-styret i USA, og med den globale Covid-crisa, teke viktuge steg mot større autonomi og samordning. I 2020 var den amerikanske Federal Reserve åt å reddast for at EU skulde verta meir tevleføre enn USA i den nye økonomien. Russland hev soleides gjort USA ei stor tenesta når dei bægjer for den europeiske økonomien. Dessutan held dei på med nett det same i Afrika, som med Wagner-gruppa si krigføring i Mali og Libya. Frankrike sin kjerneenergi er basert på uranutvinning frå dei gamle franske kolonilandi, so her ser me endå ein gong at Russland held Europa attende – til gleda for USA og Kina.

Men um denne krigen hev halde attende den europeiske økonomien og konkurranseevna, so hev han samstundes tvinga Europa til å væpna seg. Innanfor råmeverket åt NATO, måvita, men samstundes i vissa um at her gjeld det å verta sjølvforsynte. Det same hender i aust med Japan. Korleis denne økonomiske, politiske og militære prosessen kjem til å enda er den store uvissa.

Um ein resonnerar på tradisjonelt marxistisk vis, der den materielle basisen legg premissane for dei ideologiske vegvali, so er det lov å vona på ein ny visjon for Europa som høver betre til den tidi som me lever i. Det er ein visjon som må bryta med dei mentale sjukdomane som rår grunnen i Vesten i dag (woke-kultur og gender-mainstreaming) og finna attende til sunn fornuft og konkurranseevna andsynes resten av verdi. Alt no ser me tendensane til dette i etter måten mange land, som i Polen og Italia.

Den europeiske unionen av i dag er ingenting organisk, det er berre summen av dei statane som er med der, og som alle er impregnerte av materialisme og kapitalistisk kynisme. Dette er ikkje berre eit vestleg problem, men det er klårt at prosessen med europeisk økonomisk vokster må gå saman med ein radikal snunad, spirituelt og eksistensielt, slik at me kann få i gang det eg vil kalla for ein kreativ revolusjon. Me lyt leggja attum oss alle barnslege antagonismar som berre hindrar oss frå å gå i djupni på problemi.

Landet av flammar og blod

Landet Ukraina er materielt sett eit offer for alt det som eg hev nemnt. Same korleis krigen skulde enda, so hev Ukraina alt lagt ut ein sers høg pris, med alle dei drepne menneski og alle byane som er lagde i ruinar. Landet kjem til å verta avhengig av dei som skal byggja landet upp att, og me kann alt no slå fast at der kjem amerikanarar, tyrkarar og kinesarar til å vera med.

Landet kjem ikkje til å klara å slå ut Russland militært og dei fær truleg ikkje ein gong Donbass attende dersom dei amerikanske bakspelarane fær det som dei vil. Både USA og Kina kjem til å tena mest på at ressursane i Donbass vert frosne ned av Russland. Ukraina kann koma til å enda med ein «frosen konflikt», slik som det i si tid var med Tyskland og Vietnam, og som det framleis er med Korea.

Og jamvel um mirakelet hender at russarane vert jaga ut or heile landet, so er det sikkert og visst at Kyiv kjem til å vera økonomisk avhengig av utlandet.

På den andre sida, i denne tragedien, so er det ei kjensla av tilhøyrsla og identitet, ei kjensla av å vera eit folk og stå i noko lagnadstungt og episk, som hev vorte vekt til live att. Det er ikkje berre eit spursmål um kalde kalkylar og vurderingar, nei, det er ein gneist som kann kveikja upp ein eld for framtidi.

Verdien åt dette siste kviler på dei heltemodige og hopehavsskapande vali åt unge ukrainarar som melder seg til tenesta i kampen mot invasjonen. Ikkje berre unge ukrainarar, men unge folk frå heile Europa, og framfor alt Aust-Europa, hev reist til landet for å vera med på dette.

Sett frå eit idealistisk, kulturelt og programmatisk synsleite, so er dette vitnemål um uppstoda åt ein politisk og spirituell avantgarde som i Ukraina og i Aust-Europa lever ut ideane sine både i ord og handling. Dette hender samstundes med at ein yveralt i dei tradisjonelle «høgreradikale» kringværi i Vest-Europa finn den stikk motsette mentaliteten: Her dominerar heilt abstrakte fyrestellingar um kven som er ven og kven som er fiende, fyrestellingar som aldri let seg stadfesta i det daglege livet.

Ofte er det ein eksistensiell desperasjon som munnar ut i at ein hev gjeve upp å få til røynleg politisk endring ikring seg. I staden so heiter det at «det må verta verre før det kann verta betre» – og so er det nokon utanfrå som lyt koma for å «berga» oss. Men me hev ikkje noko anna val enn å arbeida for at verdi ikring oss skal verta betre, og det er ingen andre enn europearar sjølve som kjem til å arbeida for interessone åt Europa.

Um ein til dømes ser til Tyskland, so hev nasjonalrevolusjonære «Der Dritte Weg» knytt kontaktar med likesinna i Ukraina, og dei samarbeider um handfaste prosjekt der ein på sikt kann nytta seg av krigen til å skapa noko substansielt. Det parlamentariske og høgrepopulistiske «Alternative für Deutschland» hev derimot valt å snakka um «geopolitikk» og passivt stø upp um Russland som aldri kjem til å gje dei noko attende…

Ein gneist av krigarånd, folkehopehav, eksistensiell og spirituell kamp hev vorte skapt i Ukraina i året som gjekk. Hopetals europearar hev valt å kasta seg inn i denne saki, og det er lov å vona at flammen er kveikt. Under alle umstende er det skapt ei ny historisk stoda som tvingar fram ei endring av verdiar og perspektiv.

Dei som er litt orienterte, dei veit at det i Aust-Europa finst ei høgresida som er langt meir uppegåande enn den som ein finn i Vest-Europa, både politisk og kulturelt – i minsto millom dei som er yngre enn 40 år. Det er soleides ingen grunn til å sjå myrkt på framtidi.

Gabriele Adinolfi