Næringslivet i Nordhordland må gje ryggstø til nynorsk-ungdom

«Om Noreg vert omtalt i ein internasjonal film, svulmar me av stoltheit. Kvifor er det då så mange som vel bokmål eller byter til bokmål?» Det er 17 år gamle Amanda Hindenes som steller dette grunnleggjande spørsmålet. Ho fortel at språket ho veks opp med heime i Nordhordland vert mindre og mindre synleg i kvardagen.

Nordhordland er rikt på industrielle suksesshistorier. Det som byrja med småe næringsverksemder på familiegarden har ofte enda med milliardkonsern. Det er entreprenør-åndi frå den lokale strilakulturen som dei kan takka for dette. Det hadde vore eit stort lyft for nynorsken i kvardagen dersom desse verksemdene spela på lag med ungdomen som vil ha meir nynorsk i kvardagen. Her kan verksemder med stor økonomisk kapital nytta nynorsken til å byggja kulturell kapital både for seg sjølve og lokalsamfunnet.

Faksimilie frå Avisa Nordhordland 7. januar 2023.

For om me skal forstå dei spørsmåli som Hindenes steller so må me gå attende i soga. Under Noregsveldet for 1000 år sidan var det Bjørgvin og Nidaros som var dei sentrale byane. Christiania var berre eit administrasjonssenter for det danske koloniveldet, og når Noreg i 1814 vart eit eige land so var den dansk- og tyskætta byborgarskapen i Oslo nøydde til å konstruera seg ein eigen norsk identitet. Dette hev dei gjort med å plukka ut og forfina element frå folkeleg norsk kultur – til dømes Asbjørnsens og Moes folkeeventyr. Men det som er kjennemerket på ein nasjon framfor alle, det norske språket, det ville dei ikkje vita av. Det lærde og det “danna” språket skulle framleis vera det danske.

Her kom Ivar Aasen og målrørsla inn som ein motkultur, og sterkast stod dei på Vestlandet. Me fekk diktarar og kunstnarar som heilt upp til vår tid lyfte det lokale og sereigne opp til nasjonalt nivå. Frå Jakob Sande til Stein Torleif Bjella – det vart mogleg å koma frå Bygde-Noreg og samstundes stå for noko høgkulturelt.

Dialekt og lokal identitet er ufårleg for bokmålsfolk so lenge det vert verande noko lågkulturelt, so lenge det fær vera kuriositetar som ein kann henta fram ved høve. Musikk på dialekt hev til dømes vorte populært i det siste, som med Vassendgutane (Ørsta) og Hagle (Indre Østfold). Her sviv seg om bilskruing, festing og rølp, og soleis styrkjer dei berre førestellingane om det norske som noko ein må leggja frå seg dersom ein vil opp og fram. Dialektrovet åt bokmålsbrukarane er på mange måtar det som ein i våre dagar kunne kalla for “kulturell appropriasjon”.

Det nynorske skriftmålet lyfter dei norske dialektane opp frå denne underordna rolla og set dei i høgsetet. Det ligg ei politisk standpunkt-taking i det å nytta nynorsk: Kall landet vårt for Noreg i staden for “Norge” og du med èin gong noko meir enn ein som berre talar dialekten sin utan å ha tenkt noko nærare om kvifor.

Nordhordland og Gulen har hopetals med nyskapande industriverksemder som gjer store pengar. Til dømes med olje og offshore, havbruk og havvind. Paradoksalt nok slit desse verksemdene med å få kompetente unge folk til å flytja heim att og busetja seg etter at dei hev teke utdaning i byen. Både for å gje produkta sine “det vesle ekstra” som gjer dei tevleføre med konkurrentane i utlandet – og for å skapa attraktive lokalsamfund der ungdom har noko å venda heim att til – so vil eg oppmoda næringsverksemder i Nordhordland og Gulen til å skjerpa den språklege profilen, slik som til dømes Meland Elektro gjorde dei vart kjøpte opp av Østerbø Maskin. Dette er gode føredøme for nynorskelevar på elektrolina ved Knarvik VGS, der mange er ute i lærlingplass nett no.

Amanda Frøseth Hindenes tek kampen for nynorsken, ho treng fleire gode krefter med på laget.

Martin Eggum,
formann i Norsk Bladmannalag

Innlegget vart nekta innteke i Avisa Nordhordland