Det armenske folket treng vår studnad

Dersom du ser etter ei ideell europeisk sak som verkeleg er verdt å kjempa for, so bør du ta deg ein tur til Nagorno-Karabakh – eller Artsakh, som armenarane sjølve kallar det …

Armenarane er verdsens eldste kristne nasjon. Dei hev halde til i Kaukasus-regionen i meir enn 2500 år – lenge fyre tyrkarar eller russarar sette sine føter på fjelli. Den armenske republikken av i dag er berre ein brøkdel av det historiske Armenia. I september 2023 miste dei endå eit stykkje av landet sitt, og det er langt frå sikkert at det er slutt med det.

Det aserbajdsjanske åtaket byrja den 19. september 2023 med massive bombe- og artilleriåtak mot dei armenske byane i Nagorno-Karabakh. Det var rått parti. Berre ein dag seinare gjekk armenarane med på våpenkvile og «reintegrasjon» inn i Aserbajdsjan. Deretter starta ei masseflukt utan sidestykkje. På 2 veker hadde meir enn 100.000 av dei 120.000 busette armenarane reist frå Nagorno-Karabakh. Dei siste 20.000 var mest sannsynleg personar som alt hadde reist derifrå – for det var på slutten knapt eit menneske att i hovudstaden Stepanakhert. Alle visste kva som venta dei under aserbajdsjansk styre…

For historikken er tydeleg: På dei stadene der Aserbajdsjan hev teke kontroll, hev dei i rein IS-stil fjerna alle spor etter armensk liv og soga. Jamvel gravstader er vortne jamna med jordi. Historiske kyrkjor og kloster er anten vortne jamna med jordi eller dei er vortne «attendeførde til upphavleg tilstand» med meislemaskiner og sandblåseutstyr.

Det aserbajdsjanske åtaket kom ikkje som ljon frå klår himmel, tvert imot var det ein varsla katastrofe. I dei ni månadene fyre åtaket hadde Aserbajdsjan blokkert Lachin-korridoren, dei einaste innfartsvegen frå Armenia inn til Nagorno-Karabakh. Korkje mat, medisinar eller drivstoff fekk sleppa inn. Folkesetnaden i Nagorno-Karabakh skulde sveltast ut.

Det er Tyrkia og Israel som hev modernisert det aserbajdsjanske militæret til det nivået at dei kunde rulla inn i Nagorno-Karabakh og knusa det armenske sjølvstendet. Medan armenarane hev basert seg på materiell frå Sovjet-tidi, so hev Aserbajdsjan kunna fråtsa i militær høgteknologi. Det var med hjelp frå tyrkiske og israelske dronar at Aserbajdsjan i 2020 kunde forma slagmarki og påføra Armenia eit strategisk nederlag som tvo år seinare enda med fullstendig aserbajdsjansk siger. Meir enn 2500 jihadistar frå den syriske borgarkrigen var dessutan med i kampane på aserbajdsjansk sida.

Nagorno-Karabakh hev aldri vore noko anna enn armensk. Det var Josef Stalin som i si tid gav eit stykkje av Armenia til Aserbajdsjan for å hindra at ein fekk kvar sine homogene republikkar. Kløyv og hersk med nasjonale minoritetar var den gongen som no ein betre politikk for dei som vilde styra eit imperium. Armenarane i Nagorno-Karabakh hev alltid ynskt å høyra til Armenia, og då Sovjetunionen gjekk i uppløysing vart spursmålet verande uløyst.

«Me er fjelli våre». Monument i Stephanakhert som mest sannsynleg kjem til å verta jamna med jordi.

Dei som tenkjer at den aserbajdsjanske sigeren i Nagorno-Karabakh gjer slutt på konflikten, dei bør tenkja um att. Medan Armenia vil nytta høvet til å få ei fredsavtala, so hev Aserbajdsjan fenge blod på tann. Dei umtalar delar av Armenia som Vest-Aserbajdsjan og hev forlangt at Aserbajdsjan skal knytast saman med enklaven Nakhitsjevan. Alt no er Tyrkia og Aserbajdsjan i gong med store militærøvingar på grensa mot Armenia, på same måten som dei var det i 2020.

Det einaste landet som hev reagert og sendt våpen til Armenia er Frankrike.

Korleis kunde det skje at Nagorno-Karabakh, eller Artsakh som armenarane kallar det, kunde verta valsa ned av den islamske diktaturstaten Aserbajdsjan utan at det sokalla verdssamfundet bryr seg det minste?

Armenia hev i tiåret som gjekk freista byggja seg upp som eit vestleg og demokratisk land, men det er det ingen som hev havt nokor interessa av:

-Russland hev frå gamalt av halde si vernande hand yver Armenia, men det var berre so lenge Armenia spela rolla som ein lydig marionett. I 2018 kom det til eit regimeskifte der dei gamle korrupte og kleptokratiske styresmaktene vart kasta, og landet freista slå inn på ein meir sjølvstendig veg. Det skulde straffa seg brutalt…

-USA og Israel hev ynskt å byggja upp Aserbajdsjan som ei shia-muslimsk motmakt til Iran. 60 prosent av Aserbajdsjan sin våpen-import kjem frå Israel, og samstundes kjem 40 prosent av Israel sin olje-import frå Aserbajdsjan.

Når sivile israelarar den 7. oktober 2023 fekk uppleva rakettregn og væpna åtak frå muslimar, so var det ironisk nok det same som sivile armenarar fekk uppleva 2 veker før – og der israelske våpen spela ei avgjerande rolla. Og umgjevne av fiendslegsinna tyrkarar og passivt-aggressive russarar so er det paradoksalt nok det islamske Iran som er den næraste støttespelarane åt verdsens eldste kristne nasjon.

Det er dessutan verdt å nemna at mange palestinarar er av armensk upphav. Yassir Arafat rekna kampen for Nagorno-Karabakh som ei rettvis sak, og i 2002 slo han fast at «me kjem aldri til å svikta armenarane».

Men kva med Noreg? Heilt sidan 1990-talet hev norske Statoil, som seinare vart til Equinor, bygt ut oljefelt i Aserbajdsjan. I 2018 tok Equinor til med oljeutvinning i Karabakh. På heimesidone sine umtalar dei arbeidet sitt i Aserbajdsjan som «a long-standing commitment». Equinor hev bokstavelegt tala kristenmanns blod på hendene.

Norske Equinor skjemst ikkje for at dei styd upp um det aserbajdsjanske diktaturregimet.

Tystnaden i massemedia um Aserbajdsjan sine yvergrep mot armenarane speglar att det vantande engasjementet hjå dei store aktørane i verdspolitikken. Jamvel hjå sokalla alternative media hev det vore stilt, sidan det armenske spursmålet ikkje høver inn i narrativen som mange av desse hev skapt seg um Russland, Israel eller USA.

Nett difor er den armenske saki er ei unik sak som fortener vår studnad. Det er ein sjølvstendekamp og ein yverlevingskamp for ein av dei eldste europeiske og kristne sivilisasjonane. Det er ikkje ein abstrakt «geopolitisk» kamp, det er ikkje ein kamp der lygner um masseøydeleggingsvåpen eller terrorisme skal dekkja yver kynisk maktpolitikk um olje og naturressursar. Det er kampen åt eit folk som ikkje hev noko andre enn seg sjølve å stø på, og som vert motarbeidde eller dolka i ryggen av alle verdsens store makter. Eit folk som alt hev yverlevd eit folkemord, men som ikkje fær vera i fred.

Din studnad til Armenia kann gjera ein skilnad.

O. Torheim