Vest-Land Eiendom møtte motstand på folkemøtet

-Aldri i livet at mine ungar skal gå her! Roar Sudmann var ikkje nådig når han la fram Flatøy Bygdelag sitt syn på utbyggingsplanane åt Statens Vegvesen og Vest-Land Eiendom.

Det var fullsett sal under «folkemøtet» um utbygging på Midtmarka og Rotemyra. Um lag 100 personar var møtte fram. Folkemøtet skulde upphavleg ha vorte halde i 2019, medan Meland enno var eigen kommune, men det hadde vorte utsett gong etter gong. Møtet vart halde på det gamle rådhuset i Meland, som no er vorte til «Kommunehuset på Frekhaug».

Salen var fullsett når tidlegare Meland-ordførar Øyvind Oddekalv ynskte dei frammøtte velkomne.

Frå bygd til by: 40 år med aukande urbanisering på Flatøy

Det var tidlegare Meland-ordførar Øyvind Oddekalv som leidde møtet. Oddekalv fortalde at det hadde vore planar heilt sidan 70-talet um utbygging på Midtmarka og Rotemyri. Dei nye planane tok ein til med i 2008. Kommunen var svært nøgd med samarbeidet med både Vest-Land Eiendom og med konsulentselskapet Opus, fortalde Oddekalv.

Midtmarka og Rotemyra skal verta regulert til både bustader og næringsverksemd. Det skal verta ein tettstad med «urbane kvalitetar» og «nært regionsenteret Knarvik», heitte det.

Etter at Oddekalv hadde sagt sitt, fekk ein konsulent frå Opus ordet. Opus-konsulenten fortalde at den nye tettstaden trong ei viss mengd folk for å kunna fungera, ein «kritisk masse» som gjorde det mogleg å skipa og halda uppe både private og offentlege tenester.

I den nye tettstaden på Flatøy skal det vera 10 minutts gangavstand til alle grunnleggjande tenestor. Der skal byggjast ut både barnehage, skule, nærbutikk og båtsportsenter. Jamvel i strandsona skal det byggjast ut, der kjem det til å verta eit hotell.

Opus-konsulenten fortalde vidare at utbyggingi skulde gå fyre seg i fasar: Fase 1, fase 2 og fase 3. Ein kunde ikkje ta til med utbygging i område som høyrde til i fase 2 fyre ein var ferdig med all utbygging i fase 1. Likeins skulde utbygging i fase 3 ta til etter at fase 2 var fullstendig avslutta. Ein talar her um utbygging i eit 40-årsperspektiv.

Det er fase 2 som vert den rettelegt «urbane» utbyggingsfasen. Her skal det verta høghus på kring fem etasjar. Dei største bygningane med so mange som seks etasjar.

Aller fyrst kjem likevel arbeidet med ny lokalveg for Flatøy. Ny lokalveg for Flatøy lyt vera på plass før ein kann koma i gong med fase 1.

Korleis skal ein kanalisera 8000 menneske inn i ein heilt ny by og samstundes ha vokster i resten av kommunen?

Etter at konsulenten frå Opus var ferdug med å gjera greida for saki, so vart det opna for spursmål frå salen.

Fyrst ute var ein kajakkentusiast som attleta på framtidi åt sjøsporten i området. Sjøsona i Flatøyosen er den einaste staden i Nordhordland der ein kann driva med kano og kajakk ved sjø. Der er det lunt med lite vind og småe bylgjor. Hotell og utbygging i strandsona øydelegg det maritime miljøet. Og det varsla båtsportsenteret kjem berre til å fortrengja andre brukargruppor på sjøen.

-Korleis vil det å leggja ein stor by på Flatøy påverka busetnad i resten av kommunen, undrast ein annan i salen. Kva med til dømes Eikangervåg eller lengre nord på Holsnøy? Det skal vel vera lokalsamfund med skule, barnehage og servicetilbod der med.  Eller skal desse bygdene verta so små at det einaste folk er upptekne med er å kjempa for å ta vare på skulane sine?

Svaret frå Øyvind Oddekalv var at «de kann koma med skriftlege innspel. Det er høyringsfrist i februar».

Ei dama frå Flatøy, Astrid, tok ordet. Ho synte til at folketalsprognosane for Nordhordland hadde gjenge ned. Ein reknar ikkje med so stor tilflytjing som før, og det er eit viktugt perspektiv å få med. Ho undrast på korleis kommunen såg på den nye tettstaden i høve til utvikling av Frekhaug og Knarvik. Ein ynskjer å laga ein samanhangande urban struktur heilt frå Frekhaug yver Flatøy til Knarvik, men det er fem kilometer å gå frå Frekhaug til Knarvik. Kann det verta ein «timinutts-by», undrast ho.

Svaret frå Opus-konsulenten var at 5 kilometer ikkje er so mykje i bymessig samanheng…

Trengst den nye tettstaden no? Kvifor ikkje venta og helder ta ny Hagelsund-bru, lokalveg og utbygging i rett rekkjefylgja?

Astrid gav seg ikkje. Ho tok ordet att og spurde Opus-konsulenten: Kva er drivande for utbyggingi? Er det folkevekst, eller næring, eller kva er det?

-Folkevekst, svara Opus-konsulenten.

-Men det er ikkje folkevekst, repliserte Astrid.

-Det gjeng upp og ned med folkeveksten, meinte konsulenten. Han synte dessutan til at det gjeng fyre seg ei demografisk endring. Fleire bur åleine og det vert færre menneske per husstand.

Olav Torheim tok replikk til svaret frå konsulenten:

-Er det verkeleg trong for denne nye tettstaden no? Me hev høyrt at folkeveksten i Nordhordland flatar ut. Det er framleis mykje areal å byggja ut både i Knarvik og på Frekhaug. Bompengar gjer det mindre attraktivt å busetja seg på Frekhaug og Flatøy. Me hev nyss vore igjenom kommunesamanslåing, og då vart det lova at ein framleis skulde taka heile kommunen i bruk.

-Ein kann ikkje setja i gong med utbygging fyre ein hev fenge på plass ny lokalveg, og det vert ingi god lokalveg-løysing fyre det hev kome ei ny Hagelsund-bru. Den planlagde lokalvegen ber preg av å vera ei hastverksløysing for å kunna koma i gang med utbygging.

-Den rette rekkjefylgja hadde vore ny Hagelsund-bru før ein tok til med lokalveg. Kann ein ikkje berre utsetja heile prosjektet til ein gong ein ser at det faktisk er trong for det? 

Svaret frå Oddekalv var det same som han hadde gjeve til dei hine: «Du må koma med innspel skriftleg. Det er frist i februar».

Bør ikkje «fortetting» skje der det alt finst areal som kann fortettast?

Leif Johnsen synte til at det i planane for den nye tettstaden var lagt upp til «fortetting». Fortetting bør koma der det alt er sett av areal. Er Midtmarka til «fortetting» eller er det til noko anna?

Opus-konsulenten svara at han ikkje hadde kalla det for «fortetting». For i Midtmarka er det ingenting frå fyrr av, og soleides ingenting å «fortetta». Men dei nyttar seg av dei største tekniske infrastruktursystemi…

Jan Nordbø tok ordet og etterlyste ei heilskapleg vurdering. Når ein snakkar um «fortetting» so hev Knarvik åleine eit fortetningspotensiale på 2000 bu-einingar (Lonena). Det er ingen grunn til å setja i gong med å byggja ut 3000 nye bustader i eit naturområde når det finst areal å fortetta kring både Knarvik og Frekhaug.

Dersom ein ser på SSB si framskriving av folketalet, so skal folketalet i Meland og Lindås auka med 6000 menneske fram til 2040. Med utbyggingi i Midtmarka og Rotemyra so legg ein upp til at 8000 menneske skal busetja seg berre på Flatøy. Korleis skal ein kanalisera so mange menneske til Flatøy åleine og samstundes få utvikla dei hine bygdene i kommunen?

Her var det ein kar med rogalandsdialekt som reiste seg og svara at Fase 1 i utbyggingi låg 10-15 år fram i tid. I den fyrste fasen kom det til å vera barnefamiliar som skulde busetja seg. Fase 2 og Fase 3 laut ein sjå i eit 40-årsperspektiv, og då kunde mykje skje. Når nokon frå salen lurde på kven det var som snakka no, so fekk dei høyra at det var «Stian frå Vest-Land Eiendom».

-Den planlagde lokalvegløysingi er både keiveleg og altfor arealkrevjande

«Ta opp stridens kjerne!» Det var ropet som lydde frå salen då ei av dei frammøtte vilde spyrja um den nye lokalvegen på Flatøy. -Det viktugaste for oss i fyrste umgang er lokalvegen, fortalde ho.

Då vilde «Stian» syna fram ein animasjon med den nye lokalvegen. Den planlagde vegen skal gå jamsides med E39, men med ei 50 meter breid «skjermingssona» millom dei 2 vegane. For å koma seg frå Rotemyra til Knarvik må ein fyrst yver Hjelten Bru og dinæst køyra den nye lokalvegen frå nord til sør og so inn på rundkøyringi og deretter nord att. Heile løysingi framstår som både keiveleg og svært arealkrevjande.

«Stian» frå Vest-Land Eiendom syner fram animasjon av det svært arealkrevjande Alternativ 1. Flatøy Bygdelag sitt Alternativ 2 vart aldri synt fram.

Stian vart konfrontert med at Roar Sudmann frå Flatøy bygdelag hadde kome med eit alternativt framlegg som er mykje mindre arealkrevjande. Kvifor syner han berre fram alternativ 1 og ikkje alternativ 2?

-Alternativ 2 tek hus og løde, det med, svara Stian.

-Kvifor er det då eit alternativ?

-Av di me hev utgreidd det…

På dette tidspunktet tok folk i salen til å le.

«Her må nokon gripa inn», meinte ei av dei frammøtte. «Privat utbyggjar legg planar saman med statens vegvesen um infrastrukturendringar som påverkar heile samfundet. No hev det fyrst vore utbygging med midtdelar på E39, deretter kjem det ein massiv lokalveg. Og so skal me få 40 år til med utbygging. Me på Flatøy tykkjer det er nok!»

-Den planlagde lokalvegløysingi gjer det fårlegare enn før for mjuke trafikantar

Roar Sudmann tok no ordet. Han poengterte at han tala på vegner av Flatøy bygdelag og berre Flatøy bygdelag.

Aller fyrst so synte Sudmann til det faktum at «lokalvegen» ikkje vert nokon «lokalveg», det vert ein interkommunal veg. Det trengst ein veg som gjeng strakt frå Knarvik til Frekhaug uavhengig av E39 til Bergen. Dette fær ein ikkje til fyre den nye Hagelsund-brui kjem på plass.

For mjuke trafikantar vert den planlagde lokalveg-løysingi faktisk dårlegare enn før. Slik det er i dag so kann ein gå heilt frå Flatøy til Frekhaug eller til Knarvik utan å verta fritt vilt. Det vert det slutt på. Ein vert nøydd til å kryssa både fotgjengaryvergang på den interkommunale vegen og på den planlagde «supersykkelvegen».

-Aldri i livet at mine ungar skal gå her, tordna Sudmann.

-Det trengst ein heilskap i planleggingi, og det er det ikkje no, slo Sudman fast. -Den planlagde løysingi er ei kjempetrafikkfella. Det som trengst er eit tvoplanskryss.

Trur ikkje lokalpolitikarane på prosjektet sjølve ein gong?

Spursmåli var mange denne kvelden, men det var fåe svar. Det var i alle fall tydeleg at Øyvind Oddekalv sleit med å bringa Vest-Land Eiendom sine urbane visjonar ut til folket på Flatøy. Det var dei færraste av dei frammøtte som vart uppglødde yver tanken på å verta urbaniserte i si eigi heimegrend. For å segja det mildt.

Sume av dei frammøtte undra seg litt på kvifor Oddekalv ikkje vilde svara på spursmåli frå salen i det heile.

-Han gjorde ikkje ein gong ein halvhjarta freistnad på å møta kritikken, vart det kommentert.

Under alle umstende so fekk kommunen, Opus og Vest-Land Eiendom det evig utsette «folkemøtet» endeleg yverstått.

Olav Torheim

Les ogso: Farvel Flatøy
Les ogso: Her byggjer dei bompengebyen
Les ogso: Skal ingenting få konsekvensar?