SV-topp i Nordhordland nazi-hetsar naturvernar i Meland

Torbjørn Taranger frå Alver SV hev i veka som gjekk drive med grov hets mot ein naturvernar i Meland. Han brukar skjellsord som «neo-nazi» og «rasist» og vil åtvara nærmiljøet mot «en fyr som har meninger og holdninger som er grusomme og stygge».

I kommentarfeltet til Avisa Nordhordland hev Taranger varsla at det er meir i vente.

Bakgrunnen for saki er at Målmannen-redaktør Torheim, som er busett i Meland, hev skrive kritiske artiklar um den planlagde utbyggingi på Midtmarka og Rotemyra på Flatøy – der eit verdfullt naturområde vert rasert og ein drabantby på mest 10.000 menneske skal stampast upp frå jordi. Torheim ynskte å gjera eit positivt tilskot til å berga verdfull nordhordlandsnatur, men fekk hakeslepp då han upplevde reaksjonen frå Torbjørn Taranger og Anna Nordlund i Alver SV.

Eitt av fleire hetsande innlegg som Torbjørn Taranger frå Alver SV hev spreidd på sosiale media dei siste dagane (innlegget vart sletta av administrator).

-Det byrja med at eg vilde utfordra Alver SV um kva dei meinte um saki. I staden for svar på spursmålet so byrja Torbjørn Taranger å spreida ein anonymt forfatta artikkel som var full av udokumenterte påstandar, ei tekst som eine og åleine er skrivi for å sverta namnet mitt. Eg fekk høyra at det no var tid for å informera folk i Nordhordland um kva slags person eg var og kva slags haldningar det var eg stod for – utan at det vart vist til nokon ting konkret. I staden fekk eg høyra generelle påstandar um at det «lyser igjennom» kva det er eg «står for».

I privat melding fekk Torheim høyra at anten fekk han stilt og rolegt draga seg attende frå offentleg ordskifte eller so skulde hetsen halda fram. Når Torheim bad um å få sjå prov for påstandane som Torbjørn Taranger kom med, so ynskte Taranger Torheim god natt.

Utilslørt trugsmål: Drag deg stilt og rolegt ut frå offentleg ordskifte i Nordhordland, elles skal hetsen mot deg halda fram.

I dagane som fylgde hev Torbjørn Taranger og partifelle Anna Nordlund vore yveralt på sosiale media og spreidd personretta hets mot Torheim. Torheim hev tilbode seg å møta Taranger til ein kaffikopp for å løysa flokane, men svaret frå Torbjørn Taranger er at han ikkje vil sosialisera med «neo-naziar» og at han vert kvalm av slike som Torheim.

Avviser dialog: -Eg blir kvalm av dine holdninger og hva du står for.

På ordskifteforumet «Utvikling av Alver kommune» fær Taranger endå ein gong uppmoding um å roa seg ned og taka imot tilbodet um ein kaffikopp med Torheim. Torbjørn Taranger svarar at han «[h]ar ingen behov for å snakke med noen av disse karakterene! Min agenda er at de ikke skal få et talerør og plattform inn i vår flotte kommune! Og da må noen si ifra, når de poster sin propaganda.»

Åtvarar mot veksande nazisme i Nordhordland

Etter å ha hetsa mot Torheim i ei heil veka i sosiale media, so rykkjer Torbjørn Taranger ut i Avisa Nordhordland på sundag 19. januar. Han hevdar at det er sterke nazistiske haldningar i kommunen og at han for fem år sidan fekk ein telefon som han upplevde som trugande. I avisuppslaget vert det berre vist til nokre Nordfront-kleistremerke som Torbjørn Taranger skal ha kome yver, men i kommentarfeltet varslar Taranger at det i neste umgang er fleire enn berre Nordfront som skal peikast ut som nazistar i nærmiljøet. Han uppmodar folk til å taka personleg kontakt slik at han kann fortelja kven dei er:

«Det beveger seg krefter i kommunen vår som er heilt uvirkelige og forferdelige. Og det er ikke bare Nordfront. Det vil komme frem tydelig hvem og hva dette er, etterhvert. Om noen vil vite. Ta gjerne kontakt. Men avslørte skal dei alle bli!»

Kommunal nazi-jeger: Taranger varslar at Nordfront er dei fyrste, men ikkje dei siste, som skal hengjast ut som «nazistar» i kommunen.

Spreider anonymt forfatta hetsartiklar

Nettstadene som Torbjørn Taranger spreider linkar til heiter Radikal Portal og Rationalwiki. Radikal Portal er ein venstrevriden aktivistblogg og Rationalwiki er eit vinstreekstremt «leksikon» med anonyme skribentar.

I båe høve sviv det seg um anonymt forfatta artiklar, utan kjeldor eller prov for påstandane som vert sette fram – og utan at Torheim hev fenge høve til å imøtekoma påstandane. Det når ikkje upp til nokon som helst slags presseetisk standard.

Ei anonymt forfatta smørje, full av udokumenterte påstandar som Torheim aldri fekk imøtegå, er grunnlaget for Taranger si nazi-ryktespreiding i lokalmiljøet.

Torheim: -Ingi kopling til Scandza Forum

Torbjørn Taranger og Anna Nordlund hevdar at Torheim hev «koplingar» til konferansen Scandza Forum, og dei freistar gjera eit stort nummer ut av dette. Scandza Forum skipa til sin fyrste konferanse i Oslo i juli 2017. Det skapte ei viss mediemerksemd, og Torheim gjorde grundig greida for si rolla i eit svarinnlegg i Dagbladet.

Torheim hev aldri havt nokor røynleg rolla i Scandza Forum, men i 2017 hjelpte han med å få Scandza Forum formelt registrert i Brunnøysundregistret. Dette var ein rein formalitet, og han hev sidan den gongen ikkje havt meir med Scandza Forum å gjera.

Torheim poengterar at han hadde lite kjennskap til fyredragshaldarane på Scandza Forum, men han var i 2017 viljug til å ta støyten for konferansen av di han ynskte at folk skulde ha full ytringsfridom i spursmål kring innvandring og globalisering.

Aktivist i Alver SV med dokumenterte koplingar til det militante nettverket Antifascistisk Aksjon

Ytringsfridom ynskjer derimot ikkje Torbjørn Taranger. Taranger si partifelle Anna Nordlund og Jane Nordlund frå Kvinneaktivistene hev vore med å samla inn pengar til motdemonstrantar som fekk 300.000 i bot for å ha freista stogga Scandza-konferansen i Oslo med makt. Nordlund var med på innsamlingsaksjonen so seint som i januar i år.

Anna Nordlund mobiliserar til innsamlingsaksjon for bøtelagde «antifascistiske»demonstrantar.

Den kommunistiske organisasjonen Tjen Folket, som forsvarar Stalin og Mao, med skrytebilete frå innsamlingsaksjonen. Anna Nordlund er lengst framme, i skinnjakka og med sladda andlet.

Ikkje glad i merkelappar

-Um ein med rasist meiner ein person som tykkjer at sume menneske ikkje skal ha dei same grunnleggjande menneskerettane som andre, eller som vil rangera folk ut frå rase, religion eller seksuell orientering, so er det synsmåtar som er milelangt burte frå min eigen ståstad, slær Torheim fast.

-Kor som er, so hev eg for lengst notert meg at «nazist» og «rasist» er vortne merkelappar som skal setjast på folk som steller spursmål ved visse vedtekne sanningar knytte til innvandring og globalisering, held Torheim fram.

-Dette er diverre dei venstreekstreme sin 2-trinns rakett for å få folk utdefinerte frå offentleg debatt. Fyrst nyttar dei seg av ryktespreiding og slarv til å få sett merkelappar på folk. Deretter nyttar dei desse merkelappane til å få folk diskvalifisert frå offentleg debatt um eit kva som helst slags emne.

-Eg ynskjer å stå for ytringsfridom. Torbjørn Taranger og Anna Nordlund står for det motsette. Dei hev samla inn pengar til demonstrantar som er bøtelagde for å stogga lovlege ytringar med makt. No freistar desse 2 aktivt å ta frå meg min ytringsfridom – med di dei vil hekta på meg merkelappar som skal diskvalifisera meg frå deltaking i eit viktig lokalt ordskifte.

-SV gjer den skitne jobben for Vest-Land Eiendom

-Utbyggingi på Midtmarka og Rotemyra er den største i Nordhordland nokosinne. Det kjem til å endra Nordhordland for alltid, og det er styrtrike investorar på Austlandet som haustar profitten.

-Eg stelte meg sjølv spursmålet fyre eg tok til å skriva um saki: Skal eg gjera dette? -Det er so mykje pengar inne i biletet at eg kunde ikkje rekna med ærleg spel. Men at SV skulde vera dei som gjorde den skitne jobben for storkapitalen, det hadde eg likevel ikkje fyrestelt meg, segjer Torheim upprådd.

Konsekvens av kommunesamanslåing

-Torbjørn Taranger og Anna Nordlund sin hetskampanje er forresten ein interessant konsekvens av kommunesamanslåingi millom Meland og Lindås:

-Den gamle kommunen var so liten at ein trass i meiningsskilnader laut møta kvarandre med respekt. Ein risikerte faktisk å møta kvarandre på butikken eller når ein skulde henta i barnehagen. No kann ein derimot sitja på trygg avstand i Eikangervåg og hetsa folk ein aldri hev møtt.

Etter ei veka med netthets so er det Taranger som vil ta saki til politiet…

-Og dessutan so handlar det um asymmetriske makttilhøve: Torbjørn Taranger sit i kommunestyret og han arbeider i kommunen. Han hev tilgang til eit stort apparat, og dette apparatet nyttar han til å gå etter einskildpersonar i eit lokalsamfund. Men so langt hev eg bite so godt frå meg at det faktisk er Torbjørn Taranger som freistar å spela offer-rolla. I det aller siste innlegget sitt so varslar han meg at han skal kontakta politiet. Det vert spanande å sjå um han gjeng frå ord til handling.

O. Torheim

Les ogso: Farvel Flatøy
Les ogso: Her byggjer dei bompengebyen
Les ogso: Skal ingenting få konsekvensar?