Kommunekrise, Corona-krise, politisk legitimitetskrise: Året då luftslotti brast

År 2020 tok til med at historiske fylke og tusundårgamle geografiske regionar, som Finnmark og Sogn og Fjordane, skulde viskast ut or soga. So kom corona-krisa og skapte det vegskiljet som trengst for å få nasjonal og lokal identitet attende på dagsetelen.  

Politikarane hadde lova gull og grøne skogar då dei skulde slå saman kommunar og fylke til «nye og meir robuste strukturar». Når folket vart spurt til råds og ikkje vilde ha det, so tvinga dei det igjenom likevel. Men både i Finnmark, i Sogn og Fjordane – og i det nye monsterkonstruktet «Viken» – hev folk enno ikkje gjeve seg.

Dei fagre politikarlovnadene synte seg som vanleg å vera tome ord, som til dømes i den nye Alver kommune i Nordhordland – der den ulmande økonomiske krisa i gamle Lindås kommune hev ført til massive kutt i både Meland og Radøy. I 2015 lova politikarane å kutta ut bustadskatt i den nye kommunen, men no som dei må spara 150 millionar på fire år so er det berre eit spursmål um tid fyre bustadskatten må attende.

Sjå dessutan:

Kommunereformi – mangelfullt ordførarskriv

Toppstyrd maktdemonstrasjon i Meland

Corona-krisa i mars: Tok du blå eller raud pilla?

I mars kom corona-krisa til Noreg, og for mange vart det til ei eksistensiell krisa med tvo val: På den eine sida so kunde ein velja å lulla seg endå meir inn i ein virtualisert eksistens med «sosial distansering» og «smittevern» som orsaking for å sleppa å bry seg. Og på den andre sida so var det ein ikkje so reint liten minoritet som tok til å opna augo sine. I vår var det til dømes fullstendig utselt for både setjepoteter og gulrøtfrø på alle hagesenter og Felleskjøpet-butikkar.

For sume hev «corona-krisa» ført til at ein kunde slappa av med heimekontor i staden for å sitja i rushtidskø inn og ut or byen. Men for andre hev det ført til at ein ikkje hev nokon jobb å gå til i det heile. Å finna seg ein ny jobb er helder ikkje lett, verksemder kvir seg for å tilsetja folk når alt er so uvisst.

Samstundes er det nok av uppgåvor som framleis må gjerast, og det at verksemder kvir seg for å tilsetja folk gjer at det hev vore meir enn nok å gjera for dei som er sjølvstendig næringsdrivande.

Den gongen skreiv me at stoda kunde vara ved til oktober, men enno er det ikkje slutt – um det nokon gong kjem til å taka slutt. På World Economic Forum tala dei openlyst um «The Great Reset», der corona-viruset skulde gje høve til ei grunnleggjande umstrukturering av verdsøkonomien og politikken. Ikkje so ulikt korleis 11. september 2001 var påskotet amerikanske neo-cons trong til å starta Irak-krig og fyrebu «den arabiske våren». For dei som sit med makti er alle store hendingar eit høve til å flytja fram posisjonane sine.

På mange måtar kunde Corona-krisa framstå som eit typisk døme på det som Sylvain Timsit kalla for «problem-reaksjon-løysing»: Ein skaper eit problem, slik at folket sjølve krev den «løysingi» som dei elles hadde sett seg til motverje mot. Skulde det syna seg at viruset er menneskeskapt, slik vaksineforskar Birger Sørensen hevda til Aftenposten, so byrjar bilætet å verta tydeleg: Ein slepper laus eit virus som er kunstig skapt i eit laboratorium, og etter månader med «sosial distansering» – ein kjend teknikk for å bryta ned viljestyrke – so skal ein få folk til å ta imot endå eit kunstig laboratorieprodukt med opne armar. Vaksineprodusentane hev sjølve skrive frå seg alt andsvar for innhaldet…

Under alle umstende kjem ein ikkje i frå den viktugaste lærdomen frå corona-krisa: Globaliseringi er ikkje irreversibel. Me veit aldri kva tid det er tryggast å halda seg heime. Det er dei småe og yversynlege strukturane som trengst når det røyner på – anten det er lokalsamfundet eller nasjonalstaten. Um ikkje Brexit i seg sjølv hadde vore grunn god nok til å få EØS-ordskiftet upp att på nyo…

Sjå dessutan:

Corona-viruset ristar liv i Noreg

Vindkraft: Frå lokal protest til nasjonal kamp

Mange problem er det mogleg å berre flytja i frå for dei som hev ressursane til det. Um ein bydel vert øydelagd av rusmisbruk og kriminalitet, so kjem dei ressurssterke familiane til å finna seg ein ny stad å vera. Medan åleinemori som gjeng på NAV ikkje hev anna val enn å liggja lågt i terrenget for å få vera i fred. Men med den massive vindkraftutbyggingi so er det heilt vanleg millomklasse som hev vorte sett på eit val: Vil ein godta at livskvaliteten i eige nærmiljø vert rasert eller vil ein segja i frå?

På Haramsøya hev Hans Petter Thue mobilisert eit heilt lokalsamfund til kamp mot den internasjonale vindkraftkapitalen, og med kampanjen «Ja til livskvalitet – nei til vindterror» hev han vore med på å gjera kampen mot vindmylnone til ein kamp mot heile det politiske systemet.

Det hev vorte ein kjedereaksjon av motstand: Haramsøya, Bremanger, Nordhordland. På heile Vestlandet hev det vore demonstrasjonar og vardebrann mot vindkraft.

Vardebrann mot vindkraft på Holsnøy.

Sjå dessutan:

-Dei er inntrengjarar! Kraftfulle protestar i Matre

Lokal og nasjonal kamp mot vindkraftindustrien.

Statsfinansierte partipolitikarar og massemedia i symbiose

2020 vart året då Big Tech stramma skruen. Jamvel i private meldingar på facebook og twitter vert meldingar sensurerte dersom ein freistar dela innhald som ikkje er godkjent av «faktasjekkarane».

Det byrjar verta so openbert at massemedia ikkje talar sant, difor sluttar folk å lesa dei. Og di færre som les dei, di meir pengar fær dei rett frå staten. Det er slutt på NRK-lisensen, i staden fær NRK 6 milliardar i året rett frå statsbudsjettet. Dagsrevyen feira nyss 60 år, og i det høvet kunde NRK sjølve fortelja at gjenomsnittsalderen på dei som ser programmet er komen upp i 60 år.

PRESSESTUDNAD TIL MEDSTRAUMSMEDIA: Di færre som les dei, di meir pengar fær dei rett frå staten.

2020 er soleides vorte året då det er viktugare å fylgja med på det som media ikkje skriv um enn å lata seg distrahera av alt det dei elles kjem med. Media hev freista mana fram ein latent sladrehank- og mobbe-mentalitet mot festande studentar og ferieturistar, men med unntak for eit Aftenposten-uppslag attum betalingsmur so hev ein lagt lok på det faktum at det var politikarane sjølve som etter press frå næringslivstoppar skapte den andre corona-bylgja i Noreg. På same måten som med Libya-krigen so vart lagnadstunge vedtak fatta per SMS, og i haust kom det heile 77 corona-fly med corona-positive framandarbeidarar som fekk koma rett inn i landet utan karantene.

Faksimilie frå Aftenposten 9. desember 2020.

USA-valet: Statskupp per postsending

Norske og internasjonale medstraumsmedia talar mantra-aktig um at «det finst ingen prov på valfusk» og dei hevdar at søksmåli frå Trump-kampanjen er vortne attendeviste i retten.

Fakta er at 18 amerikanske delstatar freista gå til høgsterett for å få umgjort resultati i dei fire vippestatane. Meiningsmælingar syner at minst helvten av amerikanarane trur det var valfusk. Med ein so grunnleggjande mistillit so hev heile systemet hamna i ei legitimitetskrisa.

Når ein veit at Demokratane i samrøre med FBI og CIA var viljuge til å fabrikera «prov» på russisk innblanding i 2016-valet, når ein veit at dei freista få Trump kasta i ei riksrettssak rett før veljarane sjølve kunde få sagt kva dei meinte, kvifor i alle dagar skulde ein tru at dei vilde lata Trump få vinna vippestatane på nett same måten som sist?

Med 74 millionar røyster so fekk Trump fleire røyster enn nokon annan sitjande president. Han fekk dessutan historisk høg uppslutnad frå kvinnor, svarte og latinos. Likevel skal ein ha oss til å tru at alle andre gjekk mann av huse, orsak, sat heime – og røysta Trump ned per post…

Det finst tonnevis med prov på at valet ikkje gjekk rett fyre seg, men rettsstellet hev systematisk nekta Trump-kampanjen å få leggja fram desse provi.

Når styresmaktene endra lovene og la til rettes for massiv valfusk med postsetlar, so vart søksmål avviste av di det enno ikkje var nokon som hadde lide noko tap. Og når valresultatet kom og vart tippa i Biden-favør med millionar av tvilsame postrøyster, so vart den skadelidande parten avvist av di det er «for seint» å koma med søksmål. Til slutt vart søksmålet til høgsterett frå dei 18 statane avvist av di dei «ikkje var part i saki».

Rettsstellet hev med andre ord ikkje avvist at det var massiv valfusk – for det hadde dei vorte nøydde til å konstatera dersom saki vart realitetshandsama. Dei hev berre nekta plent å ta i saki. Her kann ein godt draga ein parallell til vårt eige Noreg der Nei til EU freista saksøkja styresmaktene når dei grunnlovsstridig gav frå seg avgjerdsmakti i energipolitikk til ACER – og der retten i tvo instansar på rad hev avvist heile søksmålet av di Nei til EU ikkje er ein part i saki.

Korkje det norske eller det amerikanske folket er part i saki når dei vert fråstolne råderetten yver eige liv og framtid.

Noko anna er det helder ikkje å venta. Når populistpolitikarar det seinaste tiåret hev vunne uppslutnad både i Vest-Europa og i USA, so er det eit uttrykk for avmakt andsynes eit system som hev drege upp stigen etter seg. Det er ikkje i rettsstellet eller i statsbyråkratiet at protestrørslor hev maktbasen sin. Og med globaliseringi er det helder ikkje lenger i statsapparatet at den røynlege makti sit. Den røynlege makti er langt meir diffus – anten det gjeld mediemakt (big tech) eller økonomisk makt (Kina). Denne makti kann ein ikkje ta ved val, skal ein ha noko som ein skulde ha sagt so må ein sjølv skapa maktstrukturar.

Sjå dessutan:

Er USA ein bananrepublikk no?

Det ulmar i utkantane

Det som hender i USA er eit spegelbilæte på det som me hev i vente i vårt eige Noreg. Um ein ser på kartet yver valdistrikt i USA, so er mest heile landet raudt – med nokre blåe prikkar langs aust- og vestkysten. På landsbygdi liver ein framleis «the american way of life», men i byane hev både masseinnvandring og urban livsstil snudd um på levesett og livsverdiar.

Dersom Demokratane kjem til makti i USA, so kjem 15 millionar ulovlege innvandrarar til å få statsborgarskap, og soleides hev dei for alltid tippa balansen i deira favør. Ein bit ikkje handi som matar ein, og med den klientifiseringspolitikken som styresmaktene fører so hev ein sikra seg lydig røystekrøter.

Parallellen til Noreg er slåande: I utkantane kann ein få tokken av at livet gjeng sin vande gang, men kva hjelper det når storbyar som Oslo og Bergen endrar fullstendig karakter? Jamvel i Bergen byrjar den etniske og demografiske umdaningi å verta tydeleg, og med kommunereformi hev ein sikra seg at makti ligg i dei store sentri.

For dei som vil sjå so er bilætet tydelegt: Både geografisk og sosialt skal det sentraliserast. Dei store byane vert uppsamlingssenter av folk som i beste fall arbeider i det offentlege (kvinnor) og i verste fall lever på det offentlege (innvandrarar, uføretrygda). Slik kjøper systemet seg lojalitet. Rekningi fær dei som er ute i periferien og som må skapa dei verdiane som skal fordelast til eit stødt veksande klientell. Mangsyslarane, kalla ein dei før i tidi. Dei heterofile kvitpriviligerte cis-mennene, heiter det i vår tids «woke»-sjargong.

Under alle umstende hev bompengeupprøret synt oss at det finst ei smertegrensa for desse med…

Sjå dessutan:

LO i Bergen egla innvandrarungdom til åtak på politiet.

Målmannen hev aldri havt nokor tru på partipolitikk. Det undrar oss ikkje at Siv Jensen, som var med på Bilderberger-møtet i 2006, nylegt fekk reinska den nasjonalkonservative fløyen ut or Oslo FrP. At det var «populistane» Sylvi Listhaug og Per Willy Amundsen som laut gjera den skitne dolkestøyts-jobben er helder ikkje noko som yverraskar oss. Då FrP sat i riksstyret so var Listhaug si uppgåva å halda kjerneveljarane med tøft preik kring symbolsaker samstundes med at ho administrerte den største innvandringi til Noreg nokosinne. Og på berre eit tiår hev Oslo vorte so totalt umdana demografisk at «folk flest» røystar på dei politikarane som lovar dei mest NAV-pengar og velferdsmidlar…

Senterpartiet nærmar seg 50 prosent uppslutnad i Sogn og Fjordane, og det er historiske tal. Ikkje av di Senterpartiet hev kjempa serskilt hardt for fylket sitt, men av di folk i Sogn og Fjordane ikkje hev andre å gå til når dei ser at fylket deira vert teke frå dei. Um Senterpartiet vågar å ta den rolla som veljarane vil dei skal ha, det er ei onnor sak…

Målmannen reknar det generelt for ein god ting når luftslott og illusjonar gjeng i uppløysing. Slikt legg grunnlaget for sårt tiltrengd realitetsorientering.

Sikkert er det i alle fall at sentraliseringi, masseinnvandringi, covid-restriksjonane og bigtech-diktaturet i sosiale media hev lagt grunnlaget for eit svært spanande år 2021. Stay tuned, som det heiter på anglonorsk.

O. Torheim